Hareid historielag

Hareid historielag EI TID VA' Hareid historielag vart skipa 21.3.1974. Møtet vart halde på Hareid ungdomskule. Drivkrafta der var Ludvik N. Holstad. Adolf Brandal var også med.

Desse møtte: Alf Kvammen, Johan Måseide, Magnulv Bjørndal, Henrik Landmark, Inga Skarbakk, Edit Skarbakk, Severin Brandal, Fridtjof Hareide, Laurits Brandal og Einar Holm. Der var ein forløpar for Hareid historielag, nemleg den kommunevalde sogenemnda i Hareid, som eksisterte frå 1946 til 1971. Og arbeidet i nemnda gjekk svært godt så lenge han hadde helsa. Då han vart dårleg på synet, kom Magnul

v Bjørndal med i nemnda. Konstituerande styremøte i Hareid historielag vart halde 24.4.1974 heime hjå Henrik Landmark i Brandal. Det første styret i laget såg slik ut: Henrik Landmark formann, nestformann Norleif Holstad, kasserar Tore Nedrelid, sekretær Hans Røyset, styremedlem Einar Holm.

https://www.sunnmorsboker.no/boker/hareid/ei-tid-va-2025/💥Her kan du kjøpe årets utgåve av "Ei tid va'" - på nett. Sikke...
17/11/2025

https://www.sunnmorsboker.no/boker/hareid/ei-tid-va-2025/

💥Her kan du kjøpe årets utgåve av "Ei tid va'" - på nett.

Sikker vinnar under juletreet!🤩

I år kjem ”Ei tid va`” ut for 37.gong. Årsskriftet inneheld også denne gongen eit breitt utval av lokale historier, frå kyst til fjell, med ein sveip innom idrettsbana. Innhald: Aasta Teigene «Ein trenar som fekk stell på det» Fisk og ufisk Kvinner i lokal idrett Emma Ulset og Karl Alme, ...

💥Årets "Ei tid va' " har godt opplag på begge Norli-butikkane i Ulsteinvik!💥Dette er ei flott julegåve for den som har a...
15/11/2025

💥Årets "Ei tid va' " har godt opplag på begge Norli-butikkane i Ulsteinvik!
💥Dette er ei flott julegåve for den som har alt, men ikkje får nok av lokalhistorie frå Hareid!🤩

No er endeleg årskrifta ute igjen! Ei perfekt julegåve til dei som er interessert i lokalhistorie, frå Hareid!  I år kje...
09/11/2025

No er endeleg årskrifta ute igjen! Ei perfekt julegåve til dei som er interessert i lokalhistorie, frå Hareid!
I år kjem ”Ei tid va`” ut for 37.gong. Årsskriftet inneheld også denne gongen eit breitt utval av lokale historier, frå kyst til fjell, med ein sveip innom idrettsbana.

Innhald:

Aasta Teigene
«Ein trenar som fekk stell på det»
Fisk og ufisk
Kvinner i lokal idrett
Emma Ulset og Karl Alme, og borna deira
Morka-Johans og svarteboka
Hjellefolket 200 år på Hareid
Hareid barnestrykeorkester
Gamal vise
Historia om Bruk nr 1 på Store Alme
Troppstur til Holesanden
Minne frå barndomen
Skogplanting på Hareidlandet rundt 1960
Eit bilde fortel

Boka får du kjøpt
- Norli på Blåhuset i Ulsteinvik
- Norli på Amfi i Ulsteinvik.
- Hareid Folkebibliotek
- www.sunnmorsboker.no
Link: https://www.sunnmorsboker.no/boker/hareid/ei-tid-va-2025/

Dei som er medlem i Hareid Historielag kan være trygg på at boka allereie ligg i postkassa, , om ikkje - like rundt hjørnet

💥Historievandring💥 Søndag 21.09. kl. 1300.Hareid Historielag skal på vandring igjen, denne gongen til inst i Snipsøyrdal...
17/09/2025

💥Historievandring💥
Søndag 21.09. kl. 1300.

Hareid Historielag skal på vandring igjen, denne gongen til inst i Snipsøyrdalen. Der finn vi to historiske bygningar, eldste skulen på Hareidlandet og Nessetverket.

Vi startar på skulen der Marit Kvammen vil fortelje om utviklinga av skulevesenet frå omgangsskule til eigne bygg. Snipsøyr skule er det einaste attverande av desse første skulehusa på heile øya.

Skulen vart nedlagd i 1961, og vart sidan brukt som grendahus. Siste åra har der ikkje vore nokon aktivitet, skuleplassen heldt på å gro igjen og måling flassa av. Men så var det nokre av dalingane som ikkje ville sjå på dette lenger.

Når du kjem til vandringa komande søndag, kan du sjølv sjå kva som skjer der inne, utandørs. Innandørs kan du framleis sjå minna etter tidlegare undervisning.
Dalingane lovar også å ha klar kaffi og noko attåt.

Det er ca 2 km frå skulen til Nessetverket. Dei som likevel vel å bruke bil, finn parkeringsplassar i nærleiken.

Nessetverket stod ferdig i 1947, og var i drift heilt eller delvis til utpå 2000-talet. Tussa starta ei oppgradering av verket for eit par år sidan med å fornye rørgata frå vasskjeldene på fjellet. No er dei i full gang med å bygge på - eller snarare bygge nytt kraftverk. Sidan dette såleis er ein byggeplass, får vi ikkje kome inn i el-verket. Men utanfor skal vi få ei orientering om starten og utviklinga i denne viktige delen av el-forsyninga i Hareid.

Styret.


💥Hugs historievandringa i dag kl 13.00. Arkeolog Arve Eiken Nytun, tek oss med på ei flott vandring i eit område folk ha...
11/05/2025

💥Hugs historievandringa i dag kl 13.00. Arkeolog Arve Eiken Nytun, tek oss med på ei flott vandring i eit område folk har budd og levd i tusenvis av år. Vi går frå monumentet på Ovra til Hodr Hørungavåg Vikingsete.
Velkomne! 😀

08/05/2025

💥Her kan du sjå kva arkeolog Arve Eiken Nytun har å seie om historievandringa på Ovra, Hjørungavåg, søndag 11. mai kl. 13.00.

💥HISTORIEVANDRING PÅ OVRA, HJØRUNGAVÅG. - Søndag 11.05.25 Oppmøte ved monumentet på Overåsanden kl. 13.00Vi har fått med...
07/05/2025

💥HISTORIEVANDRING PÅ OVRA, HJØRUNGAVÅG. - Søndag 11.05.25

Oppmøte ved monumentet på Overåsanden kl. 13.00
Vi har fått med oss fylkesarkeolog Arve Eiken Nytun, der han fortel om dei store utgravingane og dei svært interessante funna som har blitt gjort her - og aktiviteten som har vore nettopp her i nærmare 1500 år. Dette er ei oppfølging av det svært interessant foredraget vi fekk av han på årsmøtet i mars, og no med utfyllande informasjon på staden Ovra, der alle funna har blitt gjort.
Nytun leier oss også vidare, og fortel undervegs opp mot gamlevegen/Pilskog - og framover mot Leira.
Kl. 14.30 får vi sleppe til inn i Hodr Hjørungavåg Vikingsete. Der vil han gå innpå det faglege og det historiske rundt langhusa og bygningane som vart funne spor av her i området.
Ole Frank Bakken frå Hodr Hjørungavåg Vikingsete, vil vere tilstades for spørsmål.
Det blir ikke servering denne gongen, men ta gjerne med termos og noko godt i sekken sjølv.

Dette blir ein flott tur der vi vandrar på same stadane som folk har budd og levd i massevis av år.

Velkomne.

Styret.

13/04/2025

Gode nyhende!
No har Hareid Historielag fått moglegheita til å laste opp denne spesielle filmen frå kvardagslivet på Hareid i 1965!
Denne filmen er litt av en kurositet!

Norleif Holstad som er opphavsmann til filmen, var ein flittig mann med kameraet sitt.
Ikkje minst med ei eiga evne til filme kvardagslivet, alle dei små tinga, personane og livet på gardane i Hareid.

Her har han gjort eit viktig dokumentasjonsarbeid, slik at vi no 60 år etterpå kan sjå både korleis Hareid såg ut på den tida og alle personane som han har lukkast med å få på film.
Dette er 40 min. med god kvalitet stumfilm, men rett nok sjelden fargefilm og mykje gode bygdefolk og lett gjenkjennelege stadar.

Filmen skulle eigentleg visast fram på årsmøtet i mars i år, men teknikken svikta, og vi måtte rett og slett utsette det heile.
Vi er no svært glade for at vi har fått moglegheita i staden å vise den fram her på Hareid Historielag sine sider i staden.

Kjenner du att nokon i filmen, så bruk gjerne kommentarfeltet og vis til filmtidspunkt. Gjerne med ei historie rundt det. :)
Då kan vi få enda meir god dokumentasjon og viktig informasjon om livet på Hareid før i tida.

Med løyve@Hareid Historielag 2025

Tysdag 11.03 var det Årsmøte/Ope møte i Hareid historielag, på Biblioteket på Hareid.Leiar i historielaget Marit Kvammen...
13/03/2025

Tysdag 11.03 var det Årsmøte/Ope møte i Hareid historielag, på Biblioteket på Hareid.
Leiar i historielaget Marit Kvammen tok ordet, og var veldig glad for alle dei frammøtte, og introduserte raskt det annonserte programmet.

Arkeolog Arve Eiken Nytun hadde eit veldig interessant, engasjerande og fagleg foredrag om dei store funna på Ovra, Hjørungavåg.
Mykje folk hadde møtt fram og dei fekk høyre om omfattande søk og graving etter gammal busetnad, og ny teknologi som gjorde at dei no har funne langhus, gravhaugar, tekniske funn og spor etter eit mogleg maktsentrum på Ovra i Hjørungavåg. Dette rett ved badestranda på Overåsanden!

Dei frammøtte fekk ei solid innføring i dei reint tekniske funna og arbeidet dei har gjort, og for ikkje å snakke om Nytun sitt personlege engasjement for nettopp denne omfattande funnstaden.
Alt dette fell tydelegvis i smak hos den lydhøyre forsamlinga, for i det han takka for seg og gjekk av scena, vart han møtt av den historieinteresserte forsamlinga som vil høyre enda meir om alt som har foregått rett ved sida "stovedøra" deira.

Årsmøtet vart avhelde på tradisjonelt vis med årsmelding, orientering om økonomi og val. Det vart også bestemt korleis årskrifta skal bli gjennomført i framtida.
Årsmøtet takka også Roger Korsnes som ikkje tok attval, for lang og god innsats i historielaget.

Styret for 2025 blir no sjåande slik ut:

Leiar: Marit Kvammen
Kasserar/reknskap: Hilde Brekke
Styremedlem: Jon Kåre Mork
Styremedlem Tom Henrik Nevstad
Styremedlem: Linda Haddal Røssevoll (ny)
Vara

11/03/2025

Årsmøte/ope møte startar no kl. 19.00.
Biblioteket på Hareid.
-Arkeolog Arve Eiken Nytun fortel om dei spennande funna og utgravinga på Ovra.
-Gammal film frå 1965 - Hareid blir synt fram på skjerm.
-Årsmøtesaker
-Enkel Servering

Vel møtt!

Adresse

Hareid

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid historielag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del