19/08/2026
Bli med på kurs i munnleg forteljing! 😃
Prestegarden Kulturhus i samarbeid med fleire lokale partnarar inviterer til kurs i munnleg forteljekunst på Sognhostel 18. og 19. september!
Kva går kurset ut på❓
Målsettinga med kurset er å oppdage forteljargleda!
Å trene på å rive seg laus frå teksten og berre fortelje. Å oppleve kontakt med dei som lyttar.
Når kurset er over, skal alle deltakarane ha ei historie dei kan fortelje.
Kurshaldarar er Anne Hungnes og Eva Maria Aagaard, som er erfarne forteljarar frå Midtnorsk Fortellerforum.
Dei seier følgjande om kurset:
"I løpet av desse to dagane vil vi jobbe med ulike øvingar for å verte kjende med kvarandre og med den forteljinga kvar enkelt arbeider med.
Vi vil stimulere fantasien og førestillingsevna for å levandegjere forteljingane.
Vi har ei leikande tilnærming til kropp, stemme, sansar og bileter for å skape gjensidig innleving for både forteljar og tilhøyrarar. Vi legg vekt på opplevinga av kontakt og felleskap.
Vi vil jobbe både i plenum, i mindre grupper og individuelt.
Vi tek med forteljingar som kan brukast, men viss du har ei eigen eller lokal forteljing eller ei segn frå gamle dagar, kan du gjerne jobbe med den!"
Målgruppe for kurset:
Alle som har lyst til å lære meir om å fortelje, og som er interessert i munnleg forteljekunst. Dei som driv med formidling for born eller vaksne, som jobbar i barnehage, skule eller SFO. Foreldre og besteforeldre.
Kort sagt, alle som har noko dei har lyst til å fortelje!
Pris: kr 950,- (gratis for deltakarar under 18 år)
Tid: Fredag 18. og Lørdag 19. september 2026
Kl 18.00-21.00 og kl 10.00-16.00
Stad: Sognhostel
Påmelding innan 10. september til [email protected],
eller Frøydis Akse, mob 48 19 49 98.
Meir informasjon kjem!
Kontakt gjerne Prestegarden Kulturhus v/Carla eller Frøydis viss du lurer på noko!😊