Museumssamlingane på Masfjordnes / Sandnes

Museumssamlingane på Masfjordnes / Sandnes SOMMARSCENA
Arrangement ved Kvamsdals fargeri & Masfjorden båt- og sjøbrukssamling
Elles har museumssamlingane ope sundagar kl 13-17 frå 25.06-27.08. Rasmus N.

Omvisningar. MASFJORDEN BÅT- OG SJØBRUKSSAMLING
Utstillinga i nothuset på Sandnes består av tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen. Dei omfattande båt- og sjøbruksregistreringane frå 1990-talet gjer at me har god oversikt over båtar og reiskapar som er brukte og / eller bygde her. Me er glade for å kunna presentera eit breitt utval av samlinga i utstillinga. Folk i Nordho

rdland har i alle år levd av og med sjøen og jorda. I dag kan det vera vanskeleg å førestella seg kor viktig båten har vore opp gjennom tidene. Frå over tusen år tilbake har fjorden vore veg og næringsveg, her som elles langs norskekysten. No for tida lever dei fleste av oss heilt ”uavhengig” av sjøen - oftast berre nytta til fritidsaktivitetar. Me har vegar på land, bruer og så ferjer då! Det er verdt å tenkja på historia som ligg bakom dei gamle båtane -
det tradisjonelle levesettet, og erfaringane som har gått i arv og blitt vidareutvikla gjennom generasjonar. Det ligg ikkje lenger enn ein mannsalder bak oss. KVAMSDALS FARGERI
- vart oppretta i 1889. Kvamsdal (1868-1937) og sonen Martinus Kvamsdal (1898-1982) dreiv fargeriverksemd i ei tid med ei rivande utvikling på mange område i samfunnet. Frå gamalt av vart ulla foredla på gardane, og det meste av tekstilane var heimeproduserte. Til ein viss grad gjaldt dette farging av tråd og tekstilar også, men det var denne delen av framstillingsprosessen som fyrst vart sett bort til spesialistar. Etter kvart tok fargaren over, ikkje berre farginga, men også stamping, loing og ferdiggjering av dei heimevovne tekstilane. Kundane leverte halvfabrikata i fargeriet, og henta heim ferdige vadmålsstuvar og teppe. I tillegg til dette vart det farga ein del garnhesper,- større parti kom m.a. frå Kvinge Ullvarefabrikk i Austfjorden, ull og filler. Klesplagg; dressar, frakkar, drakter og kåper var det mykje av. Klede vart også berre reinsa i fargeriet. Den siste tida hadde dei også ferdige fargar for heimebruk til sals.

Adresse

Masfjorden

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Museumssamlingane på Masfjordnes / Sandnes legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del