Det Historiske Tunet På Lyngheim

Det Historiske Tunet På Lyngheim Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Det Historiske Tunet På Lyngheim, Historisk museum, Steinneset 47, Os.

29/03/2026

UTSOLGT: 𝐒𝐓𝐄𝐈𝐍𝐀𝐑 𝐎𝐆 «𝐃𝐄𝐓 𝐔𝐌𝐔𝐋𝐈𝐆𝐄 𝐋𝐀𝐍𝐃𝐄𝐓»

Det var ikkje alle som fekk plass på foredraget med Steinar Birkeland, så no får du ein ny sjanse tirsdag 14. april kl 19.00.

Steinar var programleiar i TV-serien «Det umulige landet», sendt på NRK første gong i 2019. Serien fekk eit stort publikum. Den fortel historier bak ferdselsvegar i Noreg, eit av dei mest uframkommelege land i verda. No inviterer vi til ein kveld i Lemstova der Steinar viser klipp og fortel nokre av sine favoritt-historier frå Det umulige landet.

Billettprisen er kr. 250. For å sikra deg billettar, ta kontakt med Astrid Dale på telefon eller sms – 926 82 933. Eller på e-post: [email protected].

Enklaste måten å betala på er å vippsa pengar til Stiftinga Lyngheim – 95680. Du kan og betala direkte til vår konto 3633.31.79568. Men hugs å registrera deg hos Astrid, slik at vi veit når vi må setta strek for påmelding. Skriv og kva arrangement påmeldinga gjeld.

Foredraget startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

Beste helsing Magne Brekke, Leiar Stiftinga Lyngheim og Hans Tore Røttingen, Leiar Vener av Lyngheim

Fullt hus på Lyngheim i går kveld. Ein engasjert Steinar Birkeland trollbatt publikum med si sterke formidlingsevne og e...
27/03/2026

Fullt hus på Lyngheim i går kveld. Ein engasjert Steinar Birkeland trollbatt publikum med si sterke formidlingsevne og eit særs spennande kåseri om "Det umulige landet"
For dei som ikkje fekk plass kjem det no ei ny mulighet tirsdag 14. april kl 19.00

04/03/2026

𝐃𝐞𝐭 𝐮𝐦𝐮𝐥𝐢𝐠𝐞 𝐥𝐚𝐧𝐝𝐞𝐭🏔️🇳🇴

Vi går nye vegar på Lyngheim, og inviterer til eit foredrag ved Steinar Birkeland.

Steinar var programleiar i TV-serien «Det umulige landet», sendt på NRK første gong i 2019. Serien fekk eit stort publikum. Den fortel historier bak ferdselsvegar i Noreg, eit av dei mest uframkommelege land i verda. No inviterer vi til ein kveld i Lemstova der Steinar viser klipp og fortel nokre av sine favoritt-historier frå Det umulige landet.

Foredraget startar kl. 19, men kom gjerne litt før – vi byr på kaffi og noko attåt og ein god prat frå kl. 18. Som vanleg minner vi om at den beste måten å koma til Lyngheim på, er til fots.

12/02/2026

Spellemann er tilbake på NRK, og vi er med!

10/02/2026

Konserten med Bare folk er utseld. Det er veldig hyggeleg at interessa har vore så stor. Vi kjem tilbake med annonsering av ny konsert snart - den finn stad 10. mars! Velkomen! 🥰

På Lyngheim kan du leige lokale som passar både til møte, samlingar og festlege lag. Besøk heimesida vår på www.lyngheim...
26/11/2025

På Lyngheim kan du leige lokale som passar både til møte, samlingar og festlege lag. Besøk heimesida vår på www.lyngheim.no, eller ring Magne Brekke på telefon 901 64 179. Vi tilbyr rimelege leigeprisar – og eit lokale med historisk sus.

06/11/2025

Konserten på tirsdag 11. november er utseld! Vi skulle gjerne hatt fleire billettar å selja, men har ikkje plass. Meld deg inn i Vener av Lyngheim, og bli blant dei første som får innbyding til intimkonsertane! 🥰

Gå ikkje glipp av konserten på Lyngheim 11. november!Tim Edey er ein engelsk multiinstrumentalist og komponist frå Engla...
04/11/2025

Gå ikkje glipp av konserten på Lyngheim 11. november!
Tim Edey er ein engelsk multiinstrumentalist og komponist frå England, og som no bur i Perthshire, Skottland.

I 2012 vart han kåra til «Årets musikar» ved BBC Radio Folk Awards og, saman med Brendan Power, «Beste duo». Han fekk òg prisen «Musician of the Year» ved MG Alba Scots Trad Music Awards i 2020.

Edey har vorte skildra som eit «instrumentalt geni». I tillegg til å syngje spelar han gitar, trekkspel, piano og tinnfløyte. "Wriggle and Writhe", samarbeidet hans med den newzealandske munnspelaren Brendan Power, vart ifølgje Colin Irwin, som melde albumet for BBC, «eit av dei meir fargerike folkemusikkalbuma i 2011, frå eit par ekte virtuosar».

Edey turnerte med The Chieftains på USA-turneen deira i 2014 og på Japan-turneen i 2017. Her kan du sjå Tim Edey:

Talented solo artist, Tim Edey, serenades the audience with a song for Joella Foulds at the Grand Finale of Celtic Colours in Sydney, Cape Breton, Nova Scoti...

Adresse

Steinneset 47
Os
5200

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Det Historiske Tunet På Lyngheim legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Det Historiske Tunet På Lyngheim:

Del