Sunnmøre museum

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Sunnmøre museum Sunnmøre museum i Ålesund er eit idyllisk friluftsmuseum med ei stor samling bygningar frå heile Sunnmøre.

Her får du forteljinga om bondesamfunnet, kystkulturen og mellomalderen.

25/09/2026

Dyktige båtbyggjar Ragnvald høgg ei spunning – sporet langs stammen der borda i båtsida blir felte inn.

Denne skal brukast på doryen (lettbåten) som no blir bygd til fiskekuttaren MK Heland

Gå ikkje glipp av foredraget «Per Ratvik. Odelsgut, Lingemann og krigskronikør», søndag 27. september! Høyr historikar O...
22/09/2026

Gå ikkje glipp av foredraget «Per Ratvik. Odelsgut, Lingemann og krigskronikør», søndag 27. september!

Høyr historikar Oddbjørn Hofseth fortelje mellom anna om korleis Per Ratvik frå Ålesund/Borgund arbeidde som Lingesoldat i krigsåra.

Bilde 1: Lingeboka med propagandagjengen. Ratvik er nummer to frå venstre. Den andre verdskrigen førte med seg ein heilt ny type krigføring, som gjorde at ein trong ein ny type soldatar. Her ser vi Kompani Lingesoldatar (i sivil!) som førebur propagandamateriell i UK som skal sendast til det okkuperte Noreg. Foto: Kompani Linge bd. 1 (Gyldendal 1948)

Bilde 2: Korleis var det å bu og leve i London under og etter den andre verdskrigen? Ratvik var hausten 1945 korrespondent for Sunnmørsposten i London, og skreiv om opplevingane han hadde i London i den nære etterkrigstida, og samanlikna desse med livet han levde i krigsåra i verdsmetropolen. Ill: Sunnmørsposten 20. september 1945

Tid: Søndag 27. september kl. 13.00
Arr.: Sunnmøre Museumslag
Inngang: Kr 100. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag

Ålesund og omegn hagelag inviterer til inspirasjonskveld med Eivind Bjørkgård Moe  på Sunnmøre museum! Tysdag 22. septem...
21/09/2026

Ålesund og omegn hagelag inviterer til inspirasjonskveld med Eivind Bjørkgård Moe på Sunnmøre museum! Tysdag 22. september kl. 18.00 deler han sine erfaringar om korleis du skapar ein frodig hage full av blomstring, djupne og god utnytting av plassen – anten du har ein liten terrasse eller ein stor hage.

Sjåast på Sunnmøre museum til ein triveleg kveld full av hageglede!

Foto: Eivind Bjørkgård Moe

18/09/2026

No kjem hausten, og vi inviterer inn til varmande, rykande fersk suppe i kafeen!
​Velkomen inn i varmen!

18/09/2026
🗓️ Haustens første foredrag! Søndag 27. september ønskjer Sunnmøre Museumslag velkomen til foredraget«Per Ratvik. Odelsg...
11/09/2026

🗓️ Haustens første foredrag! Søndag 27. september ønskjer Sunnmøre Museumslag velkomen til foredraget«Per Ratvik. Odelsgut, Linge-mann og krigskronikør», ved historikar og grandnevøen til Ratvik, Oddbjørn Hofseth.

Per Ratvik frå Ratvika gjekk frå å vere gardbrukar utan militær bakgrunn til å bli motstandsmann og soldat i Kompani Linge under andre verdskrigen. Etter teneste i Nortraship i London deltok han i hemmelege oppdrag i det okkuperte Noreg.

👉 Velkomen til foredrag 27. september kl. 13.00

Inngang: kr 100. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag.

Bilde 1: Hofseth har bygd opp eit omfattande arkiv etter grandonkelen, og arbeider no med ein biografi om han. Foto: Privat

Bilde 2: Linge-soldatar som var på oppdrag i det okkuperte Noreg hadde strengt forbod mot å føre dagbok. Då Per Ratvik låg i skjul på oppdrag i Fjordane, førte han likevel ein kryptisk 7. sans som gir eit mystisk og uforståeleg innsyn i kvardagen som commandosoldat som jobba i det skjul for okkupasjonsmakta. Foto: Privat

✨ Hus og tun fylte med ivrige elevar!🌟 Aktivitetsdag! Elevar frå Larsgården skole utforskar museet gjennom leik og lærin...
08/09/2026

✨ Hus og tun fylte med ivrige elevar!

🌟 Aktivitetsdag! Elevar frå Larsgården skole utforskar museet gjennom leik og læring 💪

🌟 Innovasjonscamp! Elevane frå Borgund videregående skole utviklar nye og kreative idear med utgangspunkt i museet 💡

Foto: Siw Solvang / Viti

🦊 Har du fått med deg utstillinga «Pelstid»? Her er mykje å utforske og oppdage – for både små og store! Bli kjent med d...
01/09/2026

🦊 Har du fått med deg utstillinga «Pelstid»? Her er mykje å utforske og oppdage – for både små og store!

Bli kjent med den om lag 100 år lange historia til norsk pelsdyravl – ei næring fylt av kontrastar.

Ope måndag–søndag kl. 10–17

Foto: Kristin Støylen

Med hjartet for kultur og menneske i heile landet. ❤️ Takk for alt, kong Harald.Bilete 1: Hans Majestet kong Harald på b...
28/08/2026

Med hjartet for kultur og menneske i heile landet. ❤️ Takk for alt, kong Harald.

Bilete 1: Hans Majestet kong Harald på besøk på Jugendstilsenteret, i samband med statsbesøk til Ålesund i 2011.

Bilete 2: Kong Harald, Litauens president, Dalia Grybauskaitė og Ålesunds ordførar, Bjørn Tømmerdal.

Bilete 3: Kong Harald og president Dalia Grybauskaitė på byvandring med guide Sidsel Waage Aurdal.

Bilete 4: Direktør Nils Anker og formidlar Ingvil Eilertsen Grimstad førebur statsbesøket.

Foto: Jugendstilsenteret

🌟 Har du lyst til å kople av frå skjermen og skape noko med hendene? Då blir du med Trevl på ein kjekk og nybyrjarvennle...
21/08/2026

🌟 Har du lyst til å kople av frå skjermen og skape noko med hendene? Då blir du med Trevl på ein kjekk og nybyrjarvennleg workshop med Polymer Clay, leia av dyktige Martyna Jaskiewicz!

🗓️ Onsdag 26. august kl. 17.30 – 19.30
📍Åkre bedehus, Sunnmøre museum.
🎟️ Gratis! Obligatorisk påmelding grunna avgrensa plassar! Meld deg på - sjå lenke i bio/ arrangement

Dette er eit lågterskelkurs for deg som vil lære grunnleggjande teknikkar i forming med leire. Du lærer å lage alt frå søte små figurar til unike, dekorative gjenstandar du kan ta med deg heim.

Du treng ingen forkunnskapar – vi stiller med alt av utstyr og god stemning!



Foto: Trevl

Adresse

Museumsvegen 12
Ålesund
6015

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 17:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 17:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4770239000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sunnmøre museum legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Sunnmøre museum:

Snarveier

Del

Kategori