Fiskerimuseet

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Fiskerimuseet På Fiskerimuseet finner du historien om utviklingen av fiskeriene og foredlingsarbeidet på land.

Fra det første "napp" rett utenfor stuedøren hjemme til dagens høyteknologiske fiskefartøy, med hjemmeadresse Ålesund og Sunnmøre, og arbeidsfelt på alle verdens hav. Fiskerimuseet ligger i Moloveien og er et av få gjenværende hus etter bybrannen i 1904. Her fortelles historien om hvordan Møre og Romsdal ble nasjonens ledene fiskerifylke.

Velkomen til familiedagen i Molovegen kl 12-15 idag.På Fiskerimuseet kan du bli med på ei familieomvising, gå på oppdagi...
20/09/2026

Velkomen til familiedagen i Molovegen kl 12-15 idag.
På Fiskerimuseet kan du bli med på ei familieomvising, gå på oppdagingsferd med aktivitetsheftet «Hamneinspektøren» rundt museet og langs Moloen.

I verkstaden i 2. etasje kan de brette papirbåtar, knyte knutar, byggje putefyrtårn eller slappe av i lesekroken.

​Vi gleder oss til å sjå små og store til ein kjekk dag!

Meir informasjon om arrangementet gå inn på lenkje i bio / Familiedag i Molovegen.

25/08/2026

Fiskerimuseet inviterer publikum til å vere med og segle bankskøyta Storeggen, ein kopi av ei ålesundsk fiskeskøyte frå 1890-åra. Med full seglføring har skøyta sju segl, akkurat som då fiskarane brukte henne til å hente inn fangsten.

Dette er turen for deg som vil oppleve korleis det var å segle ei gaffelrigga fiskeskøyte. Du treng ikkje kunne segle frå før, men du må kunne ta i eit tak. Vi går frå Fiskerimuseet, ut Molja og dit vinden tek oss.

Tidspunkt:
28. august kl. 18–21
29. august kl. 13–16

På- og avmønstring: Fiskerimuseet
Maks 12 passasjerar
Oppmøte 15 minutt før avreise!

Viti heiar fram landslaget med vårt eige historiske draumelag frå Sunnmøre! ⚽️ Spelarane er henta frå kunst, kultur og n...
26/06/2026

Viti heiar fram landslaget med vårt eige historiske draumelag frå Sunnmøre! ⚽️

Spelarane er henta frå kunst, kultur og næringsliv – profilar som har sett varige spor i historia.

Les heile laget vårt på smp

Sunnmørsposten

Viti heiar fram landslaget med vårt eige historiske draumelag frå Sunnmøre! ⚽️ Spelarane er henta frå kunst, kultur og n...
26/06/2026

Viti heiar fram landslaget med vårt eige historiske draumelag frå Sunnmøre! ⚽️

Spelarane er henta frå kunst, kultur og næringsliv – profilar som har sett varige spor i historia.

Les heile laget vårt - lenke i kommentarfeltet

Takk til alle dei herlege frivillige som var med på tur i helga! Heland og Storeggen la turen innom Bjørnsund. I tillegg...
21/06/2026

Takk til alle dei herlege frivillige som var med på tur i helga! Heland og Storeggen la turen innom Bjørnsund. I tillegg til godt selskap og fine opplevingar, fekk vi brynt oss på litt praktiske oppgåver undervegs. Mellom anna vart det god trening i å senke toppmasta!

Laurdag 6. juni kl. 18 inviterer Aalesund Folk Festival,  i samarbeid med Viti til konsert med Jorun Marie Kvernberg og ...
02/06/2026

Laurdag 6. juni kl. 18 inviterer Aalesund Folk Festival,  i samarbeid med Viti til konsert med Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal! Konserten er den fjerde i serien «Folk i Aalesund».

Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal har dei siste åra utvikla eit tett og spanande duosamarbeid, der folkemusikk og kunstmusikk møtest på ein måte som kjennest både sjølvsagt og overraskande.

 I samspel og arrangement spelar dei på kvarandre sine sterke sider: det rytmiske drivet, dei små nyansane og den munnlege tradisjonen frå folkemusikken, og det klanglege, dynamiske og virtuose frå kunstmusikken.

Dei historiske omgjevnadene på Fiskerimuseet skaper ei intim og stemningsfull ramme rundt konserten, og legg til rette for ei nær musikalsk oppleving.

#

17/04/2026

Laurdag 18 april kl 12-14 inviterer vi små og store til open båt på den staselege bankskøyta Storeggen av Aalesund, som i desse dagar ligg ved kai i Volda.

Ta med familie og vener, kom om bord og opplev denne historiske skøyta på nært hald.

Vi byr på kjekk båtprat, utforsking av skøyta – og moglegheit til å prøve hengekøyene under dekk!

Velkomen - vi gler oss til å sjå deg!

07/04/2026

Storeggen av Aalesund skal dei neste to vekene ta imot elevar frå Voldaskulen. Vi gler oss!

Film: Frode Pilskog/Viti

Adresse

Fiskerimuseet, Moloveien
Ålesund
6004

Åpningstider

Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 11:00 - 16:00

Telefon

+4770239000

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Fiskerimuseet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Fiskerimuseet:

Snarveier

Del