Bø Museum

Bø Museum Bø Museum ligg på Oterholt om lag to km frå Bø sentrum. Her finn du folkemusikk og telemarkskultur. Her lét hardingfela ofte både innomhus og utandørs.

På vakre Kvennøya i Bøelva kan det hende at du får oppleve ei eventyrstund om du kjem forbi. Ein dag på Bø Museum inneheld både natur- og kulturopplevingar. Oterholt var den første handelsstaden og bygdesenteret i Bø. Landhandelen Åheim frå 1898 er komplett med pakkbu, eldhus og bustad. Frå gamalt av blei staden kalla ”tatergata”, her var folkeliv, handel og vandel. Faste utstillingar på Bø Museum

er hardingfeler, felemakarverkstad, folkedrakter, handverk m m. På museumsområdet ligg også Åsestugo, eit vakkert 1700-talshus med rosemåla interiør. Kvennøya er ein del av museet og her finn du husmannsplass med stugu, fjos, lugu, badstugu og smie. Kvennøya blei kåra til det viktigaste friluftsområdet i Bø kommune i 2007 og er kommunen sin tusenårsstad. Like ved er det badeplass og fiskemoglegheiter.

Museet har hatt besøk av Torhild Aavik og Marthe Haugerud, som arbeider med dokumentasjon av firfletting og har kledd Ås...
05/05/2026

Museet har hatt besøk av Torhild Aavik og Marthe Haugerud, som arbeider med dokumentasjon av firfletting og har kledd Åsestugo vakkert i «husbunad». Tjelda høgsete til bryllaup, sendingsklede, kisteklede og likkross. Silje Ensby frå Norsk håndverksinstitutt har filma det heile. Takk til alle for dokumentasjon og kunnskapsformidling av ein gløymt tradisjon.

Ingebjørg Strand og Tom Arnesen har skrive nye artiklar frå Bø museum på Digitalt museum. Lenker i kommentarfeltet.
10/03/2026

Ingebjørg Strand og Tom Arnesen har skrive nye artiklar frå Bø museum på Digitalt museum. Lenker i kommentarfeltet.

God jul og godt år!
23/12/2025

God jul og godt år!

Veldig hyggeleg og vel fortent! Bergit gjer ein kjempejobb for museet, året rundt. Lenke i kommentarfeltet.
18/12/2025

Veldig hyggeleg og vel fortent! Bergit gjer ein kjempejobb for museet, året rundt. Lenke i kommentarfeltet.

Trass i travel førjulstid - det kom folk frå fjern og nær for å høyre Torgeir Straand spela og fortelje om Anund Roheim ...
11/12/2025

Trass i travel førjulstid - det kom folk frå fjern og nær for å høyre Torgeir Straand spela og fortelje om Anund Roheim og andre norskamerikanarar på pakkbua i kveld. Takk til alle som kom! Takk også til alle som har møtt fram på arrangementa våre dette året, og til alle som har bidratt på ymse vis elles, med dugnadsinnsats og anna. Utan dykk kan me ikkje drive museum! Og akkurat i kveld: Ein særleg takk til Torgeir for eit både morosamt og interessant program.

Ein flott haustdag på museet laurdag! Ute kunne me nyte haustsola og ein kaffikopp, inne tok Terje Lia oss med på ein ru...
28/09/2025

Ein flott haustdag på museet laurdag! Ute kunne me nyte haustsola og ein kaffikopp, inne tok Terje Lia oss med på ein runde i folkedraktutstillinga. Med god hjelp av Hedvig Juell, som for høvet var kledd i eit av Terje sine produkt, gav han oss både ny kunnskap og inspirasjon. Her blei plagga gått etter i saumane! Ikkje fritt for at det klødde litt i symusklane etter denne runden.😊

Museet har hatt besøk av Flesberg historielag, som var på kulturtur til Bø. Dei starta med omvising i Bø gamle kyrkje, f...
21/09/2025

Museet har hatt besøk av Flesberg historielag, som var på kulturtur til Bø. Dei starta med omvising i Bø gamle kyrkje, før turen gjekk til Oterholt. Hos oss var det føremiddagsmat på Polen med orientering om bygningar, samlingar og aktivitetar, og deretter ein runde rundt i alle hus før turen blei avslutta på Kvennøya, der bildet er tatt. Takk for hyggeleg og interessant besøk!

Eit verdig punktum for sommarsesongen – det sørga desse karane for! Torgeir Straand og Einar Øverland stilte i «museumsk...
27/07/2025

Eit verdig punktum for sommarsesongen – det sørga desse karane for! Torgeir Straand og Einar Øverland stilte i «museumskonsertuniformen» og gav eit kunnig publikum i ei fullsett pakkbu på Åheim det dei kom for – gode historier og godt spel. Da kan det regne så mykje det vil utanfor! Einar har til og med fått glorie på bildet, og det er vel fortent. At det var suppe på menyen i museumskafeen denne dagen (takk til Atle suppekokar!), var det også mange som sette pris på.
Takk for i sommar, og vel møtt til arrangement utover hausten!

Det blei ein fin demonstrasjon av sliping på museet sist søndag, og fleire fekk prøve seg og fekk gode tips med seg heim...
21/07/2025

Det blei ein fin demonstrasjon av sliping på museet sist søndag, og fleire fekk prøve seg og fekk gode tips med seg heim. Hans Strand kan kunsten!
Søndag 27. juli avrundar me sommarsesongen kl. 17.00 med programmet "Slåttar frå Seljordshei til Oterholt" med Einar Øverland og Torgeir Straand. Da kan du også få kjøpt suppe i museumskafeen frå ca kl 13.00, og det blir sommarens siste sjanse til å sjå utstillinga. Med andre ord fleire gode grunnar til å bruke dagen på Bø museum!

Adresse

Oterholtvegen 148
Bø I
3802

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bø Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Bø Museum:

Del