Tekstilindustrimuseet

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Tekstilindustrimuseet Eit spanande freda nasjonalt industriminne som fortel deg om vår nære industrihistorie. Museet held til i Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) sine lokale.

Salhus Tricotagefabrik (1859 -1989) er i dag eit av 15 nasjonale industriminna som Riksantikvaren prioriterer. Museet opna i fabrikklokala i 2001. Bli med på omvising i strikkefabrikken (kvar heile time). Høyr om produksjonen medan me demonstrerer maskiner. Sjå filmen "Det var ein gong ein fabrikk" (25 min.). Ei omvising i Salhus Tricotagefabrik tek mellom 30 og 45 minutt. Det er berre tilgang til fabrikken med guide. Sjå våre skiftande utstillingar i Galleri Salhus eller stikk innom museumsbutikken. Vi tilbyr aktivitetar for barn og kafé med heimelaga rundstykke, kaker og vaflar. Tekstilindustrimuseet er eit av musea i Museumssenteret i Hordaland. https://www.facebook.com/pages/Museumssenteret-i-Hordaland/148336378547085?fref=ts

OPEN UTSTILLING, MUSEUM OG KAFÉ ☕Utstillinga Avtrykk av Inger-Johanne Brautaset er ope fredag 18. sept kl. 11-15 og sønd...
14/09/2026

OPEN UTSTILLING, MUSEUM OG KAFÉ ☕

Utstillinga Avtrykk av Inger-Johanne Brautaset er ope fredag 18. sept kl. 11-15 og søndag 20. sept kl.12-17 (siste dag).

Krone kafé er open, så du kan kombinere kunstopplevinga med ein god lunsj.

Om utstillinga:
Kunstnar Inger-Johanne Brautaset presenterer arbeid som utforskar spor, minne og tilknyting til stad og materiale. Gjennom tekstile uttrykk, handverk og kunstnariske prosessar inviterer ho publikum til å sjå nærare på korleis menneske, natur og historie set avtrykk i kvarandre over tid.

Foto: Thor Brødreskift

Legg søndagsturen til Salhus! Søndag 13. september er det nabodag og GRATIS inngang på museet, på omvisinger og på utsti...
12/09/2026

Legg søndagsturen til Salhus!

Søndag 13. september er det nabodag og GRATIS inngang på museet, på omvisinger og på utstillingar for ALLE!

Program:
• Omvising i fabrikken kl. 13.00 og 15.00
Bli med inn i den historiske tekstilfabrikken og opplev maskinane i drift.

• Kunstnaromvising i Galleri Salhus kl. 14.00
Bli med på omvising i Avtrykk med kunstnar Inger-Johanne Brautaset. Sjå utstillinga til Inger Johanne Brautaset, som arbeider med tekstil, materiale og forteljingar knytte til stad og identitet.

• Barnas fabrikk!
Ta med barna på oppdagingsferd i fabrikken! Leit etter sauen Bæændik og prøv vår fabrikkbingo.

• Kulturmiljøet i Salhus
Utforsk miljøet rundt fabrikken, og bli betre kjend med kvardagslivet i det historiske fabrikkmiljøet.

• Kreativitetsbord kl. 12.00–17.00
Prøv enkle og kjekke aktivitetar på bordet på spoleloftet.

• Søndagsmiddag i Krone kafé kl. 12.00–17.00
Denne dagen serverer kaféen rustikk oksegryte med tilbehør.

Velkommen til ein triveleg dag!

Sikre deg gratis billett til omvising her: https://booking.duell.no/stiftinga-museumssenteret-hordaland/standard/event/omvisning-i-salhus-tricotagefabrik-8086

Velkomen til utstillinga Avtrykk i Galleri Salhus!I denne utstillinga presenterer kunstnar Inger-Johanne Brautaset arbei...
10/09/2026

Velkomen til utstillinga Avtrykk i Galleri Salhus!

I denne utstillinga presenterer kunstnar Inger-Johanne Brautaset arbeid som utforskar spor, minne og tilknyting til stad og materiale. Gjennom tekstile uttrykk, handverk og kunstnariske prosessar inviterer ho publikum til å sjå nærare på korleis menneske, natur og historie set avtrykk i kvarandre over tid.

Opningstider:
Fredag 11. september kl. 11.00–15.00
Søndag 13. september kl. 12.00–17.00 (gratis inngang!)
Fredag 18. september kl. 11.00–15.00
Søndag 20. september kl. 12.00–17.00 (siste dag med kunstnarsamtale)

Krone kafé er open alle dagane, så du kan gjerne kombinere kunstopplevinga med ein god lunsj.

Foto: Thor Brødreskift

Velkomen til nabodag søndag 13. september!Denne dagen er det gratis inngang for alle, og vi inviterer store og små til å...
10/09/2026

Velkomen til nabodag søndag 13. september!

Denne dagen er det gratis inngang for alle, og vi inviterer store og små til å utforske museet, kunstutstillingane og det historiske fabrikkmiljøet i Salhus.

Gjennom dagen kan du bli med på omvising i fabrikken, sjå utstillinga Avtrykk i Galleri Salhus, bli kjend med kulturmiljøet rundt museet og vere med på kreative aktivitetar for heile familien. Krone kafé er open og serverer søndagsmiddag: rustikk oksegryte.

Velkommen til Salhus!

https://muho.no/tekstilindustrimuseet/nabodag

Tusen takk til alle som kom på opninga av Avtrykk av Inger-Johanne Brautaset i Galleri Salhus! Det vart ei flott markeri...
09/09/2026

Tusen takk til alle som kom på opninga av Avtrykk av Inger-Johanne Brautaset i Galleri Salhus!

Det vart ei flott markering med mange gjester, opningstale ved avdelingsleiar ved Tekstilindustrimuseet Inger Lena Gåsemyr, og lansering av den nye monografien om kunstnaren gjennom ein samtale mellom Inger-Johanne Brautaset og redaktør Vilde Salhus Røed.

Utstillinga står fram til 20. september.
Opningstider:
- Fredag 11. sept: 11-15
- Søndag 13. sept: 12-17 (gratis inngang denne dagen!)
- Fredag 18 sept: 11-15
- Søndag 20. sept: 12-17

Kaféen og museet er ope alle dagane. Velkomen!

Foto: Thor Brødreskift

Planlegger du julearrangement?På Tekstilindustrimuseet tilbyr vi julestemning i en historisk ramme. I Salhus Tricotagefa...
02/09/2026

Planlegger du julearrangement?

På Tekstilindustrimuseet tilbyr vi julestemning i en historisk ramme. I Salhus Tricotagefabrik kan dere få omvising og ulike kreative aktiviteter etter ønske.

Vi skreddersyr program, samt meny med kortreist mat og sesongens råvarer.

Kontakt oss: [email protected]

Siste visningsuke for ‘der hvor det som er sant er funnet på’ av John K. RausteinÅpent torsdag-fredag 11-15, lørdag-sønd...
26/08/2026

Siste visningsuke for ‘der hvor det som er sant er funnet på’ av John K. Raustein

Åpent torsdag-fredag 11-15,
lørdag-søndag 12-17

Thanks to everyone who came to the design workshop with Hannah Tochtermann on August 15 🌼During the workshop at the Text...
24/08/2026

Thanks to everyone who came to the design workshop with Hannah Tochtermann on August 15 🌼

During the workshop at the Textile Industry Museum, we took the time to wander through the museum and inspect the knitting loft with all it’s machinery and textiles in close detail.

We drew inspiration from the windows, different fabric layerings and colour combinations, stitch structures in historic knitting samples, the interplay of the knitting machine's needles and its body, the sounds of the wooden floor cracking or the waves breaking at the side of the building. Afterwords, we visualized our impressions collectively.

At the end of the workshop, each of us had developed design ideas for either knitting or related arts / crafts, drawing from both the historic site in Salhus and our shared collaborative process.

Thank you so much to everyone who joined this design workshop and shared their ideas, time and creativity with the group.

Photo: Hannah Tochtermann

Det er framleis mogleg å melde seg på Badebåten søndag 23. august! 🏊Vêrmeldinga lovar fint badevêr! Dette er ei perfekt ...
19/08/2026

Det er framleis mogleg å melde seg på Badebåten søndag 23. august! 🏊

Vêrmeldinga lovar fint badevêr! Dette er ei perfekt anledning til å bli med på ein hyggeleg dagstur med Stord1 til Salhus.

På turen får du bli kjend med SB Swimwear, som lagar badetøy av overskotsmateriale frå tekstilproduksjon. Det blir panelsamtale, lokal mat i Krone kafé og moglegheit for felles bading for dei som ønskjer det.

Arrangementet passar like godt for deg som vil oppleve museet, lære meir om lokal tekstilproduksjon, delta i samtalane og nyte ein god lunsj (utan å bade).

Velkomen til ein fin dag i Salhus! ☀️

Billettar: https://muho.no/tekstilindustrimuseet/bad-og-bat

GIVEAWAY 🌊Lyst på ein tur med Stord1 til vakre Salhus?Vi trekkjer fire vinnarar som får to billettar kvar til  med Stord...
14/08/2026

GIVEAWAY 🌊

Lyst på ein tur med Stord1 til vakre Salhus?

Vi trekkjer fire vinnarar som får to billettar kvar til med Stord1 til Salhus søndag 23. august.

For å vere med:
🛟Lik innlegget
🏊Kommenter med din favoritt badeplass!

Vinnarane blir trekte mandag 17. august kl. 12

Om arrangementet: "Badebåten"
Ei sommarleg oppleving med Stord1 til Salhus med fokus på berekraft og bading! Opplev Tekstilindustrimuset, bli kjend med SB Swimwear som lagar badetøy av restar frå tekstilproduksjon, bli med på felles bading om du vil, panelsamtale og nyt lokal mat i historiske omgjevnader.

https://muho.no/tekstilindustrimuseet/bad-og-bat

Adresse

Salhusvegen 201
Bergen
5107

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Tekstilindustrimuseet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Tekstilindustrimuseet:

Snarveier

Del