Ishavsmuseet Aarvak

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Ishavsmuseet Aarvak Ishavsmuseet Aarvak er eit museum for fangst, fiske og ekspedisjonar i polare områder. Ishavsmuseet har ope frå april til oktober.

Ein kan gjere avtale om omvising utanfor opningstid til større grupper. Utleige til selskap, kurs og konferanse heile året.

Haustens første polarkveld 🤩I kveld var her mykje på programmet og salen var full.Roald Øvrelid sto for det musikalske.J...
09/10/2026

Haustens første polarkveld 🤩
I kveld var her mykje på programmet og salen var full.
Roald Øvrelid sto for det musikalske.
Johannes Alme fortalte om 1952 ulykka. Og om arbeidet som var med å finne kva skute vrakrestane som Videy fekk i nota si var.
Bernt kom med ei lita helsing frå kommuna, der han blant annet takka dei islandske myndigheter for å ha gitt funnet av vrakrestane til Norge og Ishavsmuseet.
Styrmannen vart og intervjua av Bernt ang funnet.
Leiv Arne intervjua modell båtbyggaren Vebjørn Møller. Mellom 1200 og 1500 timar brukte han på modellbygginga.
Paul Christian Rieber var her å avduka modellen.

Etter foredraget var det servert kveite til hovudrett og lun eplekake med is til dessert.

Tusen takk til alle som kom å delte denne kvelden med oss.



Laurdagstreff på museet i morgon, laurdag 10/10.På lunsj menyen står:🥣 Fiskesuppe 🥪 Smørbrød 🍰 Kake ☕ KaffiTa med ein ve...
09/10/2026

Laurdagstreff på museet i morgon, laurdag 10/10.

På lunsj menyen står:
🥣 Fiskesuppe
🥪 Smørbrød
🍰 Kake
☕ Kaffi

Ta med ein ven eller ti og ta turen til Brandal.
Ta med deg strikket eller lån eit spel / kortstokk på museet.

Velkomne til den arktiske verda på Brandal 🐻‍❄️




09/10/2026

God fredag og god helg 🙂

Polarkveld på Ishavsmuseet i kveld, kl 18.00.
Laurdagstreffen i morgon, 12.00 - 16.00


Sunnmøres beste potetball finn du på Ishavsmuseet, i dag 🤩Vi har buffé frå kl 14.00 til 18.00.Heimelaga potetball med go...
08/10/2026

Sunnmøres beste potetball finn du på Ishavsmuseet, i dag 🤩

Vi har buffé frå kl 14.00 til 18.00.
Heimelaga potetball med godt tilbehøyr på menyen, mjølk og kaffi er inkludert i prisen på kr 250.

Ønsker du å ta med heim, er det ingen problem 🙂

Velkomne til den arktiske verda på Brandal 🐻‍❄️



Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 9. oktober:74 år etter tragedien: Brattind får ein plass på IshavsmuseetI 1952 forlist...
05/10/2026

Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 9. oktober:
74 år etter tragedien: Brattind får ein plass på Ishavsmuseet

I 1952 forliste fem ishavsskuter i Vesterisen, og totalt 79 menn omkom. Blant dei var dei 14 mennene om bord på Brattind av Tromsø. Over 70 år seinare vart vrakrestar funne nord for Island. Eit omfattande arbeid med å identifisere funnet viste at restane stemde frå Brattind. No skal historia om skuta og menneska som aldri kom heim, løftast fram på Ishavsmuseet.

Fredag 9. oktober inviterer Ishavsmuseet til Polarkveld i Brandal, der forfattar og foredragshaldar Johannes Bjarne Alme vil fortelje om Vesteris-tragedien og det store detektivarbeidet med å identifisere vrakrestane etter Brattind.

Funnet vart gjort av den islandske trålaren Videy nordvest for Island, og var det første konkrete funnet av vrakrestar etter Vesteris-ulykka. Identifiseringa vart eit viktig stykke dokumentasjon av ei tragedie som framleis har ein sterk plass i minnet til familiar og lokalsamfunn langs kysten, og spesielt på Sunnmøre og i Troms. Skipper og reiar på Videy kjem til museet denne kvelden.

Ny modell av Brattind
Eit høgdepunkt under Polarkvelden vert avdukinga av ein ny modell av Brattind. Modellen er bygd av Vebjørn Møller, ein prisbelønt modellbåtbyggar frå Reine i Lofoten.
Møller vil sjølv vere til stades under arrangementet og fortelje om arbeidet med å gjenskape ishavsskuta i modell.
Modellen skal avdukast av Christian Rieber, som har vore sterkt involvert i norsk ishavshistorie. Rieber var sjølv reiar av ei av dei andre skutene som forsvann i samband med Vesteris-tragedien.

– For Ishavsmuseet handlar dette først og fremst om menneska. Vi skal ta vare på historia om dei som reiste ut på ishavet, dei som aldri kom heim, og familiane som sat att. Modellen av Brattind gjer historia konkret og synleg for nye generasjonar, seier dagleg leiar Webjørn Landmark.

Ein kveld for minne og formidling
Polarkvelden vert også eit kulturelt arrangement. Ronald Øvrelid deltek med song, skipperen på Videy, og ordførar i Hareid, Bernt Brandal, tek del i programmet.

– At vi no kan vise fram ein modell av Brattind, etter at vrakrestane vart identifiserte så mange år etter tragedien, er eit sterkt høve til å fortelje historia på nytt. Vi håpar kvelden kan vere både lærerik og verdig, og at han kan bidra til å halde minnet om dei 79 som omkom, levande, seier Webjørn Landmark.

Ishavsmuseet ønskjer publikum velkomne til ein kveld med sterke historier, ny kunnskap, musikk, avduking og godt samvær – i eit museum som sjølv er tufta på å ta vare på historia om menneska, skutene og livet på ishavet.

Kvelden vert avslutta rundt matbordet
Etter programmet inviterer Ishavsmuseet til eit godt måltid. Det vert servert nydeleg kveite med tilbehøyr, og lun eplekake til dessert Mat og samvær har alltid vore ein viktig del av kystkulturen, og også denne kvelden skal det vere rom for samtale og ettertanke etter eit program med sterke historier.
Påmelding for middag.

Polarkveld 9 oktober kl 18.00.💥 Johannes Bjarne Alme vil fortelje om Vesteris-tragedien og det store detektivarbeidet me...
04/10/2026

Polarkveld 9 oktober kl 18.00.
💥 Johannes Bjarne Alme vil fortelje om Vesteris-tragedien og det store detektivarbeidet med å identifisere vrakrestane etter Brattind.
💥 Skipper og reiar på Videy kjem til museet denne kvelden. Funnet vart gjort av den islandske trålaren Videy nordvest for Island, og var det første konkrete funnet av vrakrestar etter Vesteris-ulykka.
💥 Eit høgdepunkt under Polarkvelden vert avdukinga av ein ny modell av Brattind. Modellen er bygd av Vebjørn Møller, ein prisbelønt modellbåtbyggar frå Reine i Lofoten.
💥 Modellen skal avdukast av Christian Rieber, som har vore sterkt involvert i norsk ishavshistorie.
💥 Polarkvelden vert også eit kulturelt arrangement. Ronald Øvrelid deltek med song
💥 Ordførar i Hareid, Bernt Brandal, tek del i programmet.
💥 Det vert servert nydeleg kveite med tilbehøyr, og lun eplekake til dessert
Påmelding for middag.



I morgon, 4/10-16, er det søndagsbuffet på Ishavsmuseet.Buffé frå klokka 13.00 - 17.00.Velkomne til den arktiske verda p...
03/10/2026

I morgon, 4/10-16, er det søndagsbuffet på Ishavsmuseet.
Buffé frå klokka 13.00 - 17.00.

Velkomne til den arktiske verda på Brandal 🐻‍❄️

Laurdagstreffen på Ishavsmuseet i morgon.Ishavsmuseet er ope 12.00 - 16.00, i morgon. På menyen står:🥄 Rjomegraut🥪Smørbr...
02/10/2026

Laurdagstreffen på Ishavsmuseet i morgon.
Ishavsmuseet er ope 12.00 - 16.00, i morgon.

På menyen står:
🥄 Rjomegraut
🥪Smørbrød
🍰 Kake
☕ Kaffi

Ta med ein ven eller ti til å vere litt sosial på Ishavsmuseet. Ta lunsjen ilag og løys verdsproblem.
Vi har og eit par spel liggandes framme om nokon vil benytte seg av det 🙂

Vi sjåast 🙂




Potetballen har komt i gryta  🤩Vi har buffé frå kl 14.00 til 18.00.Heimelaga potetball med godt tilbehøyr, mjølk og kaff...
01/10/2026

Potetballen har komt i gryta 🤩

Vi har buffé frå kl 14.00 til 18.00.
Heimelaga potetball med godt tilbehøyr, mjølk og kaffi er inkludert i prisen på kr 250.

Velkomne til den arktiske verda på Brandal 🐻‍❄️




Morgon sol over Ishavsmuseet ☀️På programmet denne veka står:🍽️ Torsdag 1.10, og balljedag, kl 14.00 - 18.00.☕ Laurdagst...
30/09/2026

Morgon sol over Ishavsmuseet ☀️

På programmet denne veka står:
🍽️ Torsdag 1.10, og balljedag, kl 14.00 - 18.00.
☕ Laurdagstreffen, 3.10, lunsjservering, kl 12.00 - 16.00.
🥗 Søndagsbuffet, 4.10, kl 13.00 - 17.00

Ishavsmuseet har ope kvar dag.
Mandag til fredag klokka 11.00 til 16.00.
Laurdag og søndag klokka 12.00 til 16.00

Velkomne til den arktiske verda på Brandal 🐻‍❄️




Adresse

Brandalsvegen 28
Brandal
6062

Åpningstider

Mandag 11:00 - 16:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 11:00 - 16:00
Torsdag 11:00 - 16:00
Fredag 11:00 - 16:00
Lørdag 12:00 - 16:00
Søndag 12:00 - 16:00

Telefon

+4795117644

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ishavsmuseet Aarvak legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Ishavsmuseet Aarvak:

Snarveier

Del

Kategori