Sellevåg Treskofabrikk

Sellevåg Treskofabrikk Ring meg for å avtale tid for omvisning. Mvh Magne Sellevåg, tlf 57783659 / 90982235. Kr 75 pr person. Benytt epost: [email protected] august 2012.

Fabrikken produserte tresko heilt fram til 1972 og er eit godt døme på småskalaindustri i Noreg. Fabrikken har sidan 1994 vore eitt av dei utvalde teknisk/industrielle anlegga som har fått stønad frå Riksantikvaren over statsbudsjettet til vedlikehald og istandsetjing. Riksantikvar Jørn Holme var til stades i Sellevåg under ei markering av fredinga søndag 12.

Hardangerbarn med skaut og tresko, innlegg 60/2026.Dette historiske postkortet frå byrjinga av 1900-talet viser tre barn...
31/05/2026

Hardangerbarn med skaut og tresko, innlegg 60/2026.

Dette historiske postkortet frå byrjinga av 1900-talet viser tre barn i Hardangerbunad med tradisjonelle skaut – og solide tresko på beina.
Hardangerbunaden er ei samlenemning på drakter frå dei ulike bygdene i Hardanger. Draktskikken hadde djupe, lokale røter. Kombinasjonen av tidleg turisme og at Dronning Maud seinare trygte drakta til sitt bryst, gjorde henne enormt populær. Mot slutten av 1800-talet vart nettopp kyrkjekleda frå Hardanger sjølve symbolet på den norske nasjonaldrakta, ofte berre kalla "Nasjonalen". Kvambunaden – som vert brukt i Strandebarm, Norheimsund, Øystese og Ålvik – er den varianten dei fleste forbind med dette biletet i dag.
Kvinnebunaden har vore i ubbroten tradisjon og vert i dag kalla Hardanger festbunad. Ho kjennest att på det raude livet og det kvite forklædet. Tradisjonelt skil hodeplagget og stølebeltet den ugifte jenta frå den gifte kona. Det vart sagt at jentene ikkje skulle pynte seg like mykje som konene, og då passa det vel utmerka med eit par gode tresko på beina!

Bunaden som politisk protest; Hardangerbunaden var likevel meir enn berre eit festantrekk - han vart eit mektig symbol i kampen for eit sjølvstendig Noreg. Rundt århundreskiftet vart drakta brukt av kvinner over heile landet for å markere motstand mot unionen med Sverige. Nordmennene ønskte full fridom til å styre sitt eige land og sine eigne interesser i utlandet. Denne intense nasjonalfølinga kulminerte den 7. juni 1905, då unionen med Sverige formelt vart oppløyst.
Det var midt i denne brytningstida, i 1899, at Sellevåg Treskofabrikk (den gang Bergen Treskofabrikk Ltd) vart bygd. Medan fargesterke bunader vart brukte til å markere norsk identitet, var treskoene sjølve symbolet på den ujålete og hardtarbeidande kvardagen på vestlandsgardane. Det var andre tider òg som det vert sagt i filmen om treskofabrikken; «…da sko penga til å sko opp ein familie…». For på denne tida var lêrsko dyre og tålte dårleg gjørme og fukt over alt på gardane. Treskoa heldt føtene tørre, dei var slitesterke og vart borne av både fattig og rik, til både kvardag og helg.

Tekstfakta om biletet: Postkortet er merkt med «Eneret D.T.O.». Dette står for Dovre Tourist- og Reisebureau, eit forlag i Oslo (den gang Kristiania) som var ein av dei mest betydelege utgjevarane av postkort med norske motiv og folkedrakter på denne tida.

💬 Har du gamle bilete eller historier om tresko og bunad i din familie? Eller har du kanskje traska rundt i tresko sjølv? Del då gjerne historiene og bileta dine med oss i kommentarfeltet under.

Koselig besøk på treskofabrikken i dag.I dag hadde vi gleden av å ta imot ein flott gjeng med søskenbarn og deira følger...
30/05/2026

Koselig besøk på treskofabrikken i dag.

I dag hadde vi gleden av å ta imot ein flott gjeng med søskenbarn og deira følger. Det er alltid ekstra kjekt å dele historien vår med så engasjerte besøkende!
Vi tok eit kort dypdykk ned i korleis arbeidskvardagen var i tidligere tider, og korleis småskala industriverksemd vokste fram på Vestlandet fra slutten av 1800-tallet.

Gjengen fikk eit innblikk i heilskapen her hjå oss – fra korleis fossekrafta vart utnytta til det fulle, til korleis treskomaskinene etter kvart tok over for bondens manuelle uthuling av tresko som attåtnæring.

Etter å ha sett maskiner og reimer idrift var dei overraska at det ikkje var arbeidsuhell i dei hundre åra her var drift. Eit godt resultat.

Tusen takk for besøket!

Neste helg kjem eit sogelag på besøk. Ta kontakt om du kunne tenke deg omvisning

23/05/2026
Det er slutt på den tida der maskinene gjekk for fullt og ein kunne gå lens for vatn… 🌊⚙️I Sellevågsvatn er den regulert...
15/05/2026

Det er slutt på den tida der maskinene gjekk for fullt og ein kunne gå lens for vatn… 🌊⚙️

I Sellevågsvatn er den regulerte vannmengda omlag 300 millioner liter. Det klinka stålrøyret fører omlag eit par tusen liter i sekundet når det er åpna for fullt. Men så lyt vatnet passere Francis turbinen og slukeevna blir vel fort halvert. Så om turbinen skulle gå med full vassføring gjennom ein 8-timers arbeidsdag, vil ein i tørkeperioder utan nedbør og tilsig fort gå lens etter nokre veker, og Magne vil ende då opp med tom «brønn». No skal det nemnast at ein i seinare tid har gløymd å stenge ventilen, ikkje så bra om det altså samstundes er tørkeperiode🙈

Håper sjølvsagt på fortsatt flott vær i mai! 🌞🇳🇴

Foto er frå 15.mai 2022; ved Bjørn Haugland.

Deler bilete fra 1920-talet og av Joakim T Sellevåg med fleire.  Tekst og kilde under kvart bilete.
13/05/2026

Deler bilete fra 1920-talet og av Joakim T Sellevåg med fleire.

Tekst og kilde under kvart bilete.

Minne om Jetfred – en bror, en onkel, en venn og god samtalepartner. I år er det 25 år siden Jetfred gikk bort. Vi skull...
08/05/2026

Minne om Jetfred – en bror, en onkel, en venn og god samtalepartner.

I år er det 25 år siden Jetfred gikk bort. Vi skulle så gjerne hatt ham med oss i mange flere år – som den hjelpsomme og kloke broren og onkelen vi kunne gå til for råd, og som den stødige samtalepartneren i familiesammenkomster.
Jetfred var en faglig ener. Han likte aldri å fremheve seg selv, men vi glemmer ikke da han delte historien fra Bergen Ingeniørskole med oss yngre: Da rektor delte ut vitnemålet, innrømmet han overfor Jetfred at han aldri hadde sett eller hørt maken til karakterer i sin tid som rektor. Denne faglige tyngden bar han med seg fra pionerdagene på Mongstad på 70-tallet, som leder for elektroavdelingen, leder for NITO i Statoil, og som ansattrepresentant i både selskapets konsernstyre og bedriftsforsamling gjennom flere perioder.

For Jetfred var det verdiane menneskeverd, nøysomhet, nøyaktighet, ærlighet og respekt som alltid kom først. Dette preget alt han gjorde, enten det var her på treskofabrikken eller i oljeindustrien. Selv om han satt ved de viktigste bordene sammen med personer som Yngve Hågensen og Olav Fjell, mistet han aldri bakkekontakten eller humøret. Han var brobyggeren som løste opp i tunge stunder med en god historie, og han behandlet alle med samme naturlige respekt – enten det var lærlingen på anlegget eller konsernsjefen.

For hans søsken og den nærmeste familien har det vært betydningsfullt å få mer innsikt i alt det Jetfred faktisk var involvert i. Gjennom de mange sterke minneordene fra NITO og Statoils historiker, Bjørn Vidar Lerøen, har vi fått se litt av det fulle bildet av rollen han spilte i Statoils industrihistorie. Da han ble stedt til hvile i Eivindvik kirke og konsernsjef Olav Fjell holdt minnetale, ble det synlig for oss alle hvor stor respekt hans ærlighet og integritet hadde skapt.

Fra den stolte søskenflokken er det nå bare hans eldre bror, Magne, som er igjen. Vi er heldige som fortsatt har Magne til å gjengi og og holde liv i de gode historiene. Det føles samtidig som en viktig stafettpinne at vi gjennom ulike sammenhenger i ettertid har fått bekreftet og lært mer om hans virke den gang i Statoil. Det er alltid kjekt å bevare, men også å kunne legge til nye minner til minnebanken.

Jetfred lærte oss at man kan nå så langt man vil, så lenge man beholder den faglige stoltheten og integriteten, de gode verdiene og det lune smilet. Jetfred var født i mars i 1945, og det føles godt å dele litt om minnene i dag på frigjøringsdagen. Nå når det våres, skal vi stelle graven hans i Eivindvik, der han hviler sammen med sin datter, søster og foreldre.

Deler et bilde av Jetfred der han demonstrerer boremaskina som arbeider seg fram i treskoen. Minnene lever 🌿

Adresse

Brandangervegen 363
Dalsøyra
5960

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sellevåg Treskofabrikk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Sellevåg Treskofabrikk:

Del

Type