08/04/2026
Fyrste utstillar ut i 2026 er Terje Meidell Skare med opning laurdag 18. april kl 16:00. Terje Meidell Skare skriv sjølv om kunsten sin som “Poetisk symbolisme”:
Eg jobbar for det meste med oljemåleri som vel må karakteriserast som figurative – ofte store format då det gjev meg ein følelse av tettare, fysisk kontakt med motivet. Motiva eller innhaldet utspelar seg i eit mytisk-religiøst univers prega av ein personleg, erfaringsbasert symbolbruk – meir eller mindre lausreven frå kjent symbolikonografi frå diverse oppslagsverk.
Bileta hamnar vel i kategorien «poetisk symbolisme», meint å vekka intuisjon og følelsar hos betraktaren, heller enn å gje logiske forklaringar.
Skapningane som figurerer på dei fleste motiva er ein slags konfigurasjonar. Representantar for menneska si historie og utvikling; lausriven frå notid og plassert i ei mytisk ikkje-tid.
Desse figurane opptrer ofte poserande i eit noko stilisert, kulisseliknande landskap og ber preg av å vera ein del av ei slags førestilling – noko teatralsk.
Førestillinga om mennesket sitt forhald til grunnkreftene i tilværet, om det å veksa ut frå ei uskuld, nærast medvitslaus tilstand innanfor ei naturmyte og over i ei antropologisk kulturmyte. Forteljingar om spenningsfeltet mellom natur-kultur, samanheng og spalting. Forteljingar om denne storslagne oppvakninga, frigjeving og erkjenning, men også forvirring, sjølvbedrag, angst og ei nær kvilelaus febrilsk søken etter forklaring. I denne søken eller vokster, i dette menneskeforetak, kall det gjerne opprør eller utvikling – er det eg finn inspirasjon og materiala til bileta mine.
Som Trond Borgen skriv om bileta mine i Stavanger Aftenblad: «Stille går verden til grunne idet den skapes». Eg synest det fanger mykje av essensen i det eg arbeider med å synleggjera.