05/10/2026
6. november opnar vi utstillinga "Oddleiv Apneseth - Det tredje auget". Utstillinga skal visast over to etasjar og gjev eit tilbakeblikk på heile karreria til Sunnfjord-fotografen.
– Dette er ei stor utstilling, der folk vil møte både kjende og ukjende sider av fotografen. Vi har jobba med dette over to år, og no når vi nærmar oss målstreken er vi naturleg nok veldig spente, fortel museumsleiar Mayra Henriquez. Ho lovar overraskingar for publikum. Ein av etasjane vert til dømes via ein serie foto Apneseth tok av Kjartan Slettemark, under eit besøk i hans atelier i 1996.
– Oddleiv har markert seg gjennom fleire tiår, både nasjonalt og internasjonalt. Alt saman byrja her i Sunnfjord. Utstillinga blir ei hending folk må få med seg, seier Henriquez.
Oddleiv Apneseth har markert seg på verdsscena for sine pressefotografi. Sogn og Fjordane Kunstmuseum markerar ei lang karriere gjennom utstillinga «Det tredje auget».For snart 50 år sidan byrja ein sivilarbeider på Sunnfjord Museum å jobbe med samlingane av glassplatenegativ frå bygdefotogra...