07/04/2026
Den kulturelle spaserstokken inviterte til gratis malekurs !
Vi starta 17. mars i Galleri Losjen. Dei som meldte seg på, var heilt «ferske elevar», og hadde faktisk ikkje malt før, men dei var fantastisk ivrige deltakarar. «Dette var kjekt !» sa dei.
Fargar blir til maleri, og ideane ligg i fargane. Vi malar med Amsterdam Akrylfarger, på lerret 50 x 50 cm. Vi har og akrylblokk 300g/m2.
Vi lærar å grunna lerretet , og korleis plassera motivet på lerretet.
Vi ser på korleis vi blandar farger, og undervegs snakkar vi og om komposisjon. Kurset er på 15 timer, og deltakarane kan ta med seg eit spanande maleri heim når kurset er ferdig.
Heile kurset er gratis, og kaffi med «noko til» følgjer med.
Det kjem fleire slike kurs!