05/06/2026
Vi gler oss stort til å kunne opne den nye utstillinga vår “Nordfjordbåten”. Torsdag.11.juni kl.19 inviterer vi til offisiell opning av utstillinga!
Kvifor akkurat Nordfjordbåten undrar du kanskje? Fram mot utstillingsopninga vil du få vite meir om kvifor nettopp denne båten har vert ein sentral del av livet til dei som levde før oss, ikkje berre innafjords men også her ute ved kysten.
Under opninga serverer vi friske bobler frå Nordfjord (for alle aldersgrupper), lærerikt innhald av museumsleiar frå Nordfjord Folkemuseum Anne Kristin Moe Fitje, musikalsk innslag ved Inngvild Bakken Hekland, og høgtideleg bandklipping ved Hilmar Elliasson.
Etter opninga kan du bli enda meir kunnskapsrik, og følge med på ei guida runde i museet ved museumsleiar Annette Langedal Holme.
Du kan førehandskjøpe inngangsbillett på nettsida vår, eller ved inngangen når du kjem. Har du årskort får du gratis inngang!🤗
Vi håpar å sjå deg der!🌊