12/10/2026
Bli med på Bossrunden!
Bossrunden er ein lågterskel ryddekonkurranse for bedrifter på Sunnmøre og er open for alle bedrifter i regionen. Konkurransen varer frå 12. til 26. oktober. I løpet av to veker set bedrifter av tid, frå 15 minutt i lunsjen til ein heil dag, for å rydde i nærområdet sitt.
Plukk boss, rapporter funn og vise at eiga verksemd tek miljø- og samfunnsansvar på alvor.
Det skal vere lågterskel å bidra – éin bossekk er betre enn ingen sekk. De bestemmer sjølve korleis de ønskjer å løyse det. Vi kan hente bosset hos dykk og stille med utstyr dersom det er ønskjeleg.
Vis samfunnsansvar og miljøengasjement saman! Konkurrer om premiar øyremerkte ytterlegare miljøforbetring i lokalmiljøet, til ein samla verdi av 85 000 kr, sponsa av Sparebanken Møre.
Bossrunden deler ut fleire prisar, mellom anna for størst mengd innsamla avfall, mest rydda per tilsett, mest oppsiktsvekkjande funn, beste før- og etterdokumentasjon, beste samarbeid og beste formidling.
Perfekt for teambuilding! Påmeldinga er open no, og all informasjon er tilgjengeleg her 👉 https://www.fremje.com/bossrunden2026-sm
PS: Rewild organiserer undervegs ein større ryddeaksjon med base i Holmeskjærsvika i Ålesund 16. og 17. oktober dersom ein ønskjer å delta på det.
Bossrunden er eit samarbeid mellom Fremje, Rewild Norge, Sunnmøre Friluftsråd, Nettverk Marin forsøpling Møre og Romsdal og Runde Miljøsenter, og blir gjennomført med Sparebanken Møre som sponsor.
En ryddekonkurranse for bedrifter på Sunnmøre!