19/03/2026
Det er mykje spanande ein kan finna når ein grev i gamle dokument. I dei topografiske beskrivingane frå originalmålingane kan det dukka opp mykje rart – mellom anna eit og anna avisutklipp.
Denne gongen følgde det med ein artikkel frå magasinet Nynorsk Vekeblad frå 1934, skriven av Sigrid Tang. Ho var kona til Per Tang, som arbeidde som topograf i Norges geografiske oppmåling i åra mellom 1918 til 1948. Historia omtalar minner frå ein sesong med landmåling i Finnmark, sannsynlegvis sommaren 1926, som ho skriv om her.
Her er ei lenkje til magasinet på Nasjonalbibliotekets nettstad. Bla deg fram til side 20 og drøym deg tilbake til eit tilbakelagt stadium i norsk kartleggingshistorie.