19/10/2026
Om grav og gravminne etter Knut J. Åkra
============================
Fleire har spurt kvifor vi engasjerer oss i saka om grav og gravminne etter Knut J. Åkra? Her er bakgrunnen: Kvartermester Knut J. Åkra er Kvinnherad sin høgast dekorerte soldat i 2. verdskrig. Han gjorde teneste som kanonar på MTB 5, og skaut m.a. ned eit tysk fly i den Engelske kanalen i 1940. Han omkom i ein eksplosjon i 1941 og fekk Krigsmedaljen med stjerne posthumt frå Kong Haakon. Leivningane vart førte heim til Åkra, der han vart gravlagt med militær honnør den 16. august 1947.
Denne grava er ikkje ei vanleg grav. Gravminnet fortel om ein vernepliktig soldat som fall for Noreg, om heimføringa av soldatar som fall i utlandet, og om ein familie som vart hardt råka av okkupasjonen. Etter gravplassforskrifta § 27 bør slike graver med særleg historisk verdi bevarast. Les meir om saka på heimesida vår.
https://www.halsnoy.com/post/knut-%C3%A5kra-lagnad-og-vern-av-grav