19/09/2026
Minnetale for Norunn Fresvig
Dette blir eit siste farvel med Norunn Fresvig, me vil minnast eit menneske som har sett spor etter seg. Spor som lever vidare, ikkje berre i kunsten ho skapte, men og i menneska ho møtte, i samtalane ho delte og i miljøa ho var med på å byggje opp.
Desse orda er ein takk frå Haugesund kunstforening, men og frå kunstnarar og kunstengasjerte på Haugalandet.
For mange av oss er det umogleg å tenkje på Norunn utan å tenkje på kunst. Kunst var ikkje berre noko ho gjorde, men noko ho levde.
Ho såg verda med eit undrande blikk, Det som andre kunne gå forbi utan å leggje merke til, kunne bli ei kjelde til undring og skaparglede for henne.
Norunn var utdanna gullsmed og metallkunstnar.
Gjennom sølv, kobber og stål skapte ho verk som var opne for tolking. Ho likte å jobbe med metall fordi det er både formbart og varig. Særleg koparen stod henne nær fordi den kan få stadig nye uttrykk gjennom ulike prosessar, fargar og overflater.
Norunn eksperimenterte, utforska, og lot materialet være ein medspelar i den kunstnariske prosessen.
Det er mykje symbolikk i Norunn sine skaparverk.
Nokre av objekta handla om tru, håp, frykt og lengsel.
Andre handla om kor ulikt me menneske kan sjå den same saka.
Ho arbeidde lag på lag, både i materiala og i tankane sine, og inviterte oss til å stoppe opp, reflektere og sjå djupare.
Ho jobba ofte med kuler, behalderar og andre former som kan fyllast. Akkurat som liva våre fyllest med det me legg i dei.
Lag på lag bygde ho opp arbeida sine fysisk og symbolsk. Ho inviterte oss inn til undring, ettertanke og samtale.
Ho lagde og ein serie med smykker til gutar. For då ho sjølv blei mor til Ravn og Ask forstod ho at det fantes det for lite av.
Ho var opptatt av at kunsten skulle være tilgjengeleg. Kunst treng opplevelse ikkje skriflege forklaringar meinte ho.
Gjennom arbeida sine minna ho oss på at me ser og opplever essensielle deler av livet ulikt, at det finns fleire sanningar, og at me skal være nøgde med det.
Men Norunn var meir enn kunstnaren. Ho såg verdien av fellesskap. Ho engasjerte seg i kunstlivet rundt seg og brukte tid og krefter på å løfte fram andre.
Ho bidrog til at kunsten fekk ein synlegare plass i samfunnet.
Ho skapte ikkje berre sine eigne verk, ho var med å byggje grunnlaget som gjer at andre kan skape, halde oppe miljø, inspirere, utfordre og støtte.
Norunn var nærvær, omtanke og skaparkraft. Ho hadde eit engasjement som strakk seg utover hennar eigne prosjekt. Ho var med på å styrkje eit heilt kunstmiljø, og ho gjorde det med ei sjeldan blanding av fagleg tyngde og menneskeleg varme.
I fleire år bidrog ho inn i styret i Haugesund kunstforening. Ho var fagleg sterk, hadde eit godt observerande blikk, og ei skarp tunge. Me visste om me hadde med kunstnarleg kvalitet å gjere når Norunn var med på laget. Ho styrka kunstforeningen sitt arbeid kvalitets og fagmessig. Me er takknemlege for det. Det var trygt og godt å få samarbeide med Norunn.
Fest kunne ho og skape, festane våre på Vibrandsøy vil ikkje få den same svungen utan Norunn.
Norunn var og ein av drivkreftene bak HKV (Haugaland kunstverk), ho sat i styret i Vestlandsutstillingen, i Gallerirådet i Billedgalleriet og heilt til det siste i Otto Johannesens samt Marit og Trygve Goa sitt fond i Haugalandmuseet.
Dei som kjende Norunn, veit at ho aldri slutta å vere nysgjerrig. Ho sat sjeldan og venta på inspirasjonen. Ideane kom medan ho arbeidde. Frå ein enkel sommarfugl kunne det vekse fram nye kunstverk. Frå naturen rundt seg, frå fiske- og dyreskjelett ho fann, frå turane sine, og frå livet sjølv fann ho motiv, symbol og samanhengar.
Slik blei kunsten hennar både nær og allmenn på same tid.
Kanskje er det nettopp dette som er noko av det vakraste me kan ta med oss etter Norunn: trua på at det finst fleire lag i livet enn det me ser ved første blikk. At ting heng saman. At minna våre, slik ho sjølv viste gjennom kunsten sin, kan bindast saman til noko som varer. At me sjølv er behalderar som skal fyllast med håp, kjærlighet, omtanke varme og tru.
Ho etterlet seg ikkje berre verk i metall og kobber. Ho etterlet seg tankar, undring og inspirasjon som held fram med å leve i oss som er i livet nå. Ho lærte oss å sjå nøyare, og å stoppe opp, å undre oss litt, å være meir direkte, å være på.
Det er eit vakkert ettermæle.
Takk for alt du gav, Norunn.
Kvil i fred. ❤️
Mona Elin Motsfeldt Aarø
Styreleiar i Haugesund kunstforening
Nokre sitat er frå Lise Marte Vikse Kallåk si bok "Atelierdøra på gløtt – kunstnere på Haugalandet"