Aasentunet

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Aasentunet Velkomen til språkmuseet Aasentunet. Her kan du oppleve språk, litteratur, arkitektur og musikk. Ivar Aasen (1813–1896) var mannen som endra norsk språkhistorie.

AASENTUNET gir born og vaksne gode opplevingar av språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Allereie i 1836, 22 år gamal, hadde han klare tankar om korleis ein burde gå fram for å gjenreise det norske språket i skrift. Aasen meinte ein burde ta utgangspunkt i alle dei norske dialektane. Språkforskaren reiste dermed halve jorda rundt innanfor grensene i Noreg for å finne det norske språket. Aasentunet ligg der Ivar Aasen var fødd og voks opp. Her skreiv han sine første ord og plukka si første symre. I Noregs eldste personmuseum frå 1898 finn du fem bygningar frå fire hundreår og eit uteamfi som har vore stemneplass i over hundre år. Arkitekturen i Aasentunet er ei oppleving i seg sjølv. Hovudbygningen frå 2000 er teikna av den verdskjende og prislønte arkitekten Sverre Fehn (1924–2009) og er heidra med den fremste utmerkinga for arkitektur i Noreg, Houens fonds diplom. Bygningen er teikna i samspel med landskapet og dei historiske omgivnadene, og både i form og tanke spring den ut av eit møte mellom fortid, notid og framtid. Vi har eigne arkitekturomvisingar om sommaren. Utstillingane opnar for fleire sansar, med installasjonar om språk og kultur som du både kan sjå, høyre og ta på. Du kan sjå kladdearka Ivar Aasen aldri rakk å bruke, høyre forfattarar fortelje om dikting, og snurre på ein globus som viser utbreiinga av skriftsystem verda over. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gir deg forteljingar til undring og ettertanke. Tunkatt og ordspion Lurivar har sin eigen hems med bøker og aktivitetar. Tysdag og fredag i sommarsesongen tek han borna med på tur i utstillinga og funderer over stort og større saman med dei. Dei dagane han er på farten og samlar fleire ord, passar han likevel på å vere representert i tunet, på sitt eige smålåtne, framfuse kattevis. Aasentunet byd på eit breitt, spennande og annleis kulturtilbod til både vaksne og born. Høgdepunktet er Dei nynorske festspela siste helga i juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen. Her får du alt frå store konsertopplevingar til nære forfattarmøte, gode samtalar og debattar, kunstutstilling og barnearrangement. Bokhandel, platesjappe og gåvebutikk i eitt! Her finn du gåvene til den som har alt og til deg som fortener noko ekstra. Vi har eit breitt og nyttig utval av varer ingen andre har, og eit stort utval i nynorsk musikk og litteratur for born og vaksne. Ein stor del av varene finn du også på handlenett.no. Kafeen serverer enkle, heimelaga lunsjrettar og kaker med innslag av kortreiste spesialitetar. Skin sola, er utekafeen ein sjølvsagt stad for å nyte ei god bok eller ferske nynorskaviser. Vår eigenproduserte "Tunpølse frå Åsen" kan du også kjøpe med heim. Aasentunet er eit godt utgangspunkt for lette turar på godt oppmerkte turstiar. Ordløypa til Lurivar leier opp til utsiktspunktet Høgetua. Der finn du kvar sommar to postkasser med gode, nynorske barnebøker, som du kan lese på kvilebenkane med fager utsikt til Hovdevatnet.

I Gamlemuseet finn du utstillinga Fuglar i lyrikken 🐦🦆Her finst dikt for barn, songlyrikk, dikt om fantasi, og dikt som ...
08/07/2026

I Gamlemuseet finn du utstillinga Fuglar i lyrikken 🐦🦆

Her finst dikt for barn, songlyrikk, dikt om fantasi, og dikt som handlar om at menneska si forureining øydelegg livsvilkåra for fuglane. Her kan du lære om korleis dei ulike fuglane syng, og du kan teikne, fargeleggje og pusle fuglar 🧩

Utstillinga er gratis å besøkje 🫶

Kom og besøk oss mellom fotballkampane ⚽️☺️ Vi har ope kl. 10-17 kvar dag 🙏🏻
07/07/2026

Kom og besøk oss mellom fotballkampane ⚽️☺️ Vi har ope kl. 10-17 kvar dag 🙏🏻

03/07/2026

No kan du besøke utstillinga Meir enn ei bok i Aasentunet 💕📖 I over hundre år har nynorske biletbøker vore ein del av kvardagen til barn og vaksne; på sengekanten, i sofaen og ved kjøkenbordet, på fjelltur eller i campingvogna! Den nynorske biletbokskatten er i dag rik og variert, med alt frå enkle rim og regler til forteljingar om kvardag og fantasiverder.

Med Meir enn ei bok-utstillinga ønskjer vi å skape eit «rom i romet», ei ramme for å synleggjere nynorske biletbøker og ein stad der barn og vaksne kan utforske og oppleve bøkene saman. Velkomne 💕🌟

Ledig stilling i Nynorsk kultursentrum 🫶🏻
30/06/2026

Ledig stilling i Nynorsk kultursentrum 🫶🏻

Ledig stilling som forskings- og samlingsleiar i Nynorsk kultursentrum

Ivar Aasen reiste land og strand, og la grunnlaget for nynorsken 🗺️🇳🇴 Vi sel postkort i Aasentunet slik at du kan sende ...
29/06/2026

Ivar Aasen reiste land og strand, og la grunnlaget for nynorsken 🗺️🇳🇴 Vi sel postkort i Aasentunet slik at du kan sende Ivar Aasen ut på nye eventyr, rett i postkassa til nokon du tykkjer godt om 💌

Velkomen til Aasentunet i sommar! Vi har ope kvar dag kl. 10-17 ❤️ I tillegg til utstilling, har vi både kafé og butikk....
22/06/2026

Velkomen til Aasentunet i sommar! Vi har ope kvar dag kl. 10-17 ❤️ I tillegg til utstilling, har vi både kafé og butikk. Her kan du mellom anna slå deg ned med ein varm kopp te og lese ei bok 💆☕️📖 Vi sjåast 💕

😀 Museumsleiar Tone Slenes er både nøgd og takksam etter årets Festspel. – Det er mange som bidreg for å få dette til, o...
15/06/2026

😀 Museumsleiar Tone Slenes er både nøgd og takksam etter årets Festspel.

– Det er mange som bidreg for å få dette til, og vi er svært takksame for både engasjementet og samarbeidet. Alt klaffa i år, til og med vêret, og vi har fått svært gode tilbakemeldingar, seier Slenes.

Fulle hus og sterke litteraturopplevingar under Festspela 2026Festspela samla eit stort publikum til ei helg full av litteraturglede. Årets festivaltema var «Lys og mørke», og gjennom festivaldagane har forfattarar, artistar, kunstnarar og fagfolk utforska temaet frå mange ulike inngangar. Tota...

Festspelsøndag! 🌱Siste dag av Festspela 2026 byr på refleksjon, song og god stemning! 🌱– Årets festspelgudsteneste: I år...
14/06/2026

Festspelsøndag! 🌱
Siste dag av Festspela 2026 byr på refleksjon, song og god stemning!

🌱– Årets festspelgudsteneste: I år får vi preike ved Anne Anita Lillebø, leiande studentprest i Oslo. Festspeldiktar Brynjulf Jung Tjønn, Volda kyrkjekor og fleire andre bidreg også i gudstenesta.

☕️– Etter festspelgudstenesta inviterer vi til kaffi og kake i Aasentunet. Utstillinga er òg open!

🙌– I panelsamtalen seinare i dag møter vi professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde, innsikt- og analysesjef i Språkrådet Lars Ivar Nordal og direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Øyehaug Opsvik. Dei løftar fram premissane for eit levande og reelt demokrati i lys av tema som makt, deltaking og tilhøyrsle. Kven får definere orda vi bruker? Kven blir forstått – og kven fell utanfor?

🎶– I år får vi stemnetale ved forfattar Tore Renberg og konsert med Camilla Granlien Band!

Få med deg denne fine festspelsøndagen!🤩

Festspela inviterer til årets stemnetale ved Tore Renberg og konsert med Camilla Granlien Band!

Valkyrien Allstars!🤩🙌
13/06/2026

Valkyrien Allstars!🤩🙌

Adresse

Indrehovdevegen 176
Hovdebygda
6160

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4770047570

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Aasentunet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Aasentunet:

Snarveier

Del

Kategori