Hovden Kunst Handel

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Hovden Kunst Handel Kunst og håndverks salg og innrammingsverksted.

17/09/2026
To utstillingar opna i Hovden Kunsthandel: Kunst, musikk og tradisjon i sentrumHOVDEN: Laurdag 20. juni opna Bykle og Va...
23/06/2026

To utstillingar opna i Hovden Kunsthandel: Kunst, musikk og tradisjon i sentrum
HOVDEN: Laurdag 20. juni opna Bykle og Valle kunstlag to sommarutstillingar i Hovden Kunsthandel galleri. Med Landskappleiken på Hovden som bakteppe i år, er temaet for begge utstillingane musikk, dans og setesdalske tradisjonar.
Hovudutstillinga har fått tittelen «Når bileta vaknar» og er vigd kunstnaren Olav Bjørgum, ein av Setesdals mest folkekjære kunstnarar.
Utstillinga presenterer grafikk og måleri av folkekunstnaren Olav Bjørgum og gjev eit innblikk i hans rike kunstnarlege univers, der musikk, dans og folkeliv står sentralt. Bjørgum hadde sjølv stor glede av musikken, noko som kjem tydeleg til uttrykk i fleire av verka hans. Publikum får sjå fleire av Bjørgums mest kjende motiv, men også sjeldnare verk som viser andre sider av kunstnarskapen gjennom både teknikk og uttrykk.
Dei fleste bileta er lånte frå Setesdalsmuseet, medan nokre kjem frå private samlingar. Bykle og Valle kunstlag rettar ei stor takk til Setesdalsmuseet og dei private utlånarane som har gjort utstillinga mogleg.
Som eit spennande supplement til utstillinga har kunstlaget invitert grafisk designar Maija Uleberg til å lage ein lys- og musikkinstallasjon. Her er Bjørgums bilete «Setesdalsganger» animert og sett i rørsle, slik at kunstverket får nytt liv og eit nytt uttrykk. Installasjonen blir akkompagnert av musikk framført av Endre Stulien Robstad, og gir publikum ei levande og sanserik kunstoppleving.
Den andre utstillinga, «Gjenklang», er ei medlemsutstilling der kunstnarar frå Valle og Bykle viser eigne arbeid. Her møter publikum eit mangfald av uttrykk – måleri, keramikk, glas, trearbeid og akvarellar. Felles for alle verka er at dei hentar inspirasjon frå rytmar, musikk, tradisjonar og kulturarven i Setesdal, tolka på kvar sin personlege måte.
Det møtte fram mykje folk til opninga, og stemninga var god. Dei mange frivillige som har arbeidd med førebuingane gjennom fleire dagar, kunne glede seg over ei vellukka opning og stor interesse frå publikum.
Begge utstillingane blir ståande i Hovden Kunsthandel galleri gjennom sommaren, fram til august. Kunstlaget ønskjer både fastbuande og tilreisande velkomne til ei kunstoppleving der bilete, musikk og tradisjonar møtest på ein inspirerande måte.

20. juni – 8. augustÅpning 20. juni kl. 14:00 med lett serveringTorsdag, fredag å laurdag fra 11:00 å 16:00
03/06/2026

20. juni – 8. august
Åpning 20. juni kl. 14:00 med lett servering

Torsdag, fredag å laurdag
fra 11:00 å 16:00

Fra 20. juni til 8. august har Bykle og Valle Kunstlag gruppeutstilling hos oss! Opplev maleri, keramikk, trearbeid og g...
03/06/2026

Fra 20. juni til 8. august har Bykle og Valle Kunstlag gruppeutstilling hos oss! Opplev maleri, keramikk, trearbeid og glass.

Velkommen til vinterutstilling på Hovden Kunsthandel!Åpningstider i desember: Torsdag-lørdag 11:00 - 16:0022,23 desember...
09/12/2025

Velkommen til vinterutstilling på Hovden Kunsthandel!

Åpningstider i desember:
Torsdag-lørdag 11:00 - 16:00
22,23 desember fra 11:00 - 16:00
24 desember 11:00 - 14:00
Åpent hver dag i romjulen bortsett fra 25.

God jul 🎄

Velkommen til juleutstilling på Hovden Kunsthandel! Åpningstider Desember:Torsdag-Lørdag 11:00-16:00Romjul:Hver dag!
08/12/2024

Velkommen til juleutstilling på Hovden Kunsthandel!

Åpningstider Desember:
Torsdag-Lørdag 11:00-16:00

Romjul:
Hver dag!

30/09/2024

Åpningtider i høstferien (30.09.24 - 05.10.24)
Mandag: stengt (ring +47 95969999 om du trenger noe)
Tirsdag: 09:00 - 16:00
Onsdag: 09:00 - 16:00
Torsdag: 09:00 - 16:00
Fredag: 09:00 - 16:00
Lørdag: 09:00 - 16:00

Velkommen til sommerutstilling på Hovden Kunsthandel!Tor. 11.00-16.00 Fr.  11.00-16.00Lør. 11.00-16.00
10/07/2024

Velkommen til sommerutstilling på Hovden Kunsthandel!

Tor. 11.00-16.00
Fr. 11.00-16.00
Lør. 11.00-16.00

Adresse

Setesdalsvegen 4300
Hovden
4755

Åpningstider

Mandag 11:00 - 16:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 11:16 - 16:00
Torsdag 11:00 - 16:00
Fredag 11:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 16:00

Telefon

+4795969999

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hovden Kunst Handel legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Hovden Kunst Handel:

Snarveier

Del

Kategori