De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum Opplev levd liv i Sogn blant våre bortimot 40 historiske bygg, og spennande utstillingar.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er regionmuseum for Indre og Midtre Sogn. Her er stort friluftsmuseum med tradisjonell gardsdrift, fjordmuseum, og store utstillingar knytt til livet i sognebygdene.

📌 Stengt torsdag 23. aprilTorsdag 23. april held museet stengt grunna personalsamling.Biletet er frå ei tidlegare person...
21/04/2026

📌 Stengt torsdag 23. april

Torsdag 23. april held museet stengt grunna personalsamling.
Biletet er frå ei tidlegare personalsamling, halde på ei av våre 13 arenaer – Holvikejekta. Denne gongen skal vi samlast på Tinghuset, vårt nye fellesmagasin. Er du interessert i å lese meir om våre ulike arenaer finn du det på nettsida vår https://misf.no/

Har du sett den nye påskekrimmen "Mord i Sogn"? Mord i Sogn er nok ikkje noko nytt og på museet kan du finne både mordvå...
01/04/2026

Har du sett den nye påskekrimmen "Mord i Sogn"? Mord i Sogn er nok ikkje noko nytt og på museet kan du finne både mordvåpen og andre gjenstandar knytt til mord.

Rokken du ser på bilda tilhørte Ingeborg Olsdotter Grønlien som vart dømd for å teke livet av far sin. Drapet var brutalt: medan faren sov, slo ho han i hel med ei klubbe. For å skjule ugjerninga brann ho opp liket og spreidde restane på bøen.

Rykta spreidde seg raskt, og etter grundige forhøyr tilstod Ingeborg. 5. april 1845 vart Ingeborg avretta i Fresvik - den siste offentlege avrettinga i mitre Sogn. Omlag 2000 menneske møtte opp for å sjå på.

Det seiast at Ingeborg hadde denne rokken med seg i arrest på Vangsnes - og at ho ved eit rømningsforsøk tok med seg rokken og vart funnen neste dag, sittande og spinne under fjellet Rambera.

Rokken er eldre og årstalet 1767 og initialane L.P.S er innrissa - truleg rokkens fyrste eigar.

Løys mysteriet på De Heibergske Samlinger i påska!  🕵️‍♀️🐣--------------------------------------------------------------...
31/03/2026

Løys mysteriet på De Heibergske Samlinger i påska! 🕵️‍♀️🐣
---------------------------------------------------------------
Museet held stengt, men ute på museumsområdet kan du hjelpe oss med å finne ut kven som har teke påskeegget. Send inn svar via skjemaet ved hjelp av QR-koden eller send ein epost til [email protected] med svaret ditt. Vi trekk ein vinnar av eit påskeegg i veka etter påske.
--------------------------------------------------------------

Vi treng hjelp! 🥚
På museet hadde påskeharen gøymt eit digert, nydeleg og glitrande kjempepåskeegg med masse godt! Dette skulle delast ut til alle borna, men no har egget forsvunne! Nokon har tatt det!

Klarar du å finne ut kven som er den skuldige?

Det er lagt igjen spor etter dei mistenkte rundt omkring på museumsområdet. Finn dei mistenkte på postane.

Klar for å setje i gong?
Egget vart sist sett ved statuen av museumsgrunnleggjar
Gert Falch Heiberg 🕵️

27/03/2026

Visste du at De Heibergske Samlinger tilbyr ei rekkje ulike opplegg for skule og barnehage? Hjå oss kan de utforske fortida gjennom ekte gjenstander, levande forteljingar og praktiske aktivitetar. Korleis overlevde dei på garden på 1800-talet? Korleis gjorde dei vatn om til energi? Kva leika dei med?

På digitalt museum kan du lese meir om dei ulike opplegga våre og korleis du melder på din klasse! Link finn du i bio.

Tusen takk til alle som tok turen til oss i går🤩🐣🐰
23/03/2026

Tusen takk til alle som tok turen til oss i går🤩🐣🐰

Det var eit yrande liv på museet då De Heibergske Samlinger arrangerte påskesøndag.

20/03/2026

Kom på påskesøndag på De Heibergske Samlinger 🐥
Hjå oss kan du lage påskepynt og påskemarsipan.

Kanskje klarar du også å løyse det store påskemysteriet!

Velkomen til oss no på søndag - 11-15 🐣

Glimt frå museumskvardagen «Du som jobbar på museum. Kva gjer de på vinteren?» Dette spørsmålet trur eg alle som arbeida...
04/03/2026

Glimt frå museumskvardagen

«Du som jobbar på museum. Kva gjer de på vinteren?» Dette spørsmålet trur eg alle som arbeidar på museum har fått ein eller annan gong. Svara her er mange. Men felles for oss alle er at sjølv om det ikkje er så mange turistar og feriegjester i vintermånadane, har me nok å henge fingrane i!

Denne veka har eg reparert karder. Desse kardane er ikkje museumsgjenstandar, men rekvisittar. Det vil seie at formidlarane ved museet kan bruke desse i undervisninga eller til aktivitet under arrangement. Dei er derfor merka med museet sine initialar og bokstavane «REK» som står for rekvisitt. På den måten kan me tydeleg skilje rekvisittar frå andre museumsgjenstandar. Museumsgjenstandane våre er merka med nummer. Det har du kanskje sett i utstillingane våre?

Desse kardane byrja å bli dårlege å bruke, og hadde behov for reparasjon. Eg fjerna dei gamle kardemattene og saga til treverket. Dei nye kardemattene er nemleg litt mindre enn det dei lagde tidlegare. Så måtte eg pusse kantane og stifte på nye kardematter. Vips, så har me mange nye sett med fungerande karder.

Elevar i 9. trinn skal få prøve å karde med desse kardene i undervisningsopplegget «Museumsbuss: Å overleve vinteren».

Har du lyst til å prøve å karde? Då kan du komme på Ull- og lindag på museet 28. juni.

Helsing frå museumspedagogen

23/02/2026

Endeleg kom snøen❄️☃️
Vi går opp skiløyper på området og kan melde om nydelege forhold! Tenk å oppleve det flotte friluftsmuseet med ski på beina🤩

Sjølv om vinterferien er over i Sogn held vi ope med aktivitetar også denne veka!
Velkomen❄️

Vil du bli ein del av laget vårt i sommar?De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum søkjer engasjerte sommarvertar til ...
02/02/2026

Vil du bli ein del av laget vårt i sommar?
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum søkjer engasjerte sommarvertar til sesongen 2026!

Som sommarvert er du med på å gi gjestene våre gode opplevingar – gjennom møte med publikum, praktiske oppgåver, formidling av kulturarv og arbeid i eit inkluderande og triveleg team.

Vi ser etter deg som trivst i vertskapsrolla, er glad i å jobbe med folk – og som har lyst å bidra på eit av landets største og eldste folkemuseum.

Les meir og søk her:
https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/293213/sommarvert-de-heibergske-samlinger-sogn-folkemuseum

Del gjerne vidare!

Adresse

Mannhellervegen 643
Kaupanger
6854

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 17:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 17:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4757678206

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum:

Del