Kviteseid bygdetun

Kviteseid bygdetun Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan.

Bygdetunet har fleire utstillingar, omvising og eit rikhaldig kulturprogram gjennom heile sommaren.

Små glimt frå ein stor dag. Søndag 31. august var det Kviteseiddag i «husmannens teikn».Utsondhalli blei fylt til trengs...
07/09/2025

Små glimt frå ein stor dag.
Søndag 31. august var det Kviteseiddag i «husmannens teikn».
Utsondhalli blei fylt til trengsel denne dagen. Ein stad mellom 120 og 130 personar blei «trykt» inn i salen. Sjølv om det var trongt om plassen, var stemninga svært god.
Dagen markera fullføringa av det omfattande bokprosjektet om husmannsplassane i Kviteseid. Over 730 husmannsplassar er no omtala i seks bøker. Alle forfattarane og særleg redaksjonsnemnda fekk godord og stor takk for innsatsen, og blei heidra med eit diplom frå kommunen. Kviteseid historielag har stått for utgjevinga, og heile bokserien er gjort på dugnad.
Husmannen sjølv (Svein Dag Midtsund) fekk fortalt med skjemt og alvor om korleis livet til husmannen var. Han hadde heile salen med seg i forteljinga si.
Kulturprisen for Kviteseid, som no har blitt årleg, blei også utdela på Kviteseiddagen. I år var det Geir Håkon Eikland som fekk prisen. Denne fekk han for alt det arbeidet han har gjort med å digitalisere ættesoga for Kviteseid, og stadig stå i spissen for stadige nye tilføyingar til ættesoga.
Dagen blei avslutta med ein forrykande konsert av duoen Haugeland & Gautefall, som består av Lisa Haugeland og Herman Gautefall som no har gjort Haukomgrendingar av seg.
Foto: Marit Lien (ikkje bare lett å fotografere i ein så fullsett sal!)

26/08/2025
Husmannen i UtsondhalliHusmannen var på plass i ei nylafta stoge i Utsondhalli under sundagens opningsarrangement. Husma...
23/06/2025

Husmannen i Utsondhalli
Husmannen var på plass i ei nylafta stoge i Utsondhalli under sundagens opningsarrangement. Husmannen Thomas saman med nærare 70 andre fekk høyre direktør Dag Rorgemoen frå Vest-Telemark museum fortelje om husmannsvesenet i Vest -Telemark og meir spesifikt Kviteseid. Ikkje enkelt å seie kategorisk korleis ein husmann hadde det, hevda han. Dette var avhengig av kva plass husmannen fekk tildelt, kor grei bonden var og kor driftig husmannen var.
Han avslutta med å minne om at dei tre største kjendisane frå Vest-Telemark på 1800-talet alle var husmenn: Sondre Norheim, Aasmund Olavsson Vinje og Myllarguten.
Årets utstilling i Utsondhalli er og knytt til husmannsvesenet i kommunen. Eit bilete seier ofte meir enn tusen ord vert det hevda. Og for mange var det mest interessante dei mange detaljrike bileta av husmannsplassar.
Kjøkkengjengen hadde som alltid ordna med god graut, nysteikte vaflar og kaffi!
Johannes Skarprud med tonefylgje av Terje Smedvold avslutta dagen med eit lite musikalsk kåseri om 1800-talets Youtube og Facebook.
Heilt avslutningsvis håpa leiaren i Bygdetunstyret å sjå dei fleste att på Kviteseiddagen 31. august. Då vert den sjette og siste boka om husmannsplassane i Kviteseid lansert.
Tekst og foto: Einar Søreide

No har husmannen flytt inn i nybygd stoge på bygdetunet.Opning av utstilling om husmannsplassar i Kviterseid opnar på sø...
21/06/2025

No har husmannen flytt inn i nybygd stoge på bygdetunet.
Opning av utstilling om husmannsplassar i Kviterseid opnar på søndag 22. juni kl. 13.00.

Kviteseid bygdetun i desemberljos.Foto: Einar Søreide
13/12/2024

Kviteseid bygdetun i desemberljos.
Foto: Einar Søreide

Kviteseiddagen 2024Tradisjonen tru blei Kviteseiddagen arrangert på bygdetunet siste søndag i august.I år starta vi inne...
27/08/2024

Kviteseiddagen 2024
Tradisjonen tru blei Kviteseiddagen arrangert på bygdetunet siste søndag i august.
I år starta vi inne i Utsondhalli med eit bildekåseri om Telemarkskanalen. Ole Bjørn Ulsnæs og Nina E. Evensen har arbeidd mykje med Telemarkskanlen gjennom mange år. Saman viste dei mange artige bilde frå livet på Telemarkskanalen. Saman med mykje kunnskap og gode historiar om kanalen blei dette ei triveleg stund i Utsondhalli.
I pausa var det kanalkviss, hesteskokasting og ikkje minst klypelyftkonkurranse.
Etter pausa var det kulturprisutdeling. Ungdomens idretts-og kulturpris gjekk i år til Sondre Straand.
Kulturprisen for 2024 gjekk til Halvor Nyland.
Dagen blei avslutta med Analog Jazzband som heldt liv i forsamlinga med mykje gladjazz.

Søndag 23. juni opna Kviteseid bygdetun kunstutstilling.I år er det Anne Gro Røyland som er utstillar på bygdetunet. Fam...
24/06/2024

Søndag 23. juni opna Kviteseid bygdetun kunstutstilling.
I år er det Anne Gro Røyland som er utstillar på bygdetunet. Familieterapeuten frå Kviteseid som no bur på Hokksund, stiller ut bilde med blomar og fuglar som motiv, men er heller ikkje framand for å vera meir nonfigurativ.
Liv Sandvik Jakobsen som i dag bur på Kleivstaul i Kviteseid fortalde om vegen frå «byen» og om draumen om landsbygda for å finne røtene. Ho og mannen Thomas har forvandla eit nesten falleferdig småbruk til ein blomstrande heim med restaurerte hus og ein bognande hage. Ute på tunet ved husmannsstoga sat mannen Thomas, og spikka seljefløyter og lærde unge og gamle kunsten å få fram lyden i seljefløyta.
Etter matpausa ver det konsert med Liudmyla Kravtsuk på fiolin og Olav Holm på piano. Dei hadde også med kona til Olav, Ane, på «Ave Maria» som avslutta konserten.
Ein strålande dag var til ende, og over 80 personar hadde vore tilstades denne dagen på bygdetunet.
Utstillinga er open alle dagar (ikkje måndagar) fram til 15. august.
Bilda er tatt av Einar Søreide.

Ny låvebru på bygdetunet.Olav Dalen fekk ned den gamle låvebrua, og ikkje minst «steinrøysa» den låg på. No har Olav mur...
10/06/2024

Ny låvebru på bygdetunet.
Olav Dalen fekk ned den gamle låvebrua, og ikkje minst «steinrøysa» den låg på. No har Olav mura opp ny og høgare mur, og den gamle låvebrua komen på plass att. No skal den få rekkverk, og etter kvart kan no andre høgda i låven takast i bruk.

14/04/2024

I år blir det utstilling med bilde av Anne Gro Røyland på Kviteseid bygdetun.

Førebels ligg bygdetunet og kviler i vinterdvale, men snart er våren her!
13/03/2024

Førebels ligg bygdetunet og kviler i vinterdvale, men snart er våren her!

Adresse

Rv 41, Fjågesundvegen
Kviteseid
3850

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kviteseid bygdetun legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del