14/10/2026
TORPEDO I KRIG OG FRED.
Denne sykkelen «Torpedo» fekk Torvald Sund av naboen Edvard Sandsør i 1991. Sykkelen kjøpte Edvards far, Alf Marius Sandsør (fødd 1885, død 1966) truleg ein gong seint på 1920-tal eller først på 30-talet. Alf var vaktmester på Levanger Folkeskole og budde i vakmeisterleilegheita i 1.etasje på raudbygget, eit sveitserhus, som vart rive i 1987. Alf kom frå Sandsøra på Ytterøya og dreiv i ungdomsåra frakting av grakse frå Hitra og innover fjordane. På Hopsjøen arbeidde han om somrane som altmulegmann på kaia og i butikken. Her vaks jenta Dagborg Neerland opp, og ho var 8 år da ho for første gong møtte Alf ( i 1905) som da var 20 år. I følgje Dagborg forelska ho seg i han alt den gongen, og da ho var 14 år gamal forlova dei seg. Da ho var 16 år gifta dei seg og flytta til Levanger. Her hadde Alf fått jobb som vaktmeister på skolen. Dei fekk to ungar like etter kvar andre, Agnes i 1913 og ein son i 1915. I 1919 vart begge ungane sjuke, og da bar Alf dei med seg til Innherred sjukehus. Da han kom tilbake til heimen var ingen av ungane med, begge hadde døydd av Spanskesjuka. Kona Dagborg kledde seg frå den dagen i svart og gjekk berre i svarte klede resten av livet, og ho vart sterkt truande. I 1922 fekk dei sonen Edvard og like etterpå dottera Anne Marie.
Vaktmeisterjobben kasta såpass av seg at han fekk råd til å kjøpe ein sykkel av merke Torpedo. På den rei han omkring i Levangers gater. Under krigen brukte sonen Edvard og sykkelen, for da å spre hemmeleg bodskap til andre. Raudbygget var tidvis okkupert av tyskarane. I 1. etasje budde Sandsør-familien som før, men alle rom i resten av bygget var besatt av tyskerar. På mørkloftet hadde Alf radio, hit lista han seg og hørte Kongen tala frå London medan tyske soldatar sat i romma under han og grein og lengta heim. Kona Dagborg tykte så synd på dei at ho baka brød til dei. Rødskolen var under krigen eit reir med ulike skjebnar, norsk motstand på ei side og nazi-ideologi på den andre. Om denne sykkelen kunne tala hadde du nok hørt kong Håkon den 7. frå London. Sonen Edvard arva sykkelen, men brukte han svært lite.
Sykkelen stod i garasjen i Markvegen heilt til grannen Torvald Sund fekk han i 1991. Torvald har donert sykkelen til Bymuseet og befinner seg nå i Hveding Auto.