Presthaugen ligg rett bak Norsk fjellsenter. Trivsel, avkopling, natur og kultur - alt i Lom sentrum. Kom å sjå våre 22 verneverdige hus frå 16-, 17- og 1800-talet. Storstabburet er blant Noregs største, og eldste stabbur. Her har vi utstillinga "vatn og korn". Gratis inngang på heile museet. I sommarsesongen: Omvising enkelte dagar - sjå annonsering. Kvar onsdag i juli er det aktivitetar for store og små. Desse blir annonsert her på sida. Korleis finn du oss? Du går opp forbi Norsk Fjellsenter, forbi Storstabburet, og så inngangen til venstre. Det tek ca 2 minutt å gå frå Fjellsenteret, 4 minutt frå sentrum. Parkering i sentrum, ved Lom stavkyrkje eller ved Fjellsenteret. Begrensa plass ved inngangen.