Bjørn West Museet - Museum Vest

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Bjørn West Museet - Museum Vest WW2

Museet om Motstandsgruppa Bjørn West i Masfjorden. Dei siste kampane i Noreg under 2. verdskrigen. De siste kampene i Europa fant sted her i fjellene.

Motstandsgruppa Bjørn West etablerte seg i Masfjordfjella og kom i kamp med tyske styrker de siste krigsdagene under Andre Verdenskrig.

Velkomen til Bjørn West-museet laurdag 12. og sundag 13. september.Me er ope frå kl. 11 til 17 båe dagar.Inge er museums...
12/09/2026

Velkomen til Bjørn West-museet laurdag 12. og sundag 13. september.

Me er ope frå kl. 11 til 17 båe dagar.

Inge er museumsvert og tek i mot deg.

BJØRN WEST-MUSEET ER HELGEOPE I SEPTEMBER.Kvar helg i september er Bjørn West-museet ope laurdagar og sundagar  frå kl. ...
05/09/2026

BJØRN WEST-MUSEET ER HELGEOPE I SEPTEMBER.

Kvar helg i september er Bjørn West-museet ope laurdagar og sundagar frå kl. 11 - 17.

Du er hjarteleg velkomen.

Kong Harald på Bjørn West-museet.På vegne av Bjørn West-museet har eg i dag sendt inn bilete til NRK si nettside som ska...
03/09/2026

Kong Harald på Bjørn West-museet.

På vegne av Bjørn West-museet har eg i dag sendt inn bilete til NRK si nettside som skal visa Kong Harald sine vitjingar i nesten samtlege kommunar i Noreg.

Kong Harald var på Matre 15. oktober 1994. Føremålet var å opna Bjørn West Museet - Museum Vest på Matre.

Bileta er tatt av Kenneth Monsen på vegne av Bjørn West-museet.

Sjå også eit flott innslag frå Dagsrevyen den same kvelden.

PS: Far til Kong Harald - dåverande Kronprins Olav - var på Matre 29. juli 1949. Den gongen for å avduka minnestøtta i Stordalen i Matrefjella - til minne om dei sju som vart drepne i kampane her - for vår fridom.

Kong Harald og dronning Sonja rakk å besøke nesten alle landets kommuner. Se blinkskuddene fra din kommune.

LANGOPE 23. AUGUST.I morgon sundag 23. august har Bjørn West-museet longope frå kl. 10 - kl. 18.I samband med Bjørn West...
22/08/2026

LANGOPE 23. AUGUST.

I morgon sundag 23. august har Bjørn West-museet longope frå kl. 10 - kl. 18.

I samband med Bjørn West Marsjen ønskjer me at flest mogeleg skal få høve til vitja museet - og med det få innsikt i nokre av dei dramatiske historiane som er bakgrunnen for at Bjørn West- marsjen vert arrangert.

Velkomen-

LANGOPE PÅ BJØRN WEST-MUSEET 23. AUGUSTSundag 23. august har Bjørn West-museet langope frå kl. 10 til kl. 18.Slik vonar ...
20/08/2026

LANGOPE PÅ BJØRN WEST-MUSEET 23. AUGUST

Sundag 23. august har Bjørn West-museet langope frå kl. 10 til kl. 18.

Slik vonar me at dei som tek del i ein av dei to marsjane og/eller arrangementa ved Stordalen fjellstove også skal ha høve til å vitja Bjørn West-museet på Matre.

Bjørn West-marsjen har vore arrangert kvart år sidan 1983 – til minne om dei som kjempa for vår fridom i Masfjordfjella 1944/1945.

Seks av Bjørn West-soldatane samt fjellbonden og sivilist Torgeir Stordal (76 år) - vart drepne berre dagar før krigen var slutt.

På Bjørn West-museet formidlar me historia om Bjørn West, bygdefolket som hjelpte til – og historia om fangeleiren på Matre med over 200 fangar frå det tidlegare Sovjet.

Du er hjarteleg velkomen.

Fredag 21. august: Ope 11 – 17
Laurdag 22. august: Ope 11 – 17
Sundag 23. august: Ope 10 - 18

Du kan melda deg på Bjørn West-marsjen her:
https://www.letsreg.com/no/event/bjorn_west-marsjen_2026…

I dag gjekk Bjørn West-museet i "Bjørn West sine fotspor".Søndag 23. august vert den 44. Bjørn West-marsjen arrangert.Du...
17/08/2026

I dag gjekk Bjørn West-museet i "Bjørn West sine fotspor".

Søndag 23. august vert den 44. Bjørn West-marsjen arrangert.

Du er hjarteleg velkomen til å gå ein av dei to rutene (lang eller kort) eller møte opp til arrangementa i ved målområdet ved Stordalen Fjellstove.

1415: Konsert med Lars Rognald m/vener

1500: Friluftsgudsteneste ved sokneprest i Masfjorden Bjørn Dalsgård Nygård.

1600: Minneseremoni. Tale ved Ane Kvaal - politimeister i Vest politidistrikt. Ho legg også ned krans ved minnesteinen.

Bjørn West-museet har langope frå kl. 10 til kl. 18 søndag 23. august.

https://www.facebook.com/bjornwestmarsjen/posts/pfbid02TXVrFoEB5h787UMzHZ1LRJzrNaqoXBjz3b9uayqvA1FuMbqeMmjqEZxCKzt6GA7Ll

EIN SPEKTAKULÆR OMVEG GJENNOM KRIGSHISTORIE OG VAKKER NATUR.Bjørn West-basen vart lagt til Masfjordfjella mellom anna gr...
30/07/2026

EIN SPEKTAKULÆR OMVEG GJENNOM KRIGSHISTORIE OG VAKKER NATUR.

Bjørn West-basen vart lagt til Masfjordfjella mellom anna grunna ville fjellområder og mange stølar.

I dag kan du oppleva både spektakulær natur og dramatisk krigshistorie ved å køyra ein "omveg" mellom Matre og Oppedal fergekai.

Du startar sjølvsagt på Bjørn West Museet - Museum Vest - køyr gjennom den dramatiske Matresdalen - stopp ved utsiktspunktet ved Fosse Gard - køyr langs Klavefjellet der det det siste slaget i 2. verdskrigen fann stad - ta ein betre middag eller kaffekopp på historisk Stordalen Fjellstove. (hovudkvartær for BW siste månaden) - køyr vidare over demningar og fjell til du kjem til den dramatiske nedkøyringa til Førde/Nesheim/Bjordal/Osland som ligg langs ein sidearm til Sognefjorden.

Om du har god tid kan du overnatta på Nesheim Camping - herfrå kan du ta avstikkaren til Ortnevik - eller køyra fylkesvegen langs Sognefjorden attende til Oppedal.

Undervegs stoggar du sjølvsagt på det unike Massnes Villmarksmuseum - der får du innsikt i livsverket til Olav Fridtun - og oppleva forteljargleda og kunnskapen han innehar.

Når du kjem til Oppedal fergekai kan du ta E39 attende til Matre og Bergen - eller ein av dei mange alternative rutene nordover eller sørvestover.

God tur.

77 ÅR SIDAN KRONPRINS OLAV AVDUKA MINNESTØTTA I STORDALEN. Olsokdag – 29. juli – 1949 var det samla om lag 3000 menneske...
29/07/2026

77 ÅR SIDAN KRONPRINS OLAV AVDUKA MINNESTØTTA I STORDALEN.

Olsokdag – 29. juli – 1949 var det samla om lag 3000 menneske på Osen ved Stordalsvatnet.

Kronprins Olav og forsvarsminister Jens Christian Hauge var i Matrefjella for avduka minnestøtta over dei norske fallne under kampane her våren 1945.

Bjørn West- soldatane; Arnold Mathiesen, Arne Lampe, Henning Wernøe, Johan Hansen Gatland, Jakob Åsheim og Odd Narve Tindeland samt Stordalsbonden Torgeir Stordal vart drepen i fjella her mellom 28. april og 5. mai 1945.

I dag står minnestøtta ved Stordalen Fjellstove.

I dag har Bjørn West-museet lagt ned ein blomebukett ved minnestøtta for å markera vår takksemd til dei som gav det mest dyrbare dei hadde – sitt liv – for vår fridom.

Under Bjørn West-marsjen 23. august vert det halde minneseremoni og lagt ned krans ved minnestøtta kl. 16.

Adresse

Matre 41
Matredal
5984

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bjørn West Museet - Museum Vest legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Bjørn West Museet - Museum Vest:

Snarveier

Del