Norsk Skieventyr

Norsk Skieventyr Ski- og polarhistorie og skiglede samla på ein plass! Skihistory and fun, all in one house! www.vtm Ope heile året. Her står Sondre-stoga open.

Norsk Skieventyr
Norsk Skieventyr er ein naturleg stad å stoppe langs E134. Det spesielle bygget byr på ei multimedia-reise gjennom norsk ski- og polarhistorie og ikkje minst god, heimelaga mat på Innsvingen Kafé. Utstillinga startar med ei framstilling på storskjerm av skihistoria gjennom 4000 år, byr deretter på glimt frå Morgedal i 1850-åra, held fram i ein skimakar-verkstad, fortel om kappløpe

t mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip, sjå utstyret og historia til bl.a. Andreas Håtveit og Terje Håkonsen, og til slutt: i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret! Opningstider og prisar finn du her www.vtm.no
I museet finn du også ein god kafe. Det store suvenirutsalet har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne ser at du får med deg det beste av Morgedal. Det er gratis internett-tilgang for dei som gjerne vil sjekke korleis det står til heime. Utanfor Skieventyret, ute i tjønna, flammar framleis den olympiske elden. Elden blei tent første gongen her i Morgedal føre Dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994. Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge. Omvisarar står til disposisjon for enkeltpersonar eller grupper som gjerne vil ha fleire detaljar og større innsikt i soga om Morgedal og dei personane som ”la låmi” for den moderne skisporten

Den beste staden å oppleve skikultur og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski-...
06/05/2026

Den beste staden å oppleve skikultur og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei reise som startar 4000 år tilbake, og endar i moderne tid.
Skimuseet i Morgedal har ope 10-17 alle dagar i perioden 1. mai til 15. september. Her finst óg ein innhaldsrik museumsbutikk.
Kafeen har ope 11-17 alle dagar i museets hovudsesong.
Besøk gjerne vår heimeside: www.vtm.no

1.mai meny i museumskafeen på Norsk Skieventyr🇳🇴Ovnsbaka laks m/romesalat, potet og saus kr 285,-Komle m/salt røkt lamme...
29/04/2026

1.mai meny i museumskafeen på Norsk Skieventyr🇳🇴
Ovnsbaka laks m/romesalat, potet og saus kr 285,-
Komle m/salt røkt lammebog, pølse og bacon, kålrot kr 299,-
Vilt karbonade m/potet, fløtesaus, tytebærrome, grønsaker kr 259,-
Pommes frites m/to pølser kr 79,-
Kaker, sveler og diverse:-)
Kafé og museum ope frå kl 10:00. Varmmat frå kl 12:00
Vel møtt!

Når Norsk Skieventyr opnar dørene til ein ny sesong fredag 1. mai, kan også museumsbutikken friste med mange fine varer....
22/04/2026

Når Norsk Skieventyr opnar dørene til ein ny sesong fredag 1. mai, kan også museumsbutikken friste med mange fine varer.
Ope 10-17 kvar dag fram til og med 15. september 🤩

22/04/2026

Snart ny sesong!

OL er over for denne gong, men det er aldri for seint å gjere som Johannes Høsflot Klæbo og reise til Morgedal for å få ...
02/03/2026

OL er over for denne gong, men det er aldri for seint å gjere som Johannes Høsflot Klæbo og reise til Morgedal for å få litt historisk boost og gamaldags skipower🥇🏆💪

Før OL i Milano Cortina trenger Johannes Høsflot Klæbo litt ekstra ski-power.Svaret finner han der alt startet – i Morgedal, skisportens vugge og fødestedet ...

Me ynskjer å gratulere alle samar med deira nasjonaldag! Læhkoeh biejjine! Lihkku beivvin!Skiløping er eit gamalt samisk...
06/02/2026

Me ynskjer å gratulere alle samar med deira nasjonaldag!
Læhkoeh biejjine! Lihkku beivvin!

Skiløping er eit gamalt samisk kulturelement. Ski har vore eit viktig framkomstmiddel på vinteren, under fangst, reingjeting og på reiser. Mykje tydar på at samar var først ute med å bruke korte ski i diagonalgang med to stavar. Hellerissingar frå Zalavruoga viser teikningar med hol på begge sider av spora, og ved nærmare studiar ser ein at samar har bruka diagonalteknikk på flat og motbakke. Ved Vest Telemark museum har vi to samiske skistavar, og på Norsk Skieventyr i Morgedal viser museet fram stolte skitradisjonar, som høyrer til i ein fleire tusen år gamal tradisjon.
Sjekk ut skistav fra samlinga i Digitalt museum: https://digitaltmuseum.org/011025216468/stav
Me ynskjer og arvtakarar i skisporten frå denne lange tradisjonen lukke til i vinter OL 2026.

Jorunn ynskjer velkomen til museumskafeen på Norsk Skieventyr i helga!Fredag 30.jan. 15:00 - 17:00: burger, pylse m/brød...
30/01/2026

Jorunn ynskjer velkomen til museumskafeen på Norsk Skieventyr i helga!
Fredag 30.jan. 15:00 - 17:00: burger, pylse m/brød, kaker og sveler.
Laurdag 31.jan - 12:00 - 17:00: burger, pylse m/brød, suppe, sveler, kaker.
Sundag 1.feb. - 12:00 - 17:00: Viltkarbonade m/lauk, tyttebærrome, poteter og saus kr 249,- Lammeskank m/potetpuré og grønsaker kr 299,- Ishavsrøye m/romesaus, agurksalat og poteter kr 289,-

Morgedal vinterfestival næmar seg med stormskritt. Sundagen i festivalhelga, den 1. februar, blir det topptur med kjentf...
26/01/2026

Morgedal vinterfestival næmar seg med stormskritt. Sundagen i festivalhelga, den 1. februar, blir det topptur med kjentfolk til Jåfjell i Ordal ⛷️🎿
Start ved Nystaulvatnet som ligg 620 moh. og etter ca. 3,5 kilometer står ein på toppen av Jåfjell, 1060 moh. Det er mogleg å velje fleire ulike alternativ ned att.
Ein må rekne ein bomavgift på kr. 80,-.

Interesserte møtast som planlagt ved Norsk Skieventyr kl. 10.00 for samla transport. Ynskjer du å teste randoneeutstyr, send ein e-post til 👉 [email protected] 😊

Sjekk for øvrig ut heile festivalprogrammet: https://www.facebook.com/events/1097227502616801

21/01/2026

Sondre Norheim frå Morgedal i Telemark var ein einer innan langrenn, alpint og hopp på 1800-tallet. Han var ein av de store pionerane innan moderne skisport og var delaktig i utviklinga av nytt utstyr, særleg skibindingar og telemarksski.

To kongepokal-vinnarar frå Morgedal utvandra til USA på 1880-talet - og skapte sjølve hoppsporten. Snart kan du sjå utst...
20/01/2026

To kongepokal-vinnarar frå Morgedal utvandra til USA på 1880-talet - og skapte sjølve hoppsporten. Snart kan du sjå utstillinga om brørne Hemmestveit og «Red Wing style»!

I sesongen 2026 skal Norsk Skieventyr vise utstillinga «SKY CRASHERS - Brørne Hemmestveit og Aurora Ski Club of Red Wing».
Rett etter at dei vann kvar sin kongepokal i Husebyrennet - høvesvis i 1886 og 1888 - utvandra brørne Mikkel og Torjus Hemmestveit frå Morgedal til USA.
«Snow-shoeing» (skigåing) og ikkje minst skihopp var heilt ukjende aktivitetar «over there»; det var berre skandinaviske innvandrarar som dreiv med slikt. Mikkel Hemmestveit viste fram kombinert-kunstane sine for alle på vinterkarnevalet i Minneapolis/St. Paul i 1887, og imponerte stort ved å hoppe 11,3 meter i skibakken i småbyen Red Wing, ikkje langt unna.
Entusiasmen for skihopp spreidde seg lynraskt i alle dei «skandinaviske» delstatane. Berre i Minnesota oppstod det 34 skiklubbar i løpet av få år.

I 1888 kom også Torjus Hemmestveit frå Morgedal til USA.
Som medlemmar av Aurora Ski Club of Red Wing blei Mikkel og Torjus USAs første skihopp-stjerner. Verdsrekordane deira på 31,1 (1891) og 31,4 meter (1893) blei ståande heilt til 1905.
Brørne skapte «Red Wing style», ein rak hoppstil utan stav, basert på Sondre Norheim sine Telemarks-hopp ein generasjon tidlegare. Stilen blei verdskjend og utgangspunkt for all hoppsport sidan.
Brørne opplevde både triumfar og tragediar i USA. Mikkel reiste attende til Noreg, medan Torjus blei buande. I 1928 fekk dei Holmenkollmedaljen saman.

Utstillinga vil fortelje amerikansk skihistorie med bilete, gjenstandar og film. Opningstilstelling blir sundag 3. mai. Då blir det også konsert med Ottar Kåsa og Laura Ellestad; «Hardingfela i Nord-Amerika». Høve til å spise middag i mellom. Me kjem tilbake med meir informasjon seinare.

Norsk Skieventyr har ope kl. 10-17 alle dagar mellom 1. mai og 15. september. Me tek i mot gruppebestillingar heile året.

Adresse

Morgedalvegen 159
Morgedal
3848

Telefon

+4735069080

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Norsk Skieventyr legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Norsk Skieventyr:

Del