13/02/2026
Vil du ha sommarjobb hjå oss? Me treng kjekke kollegar i vakre Agatunet! Sjå agatunet.no for meir informasjon om stillingane og søk innan 22. februar!
Ope alle dagar kl. 11-17 på sommaren.
1.9-14.12 etter avtale. Velkomen til oss! agatunet.no UNIKT KULTURMINNE! Kafé, utstillingar, butikk, omvising.
Aga 90
Nå
5776
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Agatunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Send en melding til Agatunet:
45 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. 30 av dei tilhøyrer Stiftelsen Agatunet, og vert no drifta av Hardanger og Voss museum. Dei siste 20 åra har tunet vore ope for publikum i sommarhalvåret, med omvisingar, kafé, utstillingar, konsertar, servering og arrangement. Me tek i mot gruppar heile året, og leigar ut lokale til private arrangement. Me har og eit leike- og aktivitetsrom for born.
Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst mange fornminne både i og utanfor tunet - til dømes gravrøysar, gravhaugar, bautasteinar, offergroper og helleristing. Ein del av desse ligg ved det gamle havneområdet, Skjervika.
Det eldste huset i Agatunet er Lagmannsstova. Nye undersøkingar viser at den var bygd fleire tiår tidlegare enn det ein før har trudd. Byggåret er no sett til kring 1220. Lagmannsstova, saman med to attverande steinrom, var del av eit større, representativt bustads- og administrasjonsanlegg av europeisk modell. I bygget var det og privat kapell. Her budde riksråden, riddaren og gulatingslagmannen Herr Sigurd Brynjulvsson, som var fødd omlag 1240 og levde til 1303. Deler av anlegget, med fire steinrom, vart rive i 1811. I dag er Lagmannsstova det einaste huset i sitt slag i Noreg. Herr Sigurd har tilhøyrd ei maktelite som deltok i statsforvaltinga i høgmellomalderen, og me forstår stadig meir av Hardanger og Aga si posisjon i denne tida.
Mykje tyder på at Agagarden og Herr Sigurd har vore mykje viktigare enn me før har trudd. Lagmannsstova reknast som landets eldste rettssal - her vart den fyrste fullstendige skildringa av ein rettssak me har bevart i Norge nedtegna - Bleiediplomet. Originalen er i dag i Bergen, men ein kopi av pergamentdiplomet kan sjåast i Lagmannsstova. Sigurd sat og som riksråd i formyndarstyret til kong Eirik Magnusson, som vart konge i 1280, berre 12 år gamal.