11/05/2026
🌤️ For ein dag me hadde på Limagarden i går!
🍎 Både vaksne og barn stilte med rause smil og god stemning. Henry Tendenes fortalde om dyrking av grønsaker i pallar, mens Ragnvald Gramstad var i eplehagen og fortalde om skjøtsel av epletre.
🌱 Ein spesiell takk til Hageselskapet i Rogaland med særleg god hjelp frå medlemmane frå Ålgård, Bersagel og Oltedal.
☀️ Rakk du ikkje besøka oss i går? Me har ope på Limagarden på sundagar framover, og vertar tek deg vel imot. Det er sal av kaffi, juice, is og heimelaga kjeks. Og i juli er det opent kvar helg (fredag-sundag). Då vil det vera forskjellige aktivitetar du kan delta på. Meir informasjon om aktivitetane kjem!