Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger fartøyvernsenter Nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern. Historic preservation shipyard and maritime museum - with boatbuilders, blacksmiths and ropemakers.
(460)

Hardanger Maritime Centre is an historic shipyard and museum with open workshops. Our rope walk, small boat workshop and smithy produce products for sale. See fartoyvern.no for more info. På Hardanger fartøyvernsenter er verkstadane (smie, reiparbane, båtbyggjarverkstaden og retaureringsverft) ope for besøkande, og me har aktivitetar for heile familien. Hardanger fartøyvernsenter er eit nasjonalt

kompetansesenter for fartøyvern og det største fagmiljøet for restaurering av båtar og fartøy i Norden. Me vidareførar dei tradisjonelle maritime handverksfaga. Les meir på fartoyvern.no

Kabelslått manilla - dei faglege utfordringane lar ikkje vente på seg for vår nyutdanna reipslagar Marieke. Når fleire f...
17/06/2026

Kabelslått manilla - dei faglege utfordringane lar ikkje vente på seg for vår nyutdanna reipslagar Marieke. Når fleire ferdige tau vert brukte som kordelar og slått saman til eitt større tau, kallar me det ein kabel.

Foto: Silje Ensby/Hardanger fartøyvernsenter

Snorklypping for Handverkartunet! Me har markert mykje det siste året – og det er fordi eit stort og mangeårig utvikling...
16/06/2026

Snorklypping for Handverkartunet!
Me har markert mykje det siste året – og det er fordi eit stort og mangeårig utviklingsarbeid har materialisert seg i fleire store delprosjekt som kvar for seg fortener sin eigen fanfare.
På fredag markerte me ikkje berre ferdigstillinga av fleire delprosjekt, men òg at det overordna utviklingsprosjektet Tett på no er i mål. Kulturdepartementet, Vestland fylkeskommune og Kvam herad har vore solide økonomiske støttespelarar.

Ordførar Torgeir Næss har vore med på store delar av reisa og kom, som vanleg, med treffande og gode ord då han offisielt opna Handverkartunet.

Med oss denne dagen hadde me arkitekt Solveig Valland frå Geoplan AS, utførande Åsane Byggmesterforretning og støttespelarar frå Sparebanken Norge. Prosjektleiar emeritus Geir Madsen var òg til stades og kunne skåla for at mange års arbeid har bore frukter.

Me markerte òg det nye aktivitetsbaserte formidlingstilbodet vårt, som er utvikla ved senteret under leiing av Silje Ensby, med god hjelp frå handverkarane våre. Tilbodet er finansiert med støtte frå Vestland fylkeskommune, Kvam herad, Bergesenstiftelsen og UNESCO-kommisjonen.

Til slutt gjekk turen inn i filmsalen, som me er svært takksame for at Sparebanken Norge støtta, slik at me fekk både amfistolar og teknisk utstyr med universell utforming. Auditoriet er ein viktig ressurs for utdanningane som har samlingar hjå oss, og vert flittig nytta til seminar, førelesingar, føredrag og filmvisingar.

Utstyr er bra, men godt innhald er endå viktigare. Fram mot opninga av den nye filmsalen har Randi Storaas arbeidd med å restaurera dei historiske filmane som er hjartet i den kulturhistoriske formidlinga vår. Dette har vore mogleg takka vere støtte frå Eckbos legat, Vestenfjelske bykreditts stiftelse og Bergesenstiftelsen.

No går me ein travel sommar i møte og håpar å sjå deg her som gjest.☀️

Foto: Silje Ensby/Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger trebåt og handverksfestival - takk for denne gang!🥰Foto: Silje Ensby/Hardanger fartøyvernsenter
14/06/2026

Hardanger trebåt og handverksfestival - takk for denne gang!🥰

Foto: Silje Ensby/Hardanger fartøyvernsenter

Festivalhelg dag 2 - me har vanlege åpningstider idag, 10-17, velkomne!
14/06/2026

Festivalhelg dag 2 - me har vanlege åpningstider idag, 10-17, velkomne!

I helga vert heile bygda forvandla til ei stor festivalscene - kaia, hotellet, idrettshallen, kyrkja - konsertar, salsbo...
10/06/2026

I helga vert heile bygda forvandla til ei stor festivalscene - kaia, hotellet, idrettshallen, kyrkja - konsertar, salsbodar og aktivitetar finn du i kvar ein krik og krok denne helga - her ser du dei ulike konsert- og festivalarenaene:

Det nærmar seg festival! Her er ein oversikt over kva som skjer her på plassen laurdag-sundag, på Hardanger trebåt og ha...
10/06/2026

Det nærmar seg festival! Her er ein oversikt over kva som skjer her på plassen laurdag-sundag, på Hardanger trebåt og handverksfestival 🥳

For fullt festivalprogram, sjå trebaat.no!

What a treat to have Georg Stage visiting these days, generously showing both our staff and museum guests the ship, and ...
09/06/2026

What a treat to have Georg Stage visiting these days, generously showing both our staff and museum guests the ship, and giving a glimpse into life on board.

Takk for besøket, og god seglas sørover!

Dagens utsikt - sjøsetting av nybygd færing - med Georg Stage ved kai 😍/Today's view🤩 Launching and test roing a new bui...
08/06/2026

Dagens utsikt - sjøsetting av nybygd færing - med Georg Stage ved kai 😍
/
Today's view🤩 Launching and test roing a new build from the small boat workshop, with the beautiful Georg Stage as a backdrop.

Foto: Silje Ensby/Hardanger fartøyvernsenter

Adresse

Sandvenvegen 56
Norheimsund
5600

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 14:00
Onsdag 11:00 - 14:00
Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 17:00
Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 11:00 - 16:00

Telefon

+4747479839

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardanger fartøyvernsenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Hardanger fartøyvernsenter:

Del