VØLT av Heidi Bjørnsdotter

VØLT av Heidi Bjørnsdotter Heidi Bjørnsdotter Thorvik
Gjenbruk, reparasjon og produkt i rå naturmaterial.

KURSI vår har eg to kurskveldar i Oslo med tema:REPARASJON OG STING11.april23.maiKl 18-21hjå  i NydalenFORTSATT LEDIGE P...
07/04/2024

KURS
I vår har eg to kurskveldar i Oslo med tema:
REPARASJON OG STING
11.april
23.mai
Kl 18-21
hjå i Nydalen

FORTSATT LEDIGE PLASSER

Påmelding: Du vipser meg,
og merker med kursdato.
Tlf 48070126
650 kr pr kurs

Velkommen! ♻️💚

Og del gjerne!

Eg fortel om mitt virke, og du får sjå korleis eg arbeidar dekorativt med sting.
Du vil lære:
-Ulike reparasjons teknikkar,
både synlege og usynlege
-Ulike broderi-og stingtypar
-Enkel stoppeteknikk
-Overføring av mønster på plagg
-Korleis du fester lappar på plagg

Du kan komme utan forkunnskap.
For meir info, sjekk sidene til Home Workspace!

Velkommen!

Foto

SKOGENrett ved der eg bur i Oslo. Takk og pris for det! :)
21/09/2023

SKOGEN
rett ved der eg bur i Oslo. Takk og pris for det! :)

Frå Trollstigen til Bruraskaret - toppen av Trollveggen.I vekslande vær vart det eit slags Mordor aktig landskap.  Stein...
11/07/2023

Frå Trollstigen til Bruraskaret - toppen av Trollveggen.
I vekslande vær vart det eit slags Mordor aktig landskap. Stein så langt auga rekk. Mektig. Er så sjukt stolt over å mestre høgdeskrekk. For nokon er dette ingenting, eg veit. Men for meg eit sjumilssteg. Frå å tru at eg kom til å dø som 13 åring i berg og dalbane, sitte skrekkslagen som 19-åring på Preikestolen 15 meter frå kanten eller sitte å gråte langt unna Bolten på Kjerag. 😳 Her kikkar eg altså ned den loddrette veggen på 1000 m. Og eg konkurrerer kun mot meg sjølv. Fordi eg har lyst til å utfordre meg sjølv. Enorm siger og mestringsoppleving. Alldeles nydeleg at det ikkje er forseint sjølv om ein er 55.
Go ladies!! 💪😍





Frå to av dei tre utstillinganeBØTE, DUGURD og AURBUpå .vaga i regi avKuratert av Eg deltek med fire reparerte plagg frå...
27/06/2023

Frå to av dei tre utstillingane
BØTE, DUGURD og AURBU
på .vaga i regi av
Kuratert av

Eg deltek med fire reparerte plagg frå min eigen garderobe. Gamle skattar med historie eg ikkje hatt hatt hjarte til å kaste:
Linskjorta frå mor, ulljakka til farfar, ei slitt olabukse og eit redesigna og reparert skjørt.

Men dette handlar mest om å vere ein del av noko større.
Utstillinga BØTE er eit samarbeid med Vågå Husflidslag.
har laga fantastiske illustrasjonar og ein finn gamle reparerte plagg frå både Osterøy museum og Maihaugen.

Ustillinga DUGURD er nydeleg satt saman av gamle gjenstandar og nytolka produkt av unge designarar frå blant anna og

Etter mitt hjarte det finaste arbeidet Kirsten Visdal har gjort.

Fotograf Espen Grønli bidrar med sterke portrett av alle bidragsytarar.

Ullinsvin husar også store separatutstillingar av H.M. Dronning Sonja og Kjell Erik Killi Olsen denne sommaren.
Og separatutstillinga REiN av Orsolya Haarberg.

Er du glad i kulturlandskap, solsvidde trevegger, gammal byggeskikk og gamle gjenstandar, kunst, design og kunsthåndverk. Gammalt og nytt nydeleg satt saman - då må du rett og slett ta turen til Vågå i sommar. Eg garanterer - du vil ikkje angre. 🤎

Buksa frå SurnavikReparert og brodertTil sommmarutstillinga"Tri frå Erfjord" ved  2023Foto Når eit plagg vart lagt i veg...
15/06/2023

Buksa frå Surnavik

Reparert og brodert
Til sommmarutstillinga
"Tri frå Erfjord" ved 2023

Foto

Når eit plagg vart lagt i veggen som isolasjon på 1930-talet, var det godt brukt. Reparert igjen og igjen, lag på lag til det ikkje var meir igjen å fikse. Sterk kontrast til fast fashion og klesindustri anno 2023. Det gamle fjoset frå 1936 skulle vølast. Ut av veggen ramla brakje (einer), ullsokkar, aviser og ei fillete bukse. Synet av fillene fekk Frode og May Kristin til å tenkje på vølinga mi. For ei lukke. For ein skatt å få i gåve. Som først måtte vaskast og skyljast. Varsamt, mange gonger etter alle kunstens reglar. Til vatnet vart klårt. I arbeidet har eg teke i bruk gamle, enkle og kvardagslege reparasjonsteknikkar: Lapp utanpå, lapp på innsida, enkle sting, synleg og usynleg, stopping, kile for å vide ut, og ekstra stoff for å byte ut morkne og heilt øydelagte delar. Bit for bit, sting for sting har eg lappa buksa saman. Eg kjempar ein slags krig med nål og tråd. Eit sting, to sting, tre sting blir fort mange sting. Ein skal ikkje undervurde eigne bidrag for ei betre verd og ein friskare klode.
-Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt.
Det er meir en fillete klede som treng reparasjon.
Det handlar om å utnytte ressurser på ein god måte. Det viste folk før. Dei kunne kunsten å koke suppe på spiker.
Eg trur me må tilbake for å finne vegen fram.

JordklodeBroderi del av sommarutstilling 2023 i Suldal.Tusen takk for fint foto May! :) Om å ta vare på og om å reparere...
15/06/2023

Jordklode
Broderi del av sommarutstilling 2023 i Suldal.

Tusen takk for fint foto May! :)


Om å ta vare på og om å reparere.

Frå utstillinga"Tri frå Erfjord"som er å finne på  denne sommaren."Tri" utflyttarar vart invitert "him". Ein kunstnar, e...
07/06/2023

Frå utstillinga
"Tri frå Erfjord"
som er å finne på denne sommaren.
"Tri" utflyttarar vart invitert "him".
Ein kunstnar, ein designar/gründer og ein lærar/kunsthåndverkar.
Fantastisk fint å få bli med på dette med to jenter som både imponerer og inspirerer meg.

bidreg med blant anna
"2023" Material: Gips, stol, stein
hadde eit inspirerande foredrag om fantastiske .no på Helgelandskysten. Du finn også ein stand.
Tusen takk til Kulturhuset, musikarar og til alle som kom. Inkludert sju av lærarane våre frå barneskulen. Det varma langt inni hjartet. Til slutt ikkje minst tusen takk til Suldal Kunstlag for intiativ og invitasjon.

Dette blir fint.Gledar meg.
30/05/2023

Dette blir fint.
Gledar meg.

08/04/2023

♻️♻️♻️

STOPPINGKurs 16. februar i Oslo.Sjekk lenka øverst i min Instagram feed for meir info. Du kan også melde deg på her! :) ...
11/02/2023

STOPPING
Kurs 16. februar i Oslo.
Sjekk lenka øverst i min Instagram feed for meir info.
Du kan også melde deg på her! :)
Velkommen! 🤎







OM Å STOPPE OPPÅ reparere plagg ein er glad i gir glede. Å reparere for andre gir større glede. Å reparere handlar om å ...
11/02/2023

OM Å STOPPE OPP
Å reparere plagg ein er glad i gir glede. Å reparere for andre gir større glede. Å reparere handlar om å vere takknemleg for det ein har.
Torsdag 16. mars har eg kurs i den gamle teknikken stopping.
Kl 18 i Banken /Home Workspace, Grefsenveien. Det er fortsatt ledig plass. Meld deg på til meg her el via mail. Meir info finn du ved gå inn i på lenka øverst i min Insta feed.



Adresse

Oslo

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når VØLT av Heidi Bjørnsdotter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del