24/05/2026
Har du sikra deg billett med fjordabåtene sin 2.pinsedagstur til Kystmuseet?
Om du ikkje har tenkt å komme med ein av båtane er du uansett hjarteleg velkommen til å besøke museet og båtane mens dei ligg ved kai.
Program for dagen:
🔵 12-17 Ope museum, kafé og museumsbutikk
🔵 12-17 i Taremare: Marknad med lokale aktørar
🔵 14 og 15 i kinosalen: Foredrag om fjordabåtane ved lokalhistorikar Magne Blom
🔵 13.30, 14.00, 14.30 og 15.00 i saltebua: Guida omvising i påhengsutstillinga med Tor Bjørge
🔵 13-16: Fjordabåtane ligg ved kai
Om du vil få med deg guida omvising, utstillingar og foredrag må du kjøpe vanleg museumsbillett.
Om du vil sjå på båtane, gå på marknad ta ein tur i kafeen eller museumsbutikken så er inngang gratis 😊
Alle som kjem med båtane har inngang til museet inkludert i billetten.
For meir info og billettar:
https://kystmuseet.museumvest.no/fjordabatane-i-samseiling-til-kystmuseet