Galleri G Guddal

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Galleri G Guddal Kunstgalleri etablert 1993. Visar norsk samtidskunst.

Presentasjon av kunstnarar til juleutstilling:Geir NymarkGeir Nymark (f. 1956) er ein norsk kunstnar kjent for sitt arbe...
11/10/2026

Presentasjon av kunstnarar til juleutstilling:
Geir Nymark

Geir Nymark (f. 1956) er ein norsk kunstnar kjent for sitt arbeid som grafikar og treskjerar. Han bur og arbeider på Voss der han har sin eigne grafikkverkstad. Nymark har utvikla ein særeigen stil som kombinere realistiske uttrykk med abstrakte element. Han er særleg oppteken av naturen, og motiva hans er ofte inspirert av dramatiske landskap som fjordar og fjell der han gjerne tilfører eit element av mystikk og ukjendskap, som gjer bileta både eit attkjenneleg og framand preg.

Gjennom arbeidet bearbeidar han overflata med fleire lag med fargar, rissar inn detaljar og leikar med teksturar for å gje bileta dybde og dynamikk. Han brukar også kaldnål og riv til tider i papiret for å framheve etsinga si stofflegheit – noko som tilfører kunstverka hans eit røft og spontant uttrykk.

Presentasjon av første kunstnar til juleutstillinga:Lars A. BergLars A. Berg er kunstfotograf med bakgrunn frå Bilder No...
04/10/2026

Presentasjon av første kunstnar til juleutstillinga:
Lars A. Berg

Lars A. Berg er kunstfotograf med bakgrunn frå Bilder Nordic School of Photography, og studerer kunsthistorie og visuelle studiar hjå Universitetet i Oslo.

I sin kunstnariske praksis arbeidar Berg med fotografiet som utgongspunkt for å undersøkje korleis kvardagslege omgjevnader kan bli transformert og lest på nye måtar. I det pågåande prosjektet Ultraprosessert fotograferer han små og ofte oversette detaljar – rust, stein, maling, slitasje og andre spor ifrå byrom, industri og ikkje-stadar. Gjennom utsnitt, forstørring og digital omarbeiding lausriv motiva seg ifrå sin opphavlege samanheng og beveg seg mellom det attkjennande og det abstrakte – fotografi og måleri.

Berg er eit nytt samarbeid med galleriet som vi gler oss over!

Presentasjon av kunstnarar til juleutstilling:Linda LidLinda Lid har jobba med keramikk og vedfyring sidan 1994, og henn...
27/09/2026

Presentasjon av kunstnarar til juleutstilling:
Linda Lid

Linda Lid har jobba med keramikk og vedfyring sidan 1994, og hennar praksis er forankra i tradisjonshandverk innan vedfyrt steingods og porselen. Ho utforska samspelet mellom det mineralske og organiske – hovuddsakleg i lange brenningar med direkte flamme.

Lid studerte i New Zealand og Frankrike, mellom anna under P. Lange på ASP i Auckland og hjå CNIFOP i Burgund, og har brei erfaring med bygging og brenning av ulike omnar. Ho etablerte sitt atelier i Noreg i 2004 og har hatt utstillingar nasjonalt og internasjonalt.

Kjekt med besøk av Kvinnheringen for å oppsummere sesongen!
27/09/2026

Kjekt med besøk av Kvinnheringen for å oppsummere sesongen!

Først i oktober blir det tid for ferie etter ein hektisk og god første sesong for gallerist Amalie Røstbø i Galleri Guddal😅 Så blir det fullt køyr igjen i november 💪🏼(Lenke i kommentarfelt)

Siste ordinære opningsdag for sommarsesongen er over, og no ventar litt velfortent ferie før julesesongen begynner 14.no...
13/09/2026

Siste ordinære opningsdag for sommarsesongen er over, og no ventar litt velfortent ferie før julesesongen begynner 14.november. Vi ser tilbake på ein fantastisk første sesong på galleriet og takkar for alle gode ønskjer og møter vi har hatt denne tida!🌻🍀

Framover er galleriet ope etter avtale, ta kontakt med Amalie på [email protected] eller 40637364 for å avtale, eller dersom de har andre spørsmål.
Vi ønskjer dykk alle velkommen tilbake til opninga av juleutstilling laurdag 14.november kl.13.00!
Meir info om utstillinga kjem!

Denne veka på Galleri G Guddal (veke 37):Vi visar bileter og skulpturar frå magasinet! Galleriet er ope 11.00-16.00 fred...
07/09/2026

Denne veka på Galleri G Guddal (veke 37):

Vi visar bileter og skulpturar frå magasinet!

Galleriet er ope 11.00-16.00 fredag, laurdag og sundag. Kafeen er open 11.00-16.00 laurdag og sundag.

På låven: Laurdag 12.september kl.19.00 kjem Linda Eide med følgje for å lage eit fantastisk show for oss. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Billettar finn du her: https://galleriguddal.ticketco.events/no/e/linda_eide?fbclid=IwY2xjawT49T5wZG9mAWV4dG4DYWVtAjEwAGJyaWQRME5EMm1mb0tEMmJKM1VnY0xzcnRjBmFwcF9pZBAyMjIwMzkxNzg4MjAwODkyAAEeIPp7eZkcr4aZmZwZq_6iB2SKsyzLHIiAemic1Yutv3LJ2-DuVWPDFwLoUHM_aem_LFqgtaNlfhIVCWm9j_AqVw

Hjartleg velkommen!

Nyheiter ifrå Kristin Antonsen😍
05/09/2026

Nyheiter ifrå Kristin Antonsen😍

Unn deg ein deileg kopp kaffi i dei fargerike koppane til Anne Lise Karlsen☕️
05/09/2026

Unn deg ein deileg kopp kaffi i dei fargerike koppane til Anne Lise Karlsen☕️

Adresse

Guddalsvegen 181
Rosendal
5470

Åpningstider

Mandag 11:00 - 16:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 11:00 - 16:00
Torsdag 11:00 - 16:00
Fredag 11:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 11:00 - 16:00

Telefon

+4795786322

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Galleri G Guddal legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Galleri G Guddal:

Snarveier

Del

Kategori