Nordfjord Folkemuseum

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Nordfjord Folkemuseum Distriktsmuseum for Nordfjord. Utforsk stover, stabbur, eldhus, låver, fjøs, stall, støyl, og meir! Guiding for grupper.

Nordfjord Folkemuseum er eit friluftsmuseum med antikvariske hus og gjenstandar frå regionen Nordfjord i Vestland fylke. Museet har 44 hus frå 1500-talet og fram til vår tid, samt Holvikejekta frå 1881. Holvikejekta er den siste av dei tradisjonelle fraktejektene frå 1880-talet, og er stilt ut på nordsida av Gloppefjorden, ca. 2km frå museet. I administrasjonsbygget finn de ein museumsbutikk, ein liten kafé, toalettfasilitetar og utstillingslokale med skiftande utstillingar.

08/07/2026

Sommaren er her for fullt! Bli med sommarvert Tuva på låserunde - ikkje så verst start på arbeidsdagen 😎

Opplev støylen, den frittliggande garden, utmarkslada og slåtteenga, eller ta deg ein kvil på benkane rundt omkring i friluftsmuseet. Vi er ope tysdag-søndag kl. 11-17 🌸

I dag er det Jonsok! I vårt distrikt finst det både minner og levande tradisjonar med å ha jonsokbål, og vi vil gjerne o...
23/06/2026

I dag er det Jonsok! I vårt distrikt finst det både minner og levande tradisjonar med å ha jonsokbål, og vi vil gjerne oppmode dei som har anledning til å svare på spørsmål som våre gode kollegaer ved Norsk Folkemuseum arbeider med. Her er både høve til å svare på spørsmål og skrive fritt. Dette blir viktig dokumentasjon for framtida!

Vi samler minner om sankthansfeiring og sankthansbål.

Nye opningstider Nordfjord Folkemuseum Sommarferien er i gong, og det betyr endring i opningstider. Frå 22. juni-31.augu...
22/06/2026

Nye opningstider Nordfjord Folkemuseum

Sommarferien er i gong, og det betyr endring i opningstider. Frå 22. juni-31.august er vi ope tysdag-søndag kl. 11-17!

Opplev vår nye kunstutstilling med Aase Skrivervik - "50 år med leire, eld og vatn", utstillingane Saman og Attåt, gå på oppdagelsesferd i friluftsmuseet, og meir! Og ved å kjøpe inngongsbillett på Nordfjord Folkemuseum får du gratis inngongsbillett på Holvikejekta (og omvendt).

Treng du fleire ferietips? Klikk deg inn på heimesida til Musea i Sogn og Fjordane for 13 flotte opplevingar. Lenke i kommentarfeltet 🌞

I sommar vert det kunstutstilling på Nordfjord Folkemuseum! I 2026 feirar keramikar Aase Skrivervik 50 år som kunstnar m...
17/06/2026

I sommar vert det kunstutstilling på Nordfjord Folkemuseum! I 2026 feirar keramikar Aase Skrivervik 50 år som kunstnar med utstilling hos oss. Utstillingsopning er fredag 19. juni kl. 18, og vi håpar alle tek turen til museet denne kvelden. Det vert musikalsk innslag, taler og lett servering.

Aase Skrivervik si sterke interesse og engasjement for dyrevern og norsk historie er naturlege tema i arbeida hennar. Frå vår rike historie hentar ho inspirasjon, utan å kopiere direkte frå andre. Men kanskje folk kan kjenne igjen noko nordisk, også frå dei fantasifulle eventyra våre? Skrivervik er opptatt av balansen mellom menneske og dyr, og ønsker meir fokus på dyr og natur. Dette er ofte tema i hennar keramikkarbeider, og ho prøvar å lage spannande, fantasifulle former.

I utstillinga viser vi fram eit utvalg av kunsten hennar, både utsmykking og brukskunst, og fleire gjenstandar er til salgs i løpet av sommaren.

Kom mai du skjønne milde, med mange raude dagar. Vi held ope dei fleste dagar men òg litt stengt:- 14. mai (Kristi himme...
12/05/2026

Kom mai du skjønne milde, med mange raude dagar. Vi held ope dei fleste dagar men òg litt stengt:
- 14. mai (Kristi himmelfart): Ope på både Holvikejekta og Folkemuseet kl. 12-16.
- Inneklemt fridag fredag 15. mai? Ope 12-16 begge stadar 👌
- 17. mai: Stengt både Folkemuseum og Holvikejekta

Pinse:
Folkemuseet held stengt heile pinsa, men er ope på Holvikejekta:
Laurdag 23. mai: ope kl. 12-16
Søndag 24. mai: stengt grunna privat arrangement
Måndag 25. mai: ope kl. 12-16

Bortsett frå dette har vi vanlege opningstider i mai - Holvikejekta kl. 12-16 tysdag-søndag, og Folkemuseet tysdag-fredag kl. 12-16 🌸

08/05/2026

I Morritsstova på Nordfjord Folkemuseum står det ein gamal vevstol. Arbeidet som er satt i gong her har blitt påverka av tidas tann og treng no fornying. I løpet av året ønskjer vi å setje i gong eit nytt prosjekt på denne gamle veven, som kan synleggjere noko av arbeidet som tidlegare vart gjort på gardane i distriktet.

I samlingane våre har vi ei stor mengde ryer, nærare bestemt napparyer. Dette er sengeteppe med innvovne filler eller ullnapp. Vi meiner difor det vil vere interessant å nytte denne anledninga til å lage ein forskingsvev, for å lære meir om handverket bak desse gjenstandane. Prosjektet vil innebere prøving og feiling, med mål om å auke kunnskapen og kunne formidle prosessen som ligg bak.

Men før vi kjem så langt må den gamle renninga fjernast, og her ser du museumspedagog Karoline i aksjon med å fjerne den i ekte asmr-stil 👌
Søndag 10. mai skal vi sveipe veven på nytt, saman med Gloppen Husflidslag.

Frå 2. mai til 30. september er det ope på Holvikejekta! Vi held ope kl. 12-16 tysdag-søndag. Følg gjerne Holvikejekta p...
08/05/2026

Frå 2. mai til 30. september er det ope på Holvikejekta! Vi held ope kl. 12-16 tysdag-søndag.

Følg gjerne Holvikejekta på Facebook og Instagram for fleire oppdateringar og glimt frå jektekvardagen ⛵️

Våren er her for fullt og det betyr berre ein ting - sesongopning på Holvikejekta!
Opningstider er tysdag-søndag kl. 12.00-16.00, frå 2. mai til 30. september.

Elles i året er det ope på Holvikejekta i skuleferiane, og på bestilling for grupper og skuleklasser heile året. For meir informasjon, ta kontakt med oss på epost [email protected]

Adresse

Gota 16
Sandane
6823

Åpningstider

Tirsdag 12:00 - 16:00
Onsdag 12:00 - 16:00
Torsdag 12:00 - 16:00
Fredag 12:00 - 16:00

Telefon

+4748063234

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Nordfjord Folkemuseum legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Nordfjord Folkemuseum:

Snarveier

Del