Musea i Sogn og Fjordane

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane har 13 ulike besøksstader i Sogn og Fjordane. Velkomen innom for ei lærerik oppleving!

På våre museum kan du lære korleis folk i Sogn og Fjordane har levd og budd, du kan møte kunstverk til kjende kunstnarar frå fylket, og lære om norsk reiselivshistorie ved museet vår i Balestrand.

🪚🔨No kan vi endeleg hjelpe nordfjordingar med å ta vare på gamle og verneverdige bygg også. Torkel Reed Herstad er nytil...
08/09/2026

🪚🔨No kan vi endeleg hjelpe nordfjordingar med å ta vare på gamle og verneverdige bygg også. Torkel Reed Herstad er nytilsett som dels bygningsvernrådgjevar og dels museumshandverkar ved Nordfjord Folkemuseum. Frå før har vi Joakim Heltne som er bygninsgvernrådgjevar for Sogn, tilsett ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. No jobbar vi for at Vestland fylkeskommune skal hjelpe oss med finansiering av tilsvarande kompetanse for Sunnfjord.

Bygningsvernrådgjevarane våre hjelper eigarar av gamle og verneverdige bygg med rådgjeving om korleis ta vare på bygga. Dei kjenner tradisjonelle byggeteknikkar og kan foreslå løysingar. Dei kan også rådgje om støtteordningar.

Som Joakim sa då han byrja i jobben, dei mest berekraftige bygga er dei som alt finst. Torkel er opptatt av at det beste vernet får ein ved å bruke bygga.

No kan nordfjordingar som treng råd om eldre og verneverdige bygg få hjelp hjå Torkel Reed Herstad.

Takk til NRK, Norges Verdensarv og Riksantikvaren, for å invitere oss ut til verdsarvstadane i Norge😍 Vi vil få smette i...
03/09/2026

Takk til NRK, Norges Verdensarv og Riksantikvaren, for å invitere oss ut til verdsarvstadane i Norge😍 Vi vil få smette inn at bunader, klinkbygde båtar, stølsliv og kvernsteinar også er ein del av UNESCO sin verdsarv - den immaterielle og geologiske. Den kan opplevast og deltakast i over heile landet.

Vi har stilt ut nokon prakteksemplar du kan lære meir om, på: Nordfjord Folkemuseum, Sunnfjord Museum, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, Sogn Fjordmuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Holvikejekta og Kvernsteinsparken.

Musea i Sogn og Fjordane sender våre kondolansar til Hennar Majestet Dronning Sonja og resten av Kongefamilien. Vi minna...
28/08/2026

Musea i Sogn og Fjordane sender våre kondolansar til Hennar Majestet Dronning Sonja og resten av Kongefamilien. Vi minnast Kong Harald med takksemd og respekt.

I heile går høyrde vi korleis folk frå høgt og lågt, nord, sør, aust og vest, prisa Kong Harald for sin varme, humor, engasjement, kunnskap inkluderande veremåte og evna til å sette ord på det som samlar oss. At han gjennom si gjerning har knytt oss saman. Korleis han har representert oss i gode og vonde dagar. Blomevollen framfor slottet viser denne kjærleiken til Kong Harald, vårt statsoverhovud, som av mange vert kalla vår felles bestefar.

For oss som museum, tenkjer vi på kva engasjement Kongen og Dronninga har hatt for kunsten, kulturlivet og kulturarven. Særleg har Dronning Sonja representert Kongehuset på våre trakter. Å bli sett og støtta av kongehuset er uvurderleg for musea sitt arbeid med å ta vare på vår felles historie.

No skal vi sørge og reflektere. Vi minnast Kong Harald med takksemd og respekt.

Foto: Kimm Saatvedt / Det kongelige hoff

Tusen takk for festen🎉🙌 Laurdag feira vi at det er 100 år sidan Sunnfjord museum opna. Tusen takk til dei supre gjestane...
17/08/2026

Tusen takk for festen🎉🙌 Laurdag feira vi at det er 100 år sidan Sunnfjord museum opna. Tusen takk til dei supre gjestane våre, som deltok på dei mange aktivitetane og omvisingar gjennom dagen. Nokon av dykk fekk verkeleg svingt seg på tampen også.

Spesielt kjekt å ha med oss Kjell Klopstad og Sunnfjord Sogelag, som i si tid skipa museet, desutan tidlegare tilsette, som Gunnhild Systad og Asbjørn Tyssen. Vi takkar også for gode ord frå ordførar Jenny Følling, Vestland fylkeskommune ved Per Morten Ekerhovd, Gunhild Berge Stang og super musikk frå Erlend Apneseth og Buldre Mannskor og på tampen av kvelden - dans med Fjellklang spelemannsalg.

Tusen takk til Norsk Reiselivsmuseum , Nordfjord Folkemuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Astruptunet for gode bidrag.

Museet har opent tysdag til søndag klokka 12-17 ut august. Nytt i jubileumsåret er Movika landhandel - ein rekonstruert butikk frå 1950-talet, det freda Løsetloftet ferdig restaurert og ei jubileumsutstilling der vi viser museet si historie.

13/08/2026

Sunnfjord Museum feirar 100 år laurdag 15. august 🥳
Dette blir feira med ein full museumsdag i tunet etterfulgt av jubileumsfest med musikk og god mat på kvelden. Bli med på ein kjekk dag på Sunnfjord Museum med aktivitetar, omvisingar, utstillingar, handverk og leik for store og små! 🐐✂️🎨

I dag er vi krye over å ha avduka Europa Nostra Heritage Awards-plaketten i Astruptunet. Denne viser at arbeidet med å a...
24/06/2026

I dag er vi krye over å ha avduka Europa Nostra Heritage Awards-plaketten i Astruptunet. Denne viser at arbeidet med å attskape hagen i Astruptunet, har vunne Europas mest prestisjetunge kulturarvs-kåring og pris i kategorien konservering og tilpassa gjenbruk.

Ei flott markering - tusen takk til alle som bidrog for ein flott dag, og tusen takk til alle som har bidratt til sluttresultatet. Kvelden vart avslutta med hagevandring, med ein av dei viktigaste "arkitektane" bak det heile, Ingeborg Mellgren-Mathiesen i Arkadia Landskap, museumsleiar Solveig Berg Lofnes, gartnarar og fleire til som omvisarar.

Vel møtt i Astuptunet!

No er det klart, sjefen vår Jan Heggheim skal leie oss vidare enno nokre år🤩  – Me i styret er godt nøgd med jobben han ...
18/06/2026

No er det klart, sjefen vår Jan Heggheim skal leie oss vidare enno nokre år🤩 – Me i styret er godt nøgd med jobben han har gjort som administrerande direktør så langt. No står vi i ein del prosessar som det er viktig å fullføre, og det er greitt at han held i det, seier styreleiar Ivar Kvalen.

Det betyr at åremålet på seks år vert forlenga i to år, frå 2027 til 2029. Les meir om oppgåvene som ventar nedanfor!

Styret i Musea i Sogn og Fjordane har forlenga Jan Heggheim (t.v.) sitt seksårige åremål som administrerande direktør i stiftinga.

06/06/2026

Vi er stolte av å ha opna utstillinga de:HUMANIZE 💥Tusen takk til alle som var innom opninga under Kulturnatt i Førde i går!

Utstillinga bygger på kunstnerskap frå fleire verdensdelar med verk lånt frå kunstsamlarane Arne Austrheim og Tom Sydhagen.

de:HUMANIZE er også årets festivalutstilling under Førdefestivalen og kan opplevast fram til 27. september. Velkomen inn!

Video: Henning A. Hellebust / Musea i Sogn og Fjordane

Adresse

Gota 16
Sandane
6823

Telefon

+4799094777

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Musea i Sogn og Fjordane legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Musea i Sogn og Fjordane:

Snarveier

Del

Kategori