28/08/2026
Takk for alt, Kong Harald❤️
Jærmuseet sluttar seg til fråsegna frå Norges Museumsforbund, ved styreleiar Ole Aastad Bråten og generalsekretær Hanne K. Jakhelln:
Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.
Me minnast Kongen som ein varm, inkluderande og samlande folkekonge, som på ein svært god måte har teke vare på den norske identiteten og kulturarva.
Norges Museumsforbund takkar for den enorme interessa Kongen har vist for norske museum, for alle opningane han har stått for, og for dei mange musea han har vitja. Det har me sett stor pris på.
Tankane våre går til Hennar Majestet Dronninga, kongefamilien og heile det norske folket.
Direktør, Jærmuseet
Atle Fiskå
Foto: Kimm Saatvedt / Det kongelige hoff