10/11/2023
I går var eg så heldig å få vera med på CHANGE seminaret på Norsk Folkemuseum der Ingun Grimstad Klepp og Ingrid Haugsrud la fram forsking om klede, bruksvaner, og metodikken kring klesforsking. Heilt fascinerande å høyra på! Ein ting eg syns var særleg interessant frå Ingrid si forsking var korleis måten me snakka om garderoben og kva folk åtte av klede endra seg frå 1908, då klede vart omtalte i heile antrekk, til 1960 då klede vart meir og meir omtalt i einskilde plagg som kan brukast i ulike samanheng.
Etter seminaret hadde museet sin tredje Åpen Kveld, då publikummet fekk gå rundt til ulike stasjonar og lære om ulike materialer, nye og gamle, sjå ein kjole som hadde vore omsydd fleire gongar i sitt 250 år lange liv, klede frå ein heil garderobe frå Tinn (ein del av den nye garderobestudier-metoden museet og SIFO utvikler i samarbeid, for å sjå klede i samanheng med eigar og bruksvaner), og museets kostymelager! Dei hadde quiz (som eg vant tredje premie i), fikse-rom (der me fekk stoppa sokkar), og rikeleg med forskarar og kunnskapsberarar frå Noreg, Sverige, og Danmark. For ein kveld!