Sunnhordland Museum

Sunnhordland Museum Regionalt museum som tek vare på kulturarva i Sunnhordland, og inkluderer fleire tun og samlingar.

Sunnhordland Museum har ansvar for kulturhistorisk formidling i alle dei åtte kommunane i Sunnhordland (Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes). Museet driv òg formidling i den tidlegare Sunnhordlandskommunen Ølen, no Vindafjord kommune i Rogaland, då museet eig Nerheimstunet der.

Fjerde og siste luka i museet sin adventskalender i år.Bli med i trekninga då vel!God jul frå oss på Sunnhordland museum...
21/12/2025

Fjerde og siste luka i museet sin adventskalender i år.
Bli med i trekninga då vel!
God jul frå oss på Sunnhordland museum❤️

Visste du at all post adressert til julenissen i Noreg ender opp i Drøbak?Den 20. november 1990 blei julenissen sitt pos...
17/12/2025

Visste du at all post adressert til julenissen i Noreg ender opp i Drøbak?

Den 20. november 1990 blei julenissen sitt postkontor oppretta i Tregaardens julehus på torget i Drøbak. Sidan den gong har postkontoret motteke brev om ønskjer, håp og drømmer frå heile verda!

Vår eigen postnisse, Lasse i Krambua, har teke imot brev og postkort til nissen og har no vidaresendt desse til Drøbak!

Takk til alle som har vore med å lage, teikne og skrive julekort til julenissen!

Du kan framleis poste julepost til nissen sitt postkontor i Drøbak.
Adresse:
Julenissens postkontor
1440 Drøbak

Tredje luka i kalenderen vår i år er eit gavekort på spel i escaperoom. Vinn eit gavekort til vårt escaperoom for opp ti...
14/12/2025

Tredje luka i kalenderen vår i år er eit gavekort på spel i escaperoom. Vinn eit gavekort til vårt escaperoom for opp til 6 personer. Bli med i trekninga då vel!
God advent, frå oss på Sunnhordland museum 🌟

Dei aller fleste har nok eit forhold til Luciadagen den 13. desember. For mange vekker Luciadagen minner om song, bakst ...
12/12/2025

Dei aller fleste har nok eit forhold til Luciadagen den 13. desember. For mange vekker Luciadagen minner om song, bakst og luciatog. Denne tradisjonen har me adoptert frå Sverige. Utgangspunktet for denne feiringa er helgenen St.Lucia som kom frå Sicilia. Lucia vart brent på bålet fordi ho ville hjelpe dei forfulgte kristne og dei fattige, og fordi ho var kristen sjølv.  

Den svenske Lucia-tradisjonen festa seg på 1920-talet i Sverige og skikken spreidde seg til Noreg på 1950-talet. Den erstatta eit eldre, mørkare norsk segn som heiter Lussi langnatt. I den norske gamle historia vart Lussi sett på som farleg og skummel, ei nokon folk var redde for. Segna fortalde at Lussi ville kome og straffa dei som ikkje var kome godt nok i gong med juleførebuingane. Dersom førebuingane ikkje var klare og ein arbeidde på denne kvelden, kunne Lussi og hennar trollfølgje skremme og i verste fall rase ned skorsteinspipa og gjere hærverk mot både menneske og dyr.  

Dette var òg den einaste natta i året då dyr kunne snakke med kvarandre. For å verne seg mot Lussi kunne ein teikne kors av tjære eller risse inn eit kors over alle dører og vindauge på garden. Gjenstandar av stål og levande lys kunne òg gje vern. 
Lussinatt vart markert natt til 13. desember. Vanlege merker som symboliserte denne dagen på den norske primstaven var enten eit lys, eit bål, ein flamme eller eit beger.  

Får du besøk av Lussi og trollfølgjarane hennar i natt?  
Rykta seier at du kan sjå dei på scenen i Stord kulturhus denne helga!

Andre luka i kalenderen vår i år er gavekort til ein guida tur på Sunnhordlandstunet for opp til 6 personer. Bli med i t...
07/12/2025

Andre luka i kalenderen vår i år er gavekort til ein guida tur på Sunnhordlandstunet for opp til 6 personer.
Bli med i trekninga for å vinna ein guida tur til deg og nokon du er glad i, kanskje blir det årets julegåve?
Fortsatt god advent frå oss på Sunnhordland museum
💜🕯️

For ein strålande dag me fekk her på Sunnhordlandstunet under arrangementet Jul på museet!Me vil takka varmt til alle de...
01/12/2025

For ein strålande dag me fekk her på Sunnhordlandstunet under arrangementet Jul på museet!

Me vil takka varmt til alle dei besøkande – til alle dei som kom her for første gong og til alle dei som har gjort det til ein tradisjon å ta turen til museet akkurat denne dagen.

Me vil òg rette ein stor takk til alle våre samarbeidspartnarar; til faglærar på musikklinja, Irene Simonsen, som førebudde nydeleg konsert med sine dyktige elevar Johanne Rolfsnes, Rasmus Nybø Kaldestad, Ole Knut Urdal og Adin Ridic. Dei skapa nydeleg stemning i Ådlandsstova.

Tusen takk til IKK Stord for alle dei herlege smaksprøvane av julekaker og festkaker frå ulike land og kulturar. Publikum gjekk mette og nøgde ut dørene på Futastova!

Ein stor takk til Stord husflidslag som stilte med både bakstekoner og juleverkstad. Så mye gøy og fint store og små fekk laga seg i år igjen!

Tusen takk til alle som skapa julemarknad på tunet i Skulehuset, Hatlandsløa og i Futastova! Mye flott å sjå på, smake og handle med seg i pose og sekk.

Ein stor takk til alle frivillige og medarbeidarane ved museet – samt til vår nye lærling i Smia, Haakon Digernes, som har stilt opp frivillig tre år på rad.

For ein nydeleg dag og for ein nydeleg gjeng!
På gjensyn!

Tusen takk for samarbeidet!❤️
30/11/2025

Tusen takk for samarbeidet!❤️

Tusen takk for samarbeidet! ❤️
30/11/2025

Tusen takk for samarbeidet! ❤️

❤️
30/11/2025

❤️

Sunnhordland museum opna dørene denne helga.

Årets adventskalender!Sunnhordland museum har hatt mange ulike adventskalenderar opp igjennom åra. Mellom anna gjenstand...
30/11/2025

Årets adventskalender!
Sunnhordland museum har hatt mange ulike adventskalenderar opp igjennom åra. Mellom anna gjenstandskalender opp mot 100 års jubileet og fjorårets giveaway av årskort.

Årets adventskalender frå museet er gåvekort på spel i vårt escaperom og omvisning.
Kvar søndag i advent har du sjansen til å vinna ein av dei utvalgte aktivitetane til deg og nokon du er glad i. Gåvekortet kan vinnaren løyse ut etter avtale frå datoen det blei trekt til same dato neste år.

Bli med i trekninga då vel!
God advent, helsing oss på Sunnhordland museum.

28/11/2025

Hans Andersen er ein tusenkunstnar og her fortel han om «Pinfanten».
I morgon under Jul på museet kan du få sjå noko av det nydelege arbeidet han har laga i Spikkeverkstaden/ Stolmastovo.

Adresse

Museumsbakken 16
Stord Island
5417

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 15:00
Onsdag 11:00 - 15:00
Torsdag 11:00 - 15:00
Fredag 11:00 - 15:00
Søndag 16:30 - 19:00

Telefon

+4753413899

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnhordland Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Sunnhordland Museum:

Del