Bøfjorden Historielag

Bøfjorden Historielag Stifta i 1995 med mål "å ta vare på og gjera levande" lokal kultur og historie.

Laget eig og driv kyrkjebåten Hjelmkonnå og Bøfjorden Sjøbruksmuseum (ope kl. 13-17 kvar søndag frå juni til september, med utstillingar, kaffesalg og Dagens Tema).

Lagar du hobbyprodukt? Noko du vil selje? Har du samlingar å vise fram? Treng du julegåver? Eller har du berre lyst til ...
03/09/2026

Lagar du hobbyprodukt? Noko du vil selje? Har du samlingar å vise fram? Treng du julegåver? Eller har du berre lyst til å sjå samlingar og flotte produkt som andre lagar? Da er HOBBYDAGEN rette tid og stad! Kom og delta - som utstillar, kunde eller publikum. Det blir også Tyrolermusikk, quiz, barneaktiviteter og minst EI overrasking!

Historielaget inviterer til hobbydag i Bøfjorden:Skaparevnen er stor. Kvaliteten imponerande. Søndag inviterer museet i ...
02/09/2026

Historielaget inviterer til hobbydag i Bøfjorden:

Skaparevnen er stor. Kvaliteten imponerande. Søndag inviterer museet i Bøfjorden hobbyaktørar og publikum til utstilling, kaffekos og gjerne litt handel.

- Mykje fint blir laga rundt i heimane. Det pregar vår årlege hobbydag, seier historielaget, som tilbyr aktørane gratis stand på museet.

Ønskjer du å bidra med noko på hobbydagen, stille ut/selge produkt kan du ta kontakt med historielaget.

Vel møtt!

Fyldig program på museet søndag. Attåt dette vil to deltakarar med korte innslag minnast sine møte med no avdøde Kong Ha...
28/08/2026

Fyldig program på museet søndag. Attåt dette vil to deltakarar med korte innslag minnast sine møte med no avdøde Kong Harald V.

MEDISIN er og har vore eit livsviktig gode. Difor er det flott at Kristen Halle «opnar» boka si om Surnadal Apotek som t...
22/08/2026

MEDISIN er og har vore eit livsviktig gode. Difor er det flott at Kristen Halle «opnar» boka si om Surnadal Apotek som tema på museet i morgon. Ei spennande (og faktisk artig!) historie som på mange måtar angår både deg og meg! Inge er dagens vert. Gerd Anny og Randi ståkar på kjøkenet. Del gjerne!

Helsebringande apotekhistorie er tema på museet i Bøfjorden komande søndag. Til grunn ligg boka «Surnadals apotek 1925-2...
21/08/2026

Helsebringande apotekhistorie er tema på museet i Bøfjorden komande søndag. Til grunn ligg boka «Surnadals apotek 1925-2025» av dagens kåsør Kristen Halle.

Saman med kona, farmasøyt Anne Grete Flo, bur Kristen på «Apoteket» ved Surnadalsøra - som vart starta i 1925 og var einaste apotek på indre Nordmøre heilt til 1954. I 1987 flytta utsalget til Skei. I dag, som Boots Apotek Surnadal, ligg det på butikksenteret Alti. Og der jobbar no tredje generasjon Flo. Bestefar Rolf starta i Apotekargarden for 60 år sia.

Kristen og familien har teke vare på historia - både fysisk, med sitt «medisinske museum» på loftet, og med eit imponerande arkivarbeid som resulterte i ei fascinerande bok.

Du kan lese meir her: https://www.bofjorden.net/post/apotekhistoria-medisinsk-p%C3%A5-museet?fbclid=Iwb21leAT1F-xjbGNrBPUWjXBkb2YFZXh0bgNhZW0CMTEAc3J0YwZhcHBfaWQMMzUwNjg1NTMxNzI4AAEegx1xy7l8aifvSit1oSgbT_bKD0jMxb5c5UDUIHtCaMH89JNY3wyJftisuMo_aem_iwO56Wg8ygizSgfYhcZhsg

09/08/2026
Stor VARIASJON pregar søndagens kåseri på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Litt for kvar sin smak, trur vi: Dampskipa som genie...
06/08/2026

Stor VARIASJON pregar søndagens kåseri på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Litt for kvar sin smak, trur vi:
Dampskipa som geniet Anders Kvande bygde.
Skummel historie frå Liavatnet. Og kva grov dei ut oppå Hjelmkona?
Unike EVENTYR frå området vårt - særleg eitt frå Dalabakken! Strandplassen KRÅKÅ var sentrum for bjørnemord og festlege originalar - kanskje også kyrkjekunst?
Enn sengjamatfatet som flaut på land da dampen forliste?
Seglskuter fossar også fram på lerretet - med ramsalte skippersitat.
Og så har Gjertrud og Gunnhild kaffe på kjelen og godsaker attåt!
Det er mesta så ein håpar at det ikkje blir for fint tur-ver denne søndagen ...

Adresse

Nordstrandsvegen
Surnadal
6643

Åpningstider

13:00 - 17:00

Telefon

+4799710357

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bøfjorden Historielag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Bøfjorden Historielag:

Snarveier

Del