Sykkylven naturmuseum

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Sykkylven naturmuseum Gjennom året har vi ope kva

Naturmuseet i Sykkylven viser korleis plantar, dyr og fuglar skaper ein fantastisk mosaikk i det storslåtte naturlandskapet vårt, der alle brikkene til saman utgjer ein heilskap.

I går hadde vi ein fantastisk tur til Vindsnes med “Dikt på tur”, i regi av Mållaget i Sykkylven og Naturmuseet. 🌿Veret ...
23/09/2026

I går hadde vi ein fantastisk tur til Vindsnes med “Dikt på tur”, i regi av Mållaget i Sykkylven og Naturmuseet. 🌿

Veret heldt seg fint heilt til vi var framme ved hytta, og då var det godt å kunne kome seg under tak og få seg ein kaffikopp.☔️

Undervegs fekk vi oppleve mykje spennande, både lokalhistorie, flotte dikt, deilig allsong og fantastisk utsikt. Og som om ikkje det var nok, fekk vi jammen meg høyre ein rap og!

Tusen takk til alle som møtte opp, og til alle som bidrog i planlegging og gjennomføring, og ikkje minst til dykk som delte av kunnskapen, dikta og engasjementet dykkar. Ein spesiell takk må også rettast til Birgitte og Kjellaug Roald som slapp oss inn i hytta og serverte både kaffi og gode historier.

Ein flott tur med gode opplevingar, fine folk og mykje å ta med seg heim.🌸

Rap av Kjell Ole Løseth
Bildar og video: Mia Tørlen/ Viti

21/07/2026

Visste du at inngangsbilletten din gjeld for både Naturmuseet og Møbelmuseet? Slik kan du reise frå sunnmørsk møbelhistorie og internasjonal suksess, rett over til ei reise i vår lokale og storslåtte natur. To unike historier på éin og same stoppestad.

14/07/2026

Naturmuseet held sommarope og ønskjer store og små velkomne til ei spennande reise gjennom lokal natur og dyreliv.

Dette er den perfekte utflukta for nysgjerrige sjeler som vil lære meir om skapningane vi deler naturen med!

04/07/2026

I sommar får du dobbelt opp med kultur og natur i Sykkylven.

Med same billett kan du besøke både Naturmuseet og Møbelmuseet.

Opplev den fantastiske mosaikken av lokalt dyreliv på Naturmuseet, og la deg fascinere av gründerånda som gjorde Sunnmøre til eit møbeleventyr på Møbelmuseet.

Velkomen til ein innhaldsrik dag.

23/06/2026

Naturmuseet held sommarope og ønskjer store og små velkomne til ei reise gjennom lokal natur og dyreliv.

Vi har sommarope frå 21. Juni - 16. August
Onsdag - Fredag 12-16
Søndag 12-16

«Nordisk natur»  - eit arbeid i faget kunst og handverk av elevar i 10 klasse ved Sykkylven ungdomsskule ✨Teknikk: Linot...
11/06/2026

«Nordisk natur» - eit arbeid i faget kunst og handverk av elevar i 10 klasse ved Sykkylven ungdomsskule ✨

Teknikk: Linotrykk

Kuratert av tekstilkunstnar Marit Akslen.

Utstillinga kan sjåast fram til og med desember 2026!

Foto: Viti

God oppslutning om fuglesongturen med fuglekjennaren Kjetil Svenkerud i kveld. 25 personar tok turen som gjekk frå Eidet...
20/05/2026

God oppslutning om fuglesongturen med fuglekjennaren Kjetil Svenkerud i kveld. 25 personar tok turen som gjekk frå Eidet til Hovdestølen langs skogsvegen.
Trass i litt forstyrrande knitring frå 50 bein på grovt grusvegdekke var det godt mogleg å skilje ut mange kjende og mindre kjende fugleslag som song frå trea kring vegen. Vi høyrde bokfinken sine triller, måltrasten si repeterande kvitring, gransongaren sin tsjitt tsjatt, varsellydar, kallelydar og kanskje nattasongar før fugleleggetid.
- Dette var som ein time med mindfullness, sa ei av kvinnene som var med på turen. Reine meditasjonen.
Det er noko eige med skogens ro, - og fuglesong. Den kan ein nyte også i ein stor flokk!

«Sykkulven» i Naturmuseet får selskap - av linoleumssnitt av flinke ungdomsskuleelevar! Elevane vitja museet tidlegare i...
20/05/2026

«Sykkulven» i Naturmuseet får selskap - av linoleumssnitt av flinke ungdomsskuleelevar!
Elevane vitja museet tidlegare i år og fekk i oppgåve å lage eit linoleumssnitt med motiv frå museet. Den oppgåva løyste elevane på ein så imponerande måte at det ikkje var tvil om at fleire måtte få sjå kunstverka.
Det er tekstilkunstnaren Marit Akslen som har teke på seg oppgåva med å henge opp bileta som skal pryde ein stor vegg i museet i heile sommar!

Bli med fugleentusiast Kjetil Svenkerud på ein triveleg kveldstur til Hovdestølen onsdag 20. mai 19.00. Vi følgjer vegen...
19/05/2026

Bli med fugleentusiast Kjetil Svenkerud på ein triveleg kveldstur til Hovdestølen onsdag 20. mai 19.00. Vi følgjer vegen mot Kaldastøylen, og undervegs stoppar vi opp for å lytte til den vakre fuglesongen og lære kven det er vi høyrer.

Vel framme på Hovdestølen tek vi oss ein velfortent pause med ein kopp kaffi, te eller saft og noko attåt, medan vi lèt oss underhalde av fuglane sin eigen kveldskonsert.

Om vêret og høva tillèt det, legg vi turen over Lianakken eller Godskarnakken på veg tilbake.

Dei frivillege ved Naturmuseet ønsker gamle og nye naturvener i alle aldrar hjartelig velkomen. Ta med ein ven, naboen eller familien og bli med oss ut.

Oppmøte: Ved bommen til Kaldastøylen, Eidet (ved gamle Sykkylvsbrua)

Turen er ca. 4 km lang (tur/retur), ca. 100-150 m stigning.

Inngang (pris): Gratis

Foto: Kjetil Svenkerud

Adresse

Storgata 18
Sykkylven
6230

Åpningstider

Onsdag 12:00 - 16:00
Torsdag 12:00 - 16:00
Fredag 12:00 - 16:00
Søndag 12:00 - 16:00

Telefon

+4797045640

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Sykkylven naturmuseum legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Sykkylven naturmuseum:

Snarveier

Del

Kategori