Møbelmuseet

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Møbelmuseet Møbelmuseet i Sykkylven fortel den eventyrlege historia om korleis Sunnmøre vart eit kraftsenter for møbelindustri, med kundar over heile verda.

Dette er ei historie om gründerånd og skaparkraft, og om store endringar i små lokalsamfunn.

Møbelmuseet har vore i drift i 31 år. Dei første medarbeidarane vart tilsette i 1995. Men også nokre år før dette vart d...
16/10/2026

Møbelmuseet har vore i drift i 31 år. Dei første medarbeidarane vart tilsette i 1995. Men også nokre år før dette vart det arbeidd med tanken om eit møbelmuseum i Sykkylven. Ei fylkeskommunal utgreiing konkluderte i 1991 med at eit norsk møbelindustrimuseum burde liggje i Sykkylven, Norges møbelhovedstad.

Nokre lokale eldsjeler tok med ein gong fatt i ideen og i 1992 vart det etablert ei venneforeining for det som hadde prosjektnamnet Norsk Møbelindustrimuseum. Det første foreininga tok tak i var å samle inn nokre representative møblar frå dei ulike periodane og lage ei utstilling. Utstillinga var open gjennom heile juli i 1992, og medlemmene i foreininga stilte som vakter på dugnad. Det vart også arrangert eit veteranintervju i utstillingsperioden.

Utstillinga vart halden i lokala til tidl. Hole & Lillebøe Møbelfabrikk, der det var tanken å ha eit framtidig møbelmuseum. I dei samme lokala heldt då Naturmuseet til.
Det er artig å tenke på at no, i 2026, er desse musea også lokalisert i felles lokale, men ein annan stad i Sykkylven- i tidlegare Strømme konfeksjonsfabrikk!

Når vi får besøk av ei gruppe frå Sunnmøre på Møbelmuseet er det ganske sikkert at ein eller fleire har bakgrunn frå møb...
14/10/2026

Når vi får besøk av ei gruppe frå Sunnmøre på Møbelmuseet er det ganske sikkert at ein eller fleire har bakgrunn frå møbelindustrien. Det var ikkje annleis då ei gruppe frå Ålesund Y’s man var på besøk i går. Blant dei med møbelbakgrunn var Trond Stavseng. Han har eit langt yrkesliv bak seg som fastlege i Ålesund, men som sonen til møbelfabrikanten Ole Stavseng tente han sine første pengar på å lage møbeldelar til P.I. Langlo på Stranda. Det gjorde han saman med broren Gunnar, som seinare vart leiar for Stordal Møbler. Vart det lite pengar av sjølve møbelarbeidet, drog dei ein song for arbeidskollegaene, slik at det kom litt ekstra mynt i kassa.
Trond er gift med Magny Sæter som er dotter til Jostein Sæter, ein av grunnleggarane av kvalitetsbedrifta Vatne Møbler.
I tillegg til desse er fleire av medlemmene i gruppa engasjert i ein møbelfabrikk i Nepal. Dei har hjelpt med maskinkjøp og opplæring av dei tilsette i fabrikken. Dei lokale arbeidarane kjem frå ein handverkskultur. Utfordringa framover er å få dei lokale til å gjere det same som sunnmørsprodusentane gjorde for 100 år sidan, leggje arbeidet rasjonelt opp og få til effektiv serieproduksjon.

Det er alltid kjekt å arrangere aktivitetsdag i museet. I dag strøymde born og foreldre til Møbelmuseet og Naturmuseet f...
08/10/2026

Det er alltid kjekt å arrangere aktivitetsdag i museet. I dag strøymde born og foreldre til Møbelmuseet og Naturmuseet for å prøve seg som snikkarar, møbeldesignarar, fuglematprodusentar mm. Innimellom arbeidsøktene fekk alle gjestane gratis vafler med sylte, servert av Møbelmuseet si venneforeining. 94 personar var innom museumsdørene dei fire timane arrangementet varte. Mange hadde fuglematarar, meisebollar, miniatyrmøblar og små pynteegg med seg heim.

Det neste arrangementet for born i museet vert førjulsverkstaden i desember.

I dag har det vært jurymøte for Rellingprisen, en designkonkurranse for studenter og unge designere. Prisen deles ut hve...
06/10/2026

I dag har det vært jurymøte for Rellingprisen, en designkonkurranse for studenter og unge designere. Prisen deles ut hvert andre år, på møbelindustriens bransjetreff i Sykkylven, og i år var konkurransetemaet, lekenhet, empati og inkludering.
Det ble levert inn 31 bidrag til konkurransen, det er det meste som har kommet inn i konkurransens seks år lange historie.

Juryen hadde fire timers intens diskusjon for å komme fram til et resultat, og for å kåre tre vinnere som kan motta sine priser under bransjetreffet den 29. oktober.

Møbelmuseet er sekretariat for prisen, og på jurymøtet i dag var ny dagleg leder i museet Eva Furseth med. Det blir en del av hennes oppgaver å føre Relling-konkurransen videre.

Ragnhild Haugom og Judith Longoria kom heilt frå Trondheim til Sykkylven i dag for å donere Møbelmuseet ein Happy benk f...
03/10/2026

Ragnhild Haugom og Judith Longoria kom heilt frå Trondheim til Sykkylven i dag for å donere Møbelmuseet ein Happy benk frå Nor-Industri i Steinkjer. Vi må vedgå at vi i museet er svært tynt besatt med møblar frå nabofylket i nord. Det er litt retta opp no, og Happy-benken er ein god start. Nor-Industri og forløparen Aavik Møbler/Nor Møbler laga frå slutten av 60-åra møblar retta mot ungdom, og Happy-møblane var svært store i denne marknaden gjennom over 40 år, heilt til bedrifta vart lagt ned i 2004.
Ragnhild, som er industridesignar, skriv no oppgåve om bedrifta som laga Happy-møblane, og har sjølv det som truleg er landets største samling av Happy-møblar.

Ein ekte entusiast som det er kjekt å ha kontakt med!

Gjennom over tretti år har Møbelmuseet samla inn informasjon om norsk møbelindustri. Mykje av dokumentasjonen er samla p...
21/09/2026

Gjennom over tretti år har Møbelmuseet samla inn informasjon om norsk møbelindustri. Mykje av dokumentasjonen er samla på lydkassettar som seinare er skrivne inn på data, og lagra i digitale filer. Her vert ei gruppe tidlegare tilsette på Tynesmøbelfabrikk intervjua av møbelhistorikar Eldar Høidal tidleg på 2000-talet. På biletet ser vi m.a. Petter Kursetgjerde t.v., Mindor Hjellegjerde med slips og Tellmann Tynes t.h.

Møbelmuseet har framleis ope kvar veke sjølv om sommarsesongen er over. I dag var tre blide karar frå Austlandet på besø...
09/09/2026

Møbelmuseet har framleis ope kvar veke sjølv om sommarsesongen er over. I dag var tre blide karar frå Austlandet på besøk, for å finne ut meir om kvifor møbelindustrien vart så sterk nettopp på Sunnmøre. Då måtte vi fortelje om dei likestilte sunnmøringane som meinte at det naboen fekk til, det skulle dei også greie. Difor følgde mange opp etter at Peter I. Langlo laga dei første enkle korgmøblane heime på Pålgarden på Stranda.
Her har P**l Hylin f.h., Svein Moe Bjørnson og Bjørn Nordby funne kvart sitt favorittmøbel i den nye stolutstillinga. Svein har bakgrunn som renovasjonssjef i Asker, og fatta særleg interesse for stolen frå 2050 Furniture, som er laga av gjenbruksmaterialar.

23/07/2026

Velkomen innom Møbelmuseet i Sykkylven. I den nye utstillinga vår kan du lære meir om utviklinga til sittereiskapane gjennom historia. (Video ved Mia Tørlen, Viti.)

Adresse

Storgata 18
Sykkylven
6230

Åpningstider

Onsdag 12:00 - 16:00
Torsdag 12:00 - 16:00
Fredag 12:00 - 16:00
Søndag 12:00 - 16:00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Møbelmuseet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Møbelmuseet:

Snarveier

Del

Kategori