05/09/2026
I dag tenkte eg at eg ville dele desse små uglene. Dei blei laga i mai/juni, av ei på snart 3, ei på snart 9 og bestefar deira. (Mi ugle er øverst oppe til venstre, men uttrykket avspeglar ikkje opplevinga!) Såg inspirasjonen på Instagram, og dei er laga av toalettpapirrull og silkepapir. Kjekke å lage og dekorative er dei også. Vegglysestaken kjøpt på Etnemarknaden ein gong i tida, fekk her ei viktig rolle. God helg!