Hjadlane Galleri

Hjadlane Galleri Galleriet er ope. Ring gjerne og avtal tid.

Det nye arkiv-rommet fyllast opp. Førebels berre av bilete som har stått tilfeldig rundt i "heimehuset", i stova, gangen...
16/04/2026

Det nye arkiv-rommet fyllast opp. Førebels berre av bilete som har stått tilfeldig rundt i "heimehuset", i stova, gangen, matbod og andre plassar der det tilfeldigvis var ein ledig plass. Hovud-veggen i galleriet har også fått ein oppgradering, men eir par strøk maling manglar. Alt går diverre litt seinare enn ein håpar. Dessutan har det vore mykje vind på Hjadlane dei siste månadane. Så mykje at det er vanskeleg å bera både dei store og mellomstore bileta til LarsG over tunet. Og dei dagane det har vore stille, har me mangla mannskap til å bera. Men det går langsamt framover.

31/03/2026

Hei
Det har vore svært stille på sida vår heile det siste året. Det har vore lite aktivitet i galleriet og.
No i påsken er reserve-styrkar kalla inn, barn, svigerbarn, barnebarn og andre frivillige, skal kommanderast både hit og dit.
Det skal gjerast ein arbeidsinnsats for å få flytta bilete over i nytt lagare. Galleriet skal ryddast og reingjerast.
Norkre reperasjonar og litt maling må og til før ei ny utstilling kan hengast opp.
Me har fått rydda ein god del ute, men sjølve våronna står enn så lenge på vent.

Minner om konsert i dag:Møte med eiga maske22. oktober kl. 19.00, Fana kulturhusReidun Horvei, Arild B. Nielsen, og pian...
22/10/2024

Minner om konsert i dag:
Møte med eiga maske
22. oktober kl. 19.00, Fana kulturhus

Reidun Horvei, Arild B. Nielsen, og pianist og komponist Inger-Kristine Riber inviterer deg til ein konsert utanom det vanlege, der dei framfører det nye verket "Møte med eiga maske". Kvelden startar med ei innleiing av Gunnstein Akselberg som set stemninga for reisa me skal ut på.

Om verket:
"Møte med eiga maske" tek utgangspunkt i bilete av Lars Gunnar Polden og utforskar tema som personleg og felles identitet, indre og ytre konfliktar, og søkinga etter meining i ei kompleks verd. Gjennom musikk, lyrikk og visuelle innslag vert du tatt med på ei reise som kryssar grensene mellom klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Verket ber preg av inspirasjon frå både spanske malarideal og afrikansk kultur, og gjev rom for refleksjon over livet og vår plass i verda.

Medverkande:

Reidun Horvei: song og resitasjon
Inger-Kristine Riber: piano, tekst og musikk
Arild B. Nielsen: trompet, bukkehorn og flygelhorn
Lars Gunnar Polden: bilete og opplesing
Jøran Mjelde: film
Gunnstein Akselberg: innleiing

Billett kr. 200 kjøper du på ticketco.no
Arrangør: Kulturfjorden

Bilete er frå framføringa i kyrkja på Voss

Ei flott omtale i "Trollheimsporten"
07/10/2024

Ei flott omtale i "Trollheimsporten"

03/10/2024

"Møte med eiga maske" rullar vidare på turné i oktober. Info finn du på www.onen.studio 🎹🎵🤩🎤🎺

Denne konserten kjem til Skei i Surnadal  tysdag 24.09.24.Lars Gunnar Polden og kona Torun Pedersen Polden vil også vera...
20/09/2024

Denne konserten kjem til Skei i Surnadal tysdag 24.09.24.
Lars Gunnar Polden og kona Torun Pedersen Polden vil også vera til stades der, og gler seg til ei oppleving utanom det vanlege, som har fått mykje gode tilbakemeldingar

Tusen takk til alle som kom i Vangskyrkja i kveld for å oppleve «Møte med eiga maske». Det var ei stor glede å kunne dele dette med dykk alle, og me set stor pris på støtta og engasjementet frå publikum. Ekstra takk til Gunnstein Akselberg for ei glimrande innleiing og ikkje minst Eivind som kontrollerte spakene i kveld. Me ser fram til dei neste stoppa på turnéen vår!

08/09/2024

Adresse

Osavegen 963
Ulvik
5730

Åpningstider

Mandag 10:00 - 17:00
Tirsdag 10:00 - 17:00
Onsdag 10:00 - 17:00
Torsdag 10:00 - 17:00
Fredag 10:00 - 17:00
Lørdag 10:00 - 17:00
Søndag 10:00 - 17:00

Telefon

+4748129669

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hjadlane Galleri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Hjadlane Galleri:

Del