Ullinsvin

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Ullinsvin Sumarkafe i Ullinsvin! Med utsikt over Vågåmo, blant gamle hus, blomar og mykje historie tilbyr vi i sumar nokre fantastiske konsertar og servering!

Ullinsvin - kunstgalleri med samtidskunst, historiske utstillingar, Cafè Edvard, prestegardshage, historiske bygningar, galleributikk, husflid og handverk, lokalmatutsal. Kaffe, varme & kalde retter, øl & vinrett mm.

22/08/2026

Gå ikkje glipp av korkonserten i Galleri Ullinsvin søndag 23. august kl 19🎶❤️

Sommaren er på hell, og vi går inn i 3 hektiske (og artige!) veker med mykje skulebesøk og gruppebesøk på kvardagane. Sa...
17/08/2026

Sommaren er på hell, og vi går inn i 3 hektiske (og artige!) veker med mykje skulebesøk og gruppebesøk på kvardagane. Samstundes reduserer vi opningstida for ordinære besøkande til fredagar, laurdagar og søndagar kl. 11-16.

Om du likevel ynskjer å kome utanom opningstida, ta kontakt på tlf. 99 69 39 21, så ser vi kva vi får til 🙂

Minnar om konsert med Ranglarkampen kamferkor og deira franske vennskapskor Iles en Voix i galleriet søndag 23. august kl 19! Billettsal i døra (200 kr/vaksne, barn opp til 16 år gratis).

Vel møtt til seinsommaren i Ullinsvin 🙂

Gudbrandsdalsmusea
Prestgardshågein - Ullinsvin
Vågå husflidslag
Vågå Historielag

Velkomne på opning av Jøynnhestmonteren i Ullinsvin fredag 14. august kl. 15🚜🚜🚜
13/08/2026

Velkomne på opning av Jøynnhestmonteren i Ullinsvin fredag 14. august kl. 15🚜🚜🚜

Opning av Jøynnhestmonteren
Ullinsvin
Fredag 14. august 2026 kl. 15.00
Jøynnhesten kom til Holbø i 1921 og var den fyrste traktoren i Vågå.
I Ullinsvin ynskjer vi Jøynnhesten velkomen til gards med talar og underhaldning denne dagen.

Velkomen | Ola Andvord Stokstad
Opningstale | Ordførar
Historia om Jøynnhesten | Kåre Simenstad
Jøynnhesten kom til Holbø | Sidsel M. Berg
Song og spel | Thor Holbø m.fl.
Arr: Vågå historielag, Gudbrandsdalsmusea

HELS PÅ SOMMARTILSETTE I ULLINSVIN I ÅR❤️Nina er med oss for andre året på rad! Ho er frå Lalm og studerer bachelor i ku...
09/08/2026

HELS PÅ SOMMARTILSETTE I ULLINSVIN I ÅR❤️

Nina er med oss for andre året på rad! Ho er frå Lalm og studerer bachelor i kunst og design i Volda. Ho skal byrje på tredje året nå til hausten. Du finn ho som regel i galleriet!

Idunn jobbar i Ullinsvin for fjerde året! Ho er vagvær, og det siste året har ho reist til Japan og Spania. Til hausten skal ho byrje på medisin ved UiT i Tromsø. Idunn arbeider både i galleriet og kafeen!

Astrid er med oss for fyrste gong! Ho er vagvær, og det siste året har ho gått på folkehøgskule i Lofoten. Til hausten skal ho til Tromsø for å studere lektor i realfag. Astrid jobbar både i galleriet og kafeen!

Emma er også med oss for fyrste gong! Ho er opprinneleg frå Lillehammer, men har røt i Vågå. Ho studerer grunnskolelærar i Oslo, der ho fordjupar seg i kunst og håndverk. Emma jobbar både i galleriet og kafeen!

Her er ei oversikt over aktivitetane i Ullinsvin for neste veke!
09/08/2026

Her er ei oversikt over aktivitetane i Ullinsvin for neste veke!

05/08/2026

Ta turen til Eldhuset i dag!🌸
Her står Margit og bakar boller og brød fram til 15.
Velkomne!

Spor/Tre - Eit djupdykk inn i bygningsarvenI år er utstillingslokala i Ullinsvin fulle av kunst, og derfor måtte vi på b...
05/08/2026

Spor/Tre - Eit djupdykk inn i bygningsarven

I år er utstillingslokala i Ullinsvin fulle av kunst, og derfor måtte vi på bygda etter meir plass. Utstillinga «Spor/Tre» i regi av Gudbrandsdalsmusea er å finne i lagerbygget bak Kiwi i sentrum av Vågå.

I denne utstillinga kjem ein tett på tradisjonshåndverk og menneska bak. Spor/Tre viser bidrag frå Gudbrandsdalsmuseet sine eiga samlingar, elevar på Hjerleid håndverksskule, elevar på Vågåmo og Heidal skule, kunstnar Gunvor Nervold Antonsen, tømrar Kjetil B. Løkken, Trehuseksperten og filmselskapet Bortelaget. Det heile er ramma inn i tekstar av Alice Gudheim.

Kvar: Kvernvegen 2, 2680 Vågå
Opningstid: 20. juni-16. august: kvar dag 11-17
Frå 17. august-30. august: fredag, laurdag og søndag 11-16
1. september-6. september: kvar dag 11-17

Therese Myran sine verk i stabburet og galleributikken. Med bileta sine utforskar ho ulike medie og materialar som måler...
04/08/2026

Therese Myran sine verk i stabburet og galleributikken. Med bileta sine utforskar ho ulike medie og materialar som måleri, broderi og skulptur. Den frodige fargepaletten og det ekspressive uttrykket er ein signatur i kunstnarskapet hennar.

Bilete 1: «Sukkerkok, 7» 25x19cm (broderi på bomull) - kr 15 000
Bilete 2: «Sukkerkok, 3» 25x19cm (broderi på bomull) - kr 15 000
Bilete 3: «This Pure» 100x120cm (broderi på lerret) - kr 48 000
Bilete 4: «Parkett, 5» 53.4x45.4cm (tyll, silkepapir, goache, pastellkritt på treplate) - kr 13 000

5% kunstavgift kjem i tillegg på bilete over kr 2000.

Vi held ope 11-17 kvar dag!
Utstillinga står til 6. september.
Meir informasjon på vår nettside: ullinsvin.no/utstillingar/

Velkomen!

Anne Kampmann fyller låven med tresnitt, trearbeid, collage og store og små maleri. «Min kunst stiller flere spørsmål en...
03/08/2026

Anne Kampmann fyller låven med tresnitt, trearbeid, collage og store og små maleri.

«Min kunst stiller flere spørsmål enn svar. Når jeg jobber vet jeg aldri selv hvor det fører hen. Fargene eller treskjærejernets snitt i treverket leder meg.

For meg handler det om å prøve å forstå min sorg over naturødeleggelsene, krig og klimaforverring – Vårt sårbare
skjebnefellesskap.

Jeg håper hver og en finner sin historie i bildene.»

Bilete 1: «Forsvinne i lyset» 50x50cm (Olje) - kr 18 000
Bilete 2: «Alv og sau» 65x55cm (Tresnitt) - kr 7 500
Bilete 3: «Lampedusa» 130x170cm (Olje) - kr 80 000
Bilete 4: «To i mørket» 35x35cm (Olje) - kr 9 000
Bilete 5: «Underlig - uendelig» 120x82cm (Tresnitt) - kr 18 000
Bilete 6: «Er du der?» 21x29cm (Gouache) - kr 5 500
Bilete 7: «Fugletrekk» 85x125cm (Tresnitt) - kr 18 000
Bilete 8: «Betenkt» 24x32cm (Gouache) - kr 5 500
Bilete 9: «Sammen være her» 87x248 cm(Tresnitt/collage) - kr 20 000
Bilete 10: «Trygt i favn» 35x35cm (Olje) - kr 9 000

5% kunstavgift kjem i tillegg på bilete over kr 2000.

Vi held ope 11-17 kvar dag!
Utstillinga står til 6. september.
Meir informasjon på vår nettside: ullinsvin.no/utstillingar/

Velkomen!

Adresse

Øvre Nordheradsvegen 4
Vågå
2680

Åpningstider

Lørdag 12:00 - 15:00
Søndag 12:00 - 15:00

Telefon

+4794870689

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Ullinsvin legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Ullinsvin:

Snarveier

Del

Kategori