Astruptunet

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Astruptunet Astruptunet er heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup Ope kvar dag i juli frå 10 til 17 - velkomen!

Berre eit lite utval frå ein innhaldsrik sesong🍀🌼🥳🌞🌧️🖼️Takk til alle besøkande som har vore innom☺️Vi senkar skuldrane n...
05/10/2026

Berre eit lite utval frå ein innhaldsrik sesong🍀🌼🥳🌞🌧️🖼️
Takk til alle besøkande som har vore innom☺️

Vi senkar skuldrane noko no i haustferien, men 2027 er like rundt hjørnet og planane byrjer å ta form. Siste arrangement i tunet for i år vert førjulsope laurdag 14. november🎄

Vi er i mål med Smak frå hagen, og vi klarte nesten å dokumentere det og😅Kjekt å kunne invitere inn til eit bordsete med...
03/10/2026

Vi er i mål med Smak frå hagen, og vi klarte nesten å dokumentere det og😅

Kjekt å kunne invitere inn til eit bordsete med ultralokale råvarer frå vår eigen hage. Dyrka og hausta av våre gartnarar👩‍🌾👩‍🌾

God prat rundt borda og kjekke gjester☺️
Og kva åt dei?

🌱Salviesmør og heimelaga brød
🌱Kål med solbærvinaigrette
🌱Råmarinert knutekål og kålrot
🌱Potetterte med purrelauksmajones
🌱Grilla purrelauk med Snøfrisk
🌱Byggryn kokt med sellerijuice, jordskokk, smørsteikt pastinakk og grønkålchips

🍰Bringebærkrem og marengs
🍰Rabarbra og eplekake
🍰Solbæris

Eit lite tilbakeblikk frå fjorårets Smak frå hagen🌿Menyen tek form, og vi gler oss til laurdag 03. oktober, ein dag med ...
27/09/2026

Eit lite tilbakeblikk frå fjorårets Smak frå hagen🌿
Menyen tek form, og vi gler oss til laurdag 03. oktober, ein dag med matglede og gode historier får kunstnaren sjølv!

Framleis billettar igjen👉https://museumsbillett.no/museum/505/produkt/1780

No haustar vi av kålplantar, nepe og kålrot. Somme av kålplantane tålte å stå ute på vinteren, og var noko Engel og Niko...
22/09/2026

No haustar vi av kålplantar, nepe og kålrot.
Somme av kålplantane tålte å stå ute på vinteren, og var noko Engel og Nikolai kunne hauste inn etter kvart som dei trengde. OM dei fekk stå i fred for ivrige sauer på seinhausten🐑🥦

Vi førebur menyen til Smak frå hagen laurdag 03. oktober, og gler oss til å dele frå årets avling. Meir informasjon og billettar finn de på heimesidene våre (BEGRENSA PLASSAR).

Bilde 5: Kald vår, Sparebankstiftelsen DNB, Kode Kunstmuseer og komponisthjem
📸Dag Fosse / Kode

Sjå kva som har sneke seg inn i museumsbutikken vår📚 Vi ler og kosar oss, og lurer også på kven Engel likte best av Beat...
18/09/2026

Sjå kva som har sneke seg inn i museumsbutikken vår📚 Vi ler og kosar oss, og lurer også på kven Engel likte best av Beatles eller Stones🤔

Haustinga held fram, og for kvart år som går kjem det nokre ekstra epler til på trea våre. 🍎🍏Det er hausta av ulike sort...
15/09/2026

Haustinga held fram, og for kvart år som går kjem det nokre ekstra epler til på trea våre. 🍎🍏

Det er hausta av ulike sortar; frå tre som er poda fram frå eldre frukttre i hagen, og somme sortar som er planta inn med utgangspunkt i Astrup sine plantelister. Haugmann, rosenstrips, flaskeple, Filippa, Fuhr, og raud Sävstadholm med fleire.

Noko skal vi lage saft og eplesylte av, og noko finn ein på bordet under Smak frå hagen laurdag 03. oktober. Her vil vi servere smakar og eit godt og haustleg måltid sett saman av årets avling frå kjøkkenhagen. Meir informasjon og billettar finn de på heimesidene våre🍎🍏

Vi er på veg inn i siste veke for årets sesong😅Det betyr og at det er siste sjanse til å sjå den flotte utstillinga "Ein...
13/09/2026

Vi er på veg inn i siste veke for årets sesong😅
Det betyr og at det er siste sjanse til å sjå den flotte utstillinga "Ein kreativ heim". Fleire av verka som er stilte ut, skal no vidare til Japan for den store Nikolai Astrup turneen som startar i november.

Bli med på ei lita omvising i utstillinga denne veka👉
Omvising i utstilling: Ein kreativ heim onsdag 16. sept. kl. 18.00
Omvising i utstilling: Ein kreativ heim søndag 20. sept kl. 14.00

Pst: Vi har framleis nokre små arrangement på tapetet, men omvising og besøk er kun på bestilling etter v. 38.

Medan våre gode museumsvertar har teke imot grupper dei siste dagane, har Olin og Solveig reist over fjellet til Lilleha...
11/09/2026

Medan våre gode museumsvertar har teke imot grupper dei siste dagane, har Olin og Solveig reist over fjellet til Lillehammer ein tur. Her har dei vore på nettverkssamling for kunstnarheimar, og dei siste to døgna har vore smekkfull av gode folk og inspirasjon.

Sigrid Undset sitt Bjerkebæk og Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson sitt Aulestad, har vore destinasjon og vertskap. Vi fekk òg ein tur innom Lillehammer kunstmuseum.

Diskusjon og tema var sentrert rundt autensitet; kva betyr det eigentleg, og korleis nyttar vi det i formidlinga vår. Gjesteforedrag om William og Jane Morris sitt Red House, fortalde draumen om ein skapande kunstnarheim som ikkje varte evig.

Verkeleg godt påfyll😌

Adresse

Sandalsstrand, Nikolai Astrups Veg 1135
Vassenden I Jølster
6847

Åpningstider

Onsdag 17:00 - 19:00
Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 11:00 - 16:00

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Astruptunet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Astruptunet:

Snarveier

Del

Kategori