Forsvarsmuseet i Vinje

Forsvarsmuseet i Vinje Venelaget for Forsvarsmuseet i Vinje ynskjer å formidle lokal krigshistorie til dei som veks opp nå. Sekondløytnant Thor O.

Hannevig med sine soldatar hadde hovedkvarter i Vinjesvingen desse dramatiske dagane i april og mai 1940. Her var ingen kampar, dei gjekk føre seg ved Jønnbroa og Leirlid bro i Åmot, Liosvingen i Tokke og Urdli mellom Haukelid og Hovden. Ei viktig oppgåve var å forsinke dei tyske styrkane slik at allierte styrkar kunne kome over frå Vestlandet. Men dei norske styrkane overgav seg i Setesdalen og

Odda. Vinjeavdelinga sin stilling var svært prekær. Vegen låg open for fiendtlige angrep frå både Vestlandet, Setesdalen og Telemark. Den 3 mai 1940 kom meldinga at Rjukan overgav seg og at engelskmennane trakk seg ut av Sør Norge. DEN VESLE AVDELINGA PÅ OMLAG 150 SOLDATAR I VINJE VAR DÅ ANTAKELIG DEN EINASTE NORSKE STYRKEN I SØR NORGE SOM FRAMLEIS KJEMPA. Men stillinga var håplaus under desse forholda. Det var derfor under nokså trøsteslause forhold den norske styrken gjorde seg klar for å kjempe mot ein overmektig fiende... (Litt."Vinjesvingen" av Lødrup)
Med desse innlegga på vår FB side ynskjer me å hedre dei som var med å kjempa for vårt land!

Olav Nordstoga sendte dette  flotte foto til oss, tatt ca1910 (årstall usikkert) på Heistadmoen. Fire av dei seks soldat...
23/05/2026

Olav Nordstoga sendte dette flotte foto til oss, tatt ca1910 (årstall usikkert) på Heistadmoen. Fire av dei seks soldatane frå Vinje er fødd i 1887 (grav.no). F.v. Bjørn Vinje, Bjørgulv Kvålen, Ånund Kallåk, Ånund Storstein, Aasmund Nordstoga og Håkon Høgetveit.

Gratulere med dagen Norge🇧🇻🇧🇻🇧🇻!
17/05/2026

Gratulere med dagen Norge🇧🇻🇧🇻🇧🇻!

Det vart ei verdig feiring av frigjerings- og veterandagen 8. mai på Vinjehuset ikveld🇧🇻🇧🇻. Kaptein Olav Aalandslid leia...
08/05/2026

Det vart ei verdig feiring av frigjerings- og veterandagen 8. mai på Vinjehuset ikveld🇧🇻🇧🇻. Kaptein Olav Aalandslid leia kvelden. William Gauslaa framførte flott spel på sin trompet! Veteran frå Libanon Magne Wraa heldt eit interessant foredrag frå Libanon. Det var dekorering av veteran Lønnegraff frå Vrådal og det vart dela ut medalje for tjeneste i Tysklandsbrigaden post mortem til etterkomerar av Hilmar Åmot. Stabssjt.Magnar Andreassen heldt eit interessant foredrag om Operasjon Interflex, Norges bistand til Ukraina. William Gauslaa avslutta med "Ja vi elsker på trompet" 🇧🇻🇧🇻🇧🇻🇧🇻. Ei flott markering!

Ein flott dag for å markere frigjerings- og veterandagen 8.mai 2026🇧🇻🇧🇻🇧🇻Dagen starta med blomsternedlegging ved Forsvar...
08/05/2026

Ein flott dag for å markere frigjerings- og veterandagen 8.mai 2026🇧🇻🇧🇻🇧🇻Dagen starta med blomsternedlegging ved Forsvarsmuseet i Vinje. I Liosvingen kom 7. trinn frå Høydalsmo skule. Me er veldig glade når det kjem skuleklasser og ungdomane frå Høydalsmo var både interesserte og engasjerte.Veldig moro🇧🇻🇧🇻! Etterpå gjekk turen til Mo kyrkje, der vart soldatane Vistad og Lie hedra.Dei gav sine liv for Norge🇧🇻🇧🇻!

Gratulere med dagen🇧🇻🇧🇻!
08/05/2026

Gratulere med dagen🇧🇻🇧🇻!

Den 4. mai 1940 vart ein heftig dag i Vinje. Det kom til kamp mellom Hannevigs soldater og tyske styrker ved Leirlid bro...
04/05/2026

Den 4. mai 1940 vart ein heftig dag i Vinje. Det kom til kamp mellom Hannevigs soldater og tyske styrker ved Leirlid bro i Åmot. Kampen gjekk over fleire timar og fem tyske soldater vart drept. Den einaste nordmannen som falt i Vinje, Håkon Bergan frå Skotfoss gjekk i sivile klede og hadde eit kjøyreoppdrag for Trygve Kielland denne dagen. Når han kom tilbake så var Hyllandsbroa sprengt av Hannevigs soldater. Bergan sprang nedover langs elva for å rekke å kome over Leirlid bro før dei tyske soldatane kom. Han rakk det ikkje og vart skoten bortanfor Leirlid bru. Ingen veit detaljer om kva som skjedde i møte med dei tyske soldatene. Bergan vart funne nokre dagar seinare. Same dagen kom det og til ei treffning ved Urdli, Vamark. Det kom ein tysk patruljebil med ni tyske soldater oppover Setesdalen. Ved Urdli låg sersjant Erik Lie i stilling med sine soldater. Dei opna eld når patruljebilen var kome ganske nærme. Det vart kamp og mange av dei tyske soldatane vart såra. Dei vart tatt til fange og ført ned til Haukeli, der dei såra soldatane vart pleia. Ein av soldatane døde etter nokre timar og vart gravlagd i Haukeli. Alle tyske krigsfangane i Vinje vart ført til Fjellvang i Edland. ("Vinjesvingen" av Lødrup, "Krigsår 1940-45" av O.G. Dale)

Spennande når det kjem inn informasjon som kan hjelpe oss vidare med å finne ut meir om historien. På foto med Ragnhild ...
04/05/2026

Spennande når det kjem inn informasjon som kan hjelpe oss vidare med å finne ut meir om historien. På foto med Ragnhild Fetveit ved sida av den såra soldaten 17. mai 1945, så har me nå fått historien til den tapre mannen. Han var Milorgjeger og navnet hans er Arnholt Hansen frå Oppegård. Hansen vart hardt såra i kamp med Gestapo 4. april 1945. Det førte til at han vart lam. Han kom inn på Røde Korsklinikken i Oslo. Då kan det sjå ut til at Ragnhild Fetveit jobba på Røde Korsklinikken i 1945. Det kan vera grunnen til at ho står ved hans side på slottsplassen 17. mai 1945. Hansen fekk tildela Krigskorset med sverd 3. nov. 1945. Hansen døydde i 1949 pga dei omfattande skadene han fekk i 1945. Takk til Finn Kampestuen-Berntzen som kom med tipset om Milorgjegeren! ( Kjelder Oppegård historielag, våre falne.no, "Milorg D 13 i kamp" 1961)

Om kvelden 3. mai 1940 vart det ein dramatisk kamp i Liosvingen i Tokke mellom soldatane til Hannevig og dei tyske styrk...
03/05/2026

Om kvelden 3. mai 1940 vart det ein dramatisk kamp i Liosvingen i Tokke mellom soldatane til Hannevig og dei tyske styrkane som kom frå Dalen. Fem tyske soldatar falt, den eine vart funne etter ein månad nede i vatnet på Dalen. Alle soldatane vart gravlagd i Eidsborg. Fleire tyske soldatar vart alvorleg såra og dei vart ført til Haugsæl lasarett i Bøgrend, der det var tre norske legar og tre norske sjukepleiarar. Ingen nordmenn vart skadde. ("Vinjesvingen" av Lødrup)

I heftet «Endelig - 30 jubeldøgn av Norges historie» frå 1945 oppdaga Olav Nordstoga eit foto av RAGNHILD FETVEIT (1910 ...
02/05/2026

I heftet «Endelig - 30 jubeldøgn av Norges historie» frå 1945 oppdaga Olav Nordstoga eit foto av RAGNHILD FETVEIT (1910 - 2009) frå BØGREND. Det er eit flott foto der sjukepleiaren står og passar på ein såra soldat, som ligg å vinkar med det norske flagget 17. mai 1945. Ragnhild jobba nok i Oslo på denne tida, men me har ikkje klart å dokumentert kva ho jobba med under krigen. Er det nokon som har informasjon om uniformen Ragnhild Fetveit brukar? Men veit at ho jobba på forskjellige institusjonar. Draumen hennar var å bli sjukepleiar, men måtte avbryte utdanninga fordi ho vart sjuk. Ho tok meir utdanning etter krigen, jobba og i England ein periode. Mogleg at ho vart sjukepleiar seinare. Er det nokon som har informasjon om kva Ragnhild Fetveit jobba med under krigen, så er me takknemlege for opplysningar. (Kjelder: «Eit lettare liv» Vinje historielag 2023, «Endelig» Jacob Dybwads forlag, Arne Åkre, Olav Nordstoga og Bjørn Fetveit)

Adresse

Vinjevegen 133
Vinje
3890

Åpningstider

00:01 - 00:02

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Forsvarsmuseet i Vinje legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del