Vinjesenteret

Vinjesenteret Vinjesenteret for dikting og journalistikk. Kvar haust arrangerer me Litteraturdagane

Ledig stilling👋Har du interesse for, eller erfaring med kulturformidling? Vinjesenteret ser etter omvisarar til ein ny s...
30/03/2026

Ledig stilling👋
Har du interesse for, eller erfaring med kulturformidling? Vinjesenteret ser etter omvisarar til ein ny sumarsesong i utstillinga vår, i Vinjestoga og på diktarheimen Midtbø. ER dette noko for deg? Kanskje er du student og ynskjer relevant arbeidserfaring? Send oss ein søknad!

Ledig stilling ved Vinjesenteret, VinjeEr du vår nye omvisar?Har du interesse for, eller erfaring med kulturformidling? Vinjesenteret ser etter omvisarar til ein ny sumarsesong i utstillinga vår, i Vinjestoga og på Midtbø i Vinje i Telemark. Kanskje er du student og ynskjer relevant arbeidserfar...

Arrangement med Jan Rabben i dag kl. 18 på Vinjesenteret 🐥 Kva kan du om fuglar og dyr uttafor vindauga?
25/03/2026

Arrangement med Jan Rabben i dag kl. 18 på Vinjesenteret 🐥 Kva kan du om fuglar og dyr uttafor vindauga?

Til lukke med kvinnedagen✊🌼I år er det 100 år sidan Marie Takvam (1926-2008) blei fødd på Skylstad i Hjørundfjorden.Mari...
08/03/2026

Til lukke med kvinnedagen✊🌼
I år er det 100 år sidan Marie Takvam (1926-2008) blei fødd på Skylstad i Hjørundfjorden.
Marie Takvam var ein norsk forfattar av dikt, romanar og skodespel. I 1950- og 1960-åra var ho også ei populær stemme i barnetimen på radio, og ikkje minst ein offentleg meiningsytrar som forsvarte dei svakaste og utstøytte i samfunnet.

Få også med deg markeringa av kvinnedagen med Marte Østmoe, i kveld kl 18.00 i biblioteket på Vinjesenteret🙌

Anne-Lise Frøland er tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2025 for romanen «Tynne rivner av lys»! Forlaget skriv: «Ty...
06/03/2026

Anne-Lise Frøland er tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2025 for romanen «Tynne rivner av lys»!

Forlaget skriv: «Tynne rivner av lys er ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder, og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer.»
Me gratulerer 🧡

Eit utval bøker frå butikken er på sal!❗️📆Ope 12.00–17.00 i morgon!
20/02/2026

Eit utval bøker frå butikken er på sal!❗️
📆Ope 12.00–17.00 i morgon!

Til lukke med den samiske nasjonaldagen! 🤩
06/02/2026

Til lukke med den samiske nasjonaldagen! 🤩

❤️ Læhkoeh biejjine!
💚 Vuorbbe biejvijn!
💛 Lihkku beivviin!
💙 Til lukke med dagen!
6. februar er den samiske nasjonaldagen! I dag feirar vi samisk historie, språk og kultur!

Les meir om samar, samisk og den samiske nasjonaldagen på SNL: https://snl.no/samer

Vinjerevla er i gang att!🪡🧵Vinjerevla er eit broderiprosjekt i samarbeid med Vinje handverkslag, der kven som helst kan ...
04/02/2026

Vinjerevla er i gang att!🪡🧵
Vinjerevla er eit broderiprosjekt i samarbeid med Vinje handverkslag, der kven som helst kan vere med å brodere en 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Vinjerevla finn du i etasjen under Vinjesenteret, der frivillige frå Vinje handverkslag vil rettleie deg i broderinga. Saumen er så enkel at alle kan bli med!

📆Ope kvar onsdag i februar, mars og april frå kl. 11.00–15.00

Foto: Gudrun Semons

Adresse

Vinjevegen 1441
Vinjesvingen
3890

Åpningstider

12:00 - 15:00

Telefon

+4770047570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vinjesenteret legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Vinjesenteret:

Del

Type