08/05/2026
Lite visste vi kva som skjulte seg i denne gamle margarineska.
Gøymd bort på Anders Svor-museet fann vi ei eske full av gamle glasnegativ som viser skulpturane til Svor – og det vi trur kan vere referansefoto til nokre av skulpturane hans.
Eit glasnegativ er ein tidleg fotografisk metode der motivet er eksponert på ei glasplate belagd med lyskjensleg materiale. Metoden vart hovudsakleg brukt frå 1850-åra og fram til rundt 1950.
Platene er svært skjøre og krev varsam handtering og oppbevaring.
Med varlege hender har vi derfor pakka dei inn i spesialpapir for konservering.
Denne skjøre skatten er no trygt bevart 💚