Voss Folkemuseum

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt museet

Voss Folkemuseum Besøk Mølstertunet, eit eineståande døme på byggeskikk og levevis i eldre tid. Ny fast utstilling !

I samarbeid med Voss frivilligsentral:Historisk vandring på Vangen. 30.juli kl. 14:00 - 15:30. Oppmøtestad: Jernbanestas...
27/07/2026

I samarbeid med Voss frivilligsentral:
Historisk vandring på Vangen. 30.juli kl. 14:00 - 15:30. Oppmøtestad: Jernbanestasjonen, oppe ved gondolbygget. Inga påmelding.
Vert med på ei vandring på Vangen, saman med Eirik Helleve.
Han fortel mellom anna om korleis Vangen voks fram som ein liten tettstad, og om utvalde personar og viktige hendingar som har sett sitt preg på bygda.

Turen går i svært roleg tempo og passar for alle.

Helleve er styrar ved Voss Folkemuseum og var i 2021 redaktør for boka Vandringar på Vangen.
Velkomen til ei interessant og sosial vandring i lokalhistoria!

Foto: Nasjonalbiblioteket, Axel Lindahl, 1884

Gå ikkje glipp av siste bakstedag med Voss bygdekvinnelag i morgon 24. juli. Denne fredagen bakar dei krotakaker. Spelem...
23/07/2026

Gå ikkje glipp av siste bakstedag med Voss bygdekvinnelag i morgon 24. juli. Denne fredagen bakar dei krotakaker.
Spelemann Martin Haug bidreg til stemning på tunet
Foto frå førre fredag av Kjell Herheim.

21/07/2026

Bualoftet var stasrommet på garden. Her var kledekister med finaste klesplagga, her gøymde dei sylvsaker og pengar. Her var òg soveplass med tre veggfaste senger. Kom det gjester til gards, laut dei vera med opp i loftet for å sjå det som var der. Når det var bryllaup, vart loftet brukt til brurekammers,der dei pynta brura.

Heldige oss som får ha Martin Gjeraker Haug på hardingfele som held konsertar vekedagar kl.12:30, 13:30 og 14:30 i heile...
13/07/2026

Heldige oss som får ha Martin Gjeraker Haug på hardingfele som held konsertar vekedagar kl.12:30, 13:30 og 14:30 i heile juli. Kvar konsert varar kring 20 minutt og er inkludert i museumsbilletten. Kom og høyr!

Traditonal Folk Music. Solo concerts at Voss folkmuseum in July. Monday to Friday, 12:30, 13:30 and 14:30. Every concert last about 20 minutes and is included in the museum ticket.


Foto: Kjell Herheim/Voss folkemuseum

08/07/2026

Mølstertunet. Bualoftet til Arnfinn og familien.Her er kister,rokk, vev,åkle på veggen og tre veggfaste senger. Før sto her tre gamle senger som no er på Norsk folkemuseum.

01/07/2026

Frå i dag og alle vekedagar i juli kan du treffa denne unge felespelaren på Voss folkemuseum. Martin Gjeraker Haug held konsertar på hardingfele måndag- fredag kl.12.30. 13.30 . 14.30 på Mølstertunet. Kvar konsert varar kring 20 minutt og er inkludert i museumsbilletten.

Siste sommaren med utstillinga Frå skog til drake! Her kan du sjå verktøy som vart brukte til å setje opp stover i tun t...
23/06/2026

Siste sommaren med utstillinga Frå skog til drake! Her kan du sjå verktøy som vart brukte til å setje opp stover i tun til å lage tønner og hjul, møblar og utskjeringar. Kring 200 verktøy frå dei rike samlingane ved museet er utstilte. Ope alle dagar frå 10-17.

Gjennom utvalde gjenstandar frå Voss folkemuseum sine samlingar, syner «Frå skog til drake» korleis eit

Det er sommar på Mølster. Fram til 31. august har me ope alle dagar frå 10 til 5.  Dei flinke sommarguidane byrjar kome ...
01/06/2026

Det er sommar på Mølster. Fram til 31. august har me ope alle dagar frå 10 til 5. Dei flinke sommarguidane byrjar kome på plass og tilbyr omvisingar kvar heile time.

I juli kjem bakstekånene frå Voss bygdekvinnelag attende og det vert konsertar med unge musikarar i tunet utover sommaren. I festsalen står verktøyutstillinga "Frå skog til drake" der du kan sjå kring 200 eldre verktøy frå gardar på Voss. Is, brus og kaffi får du kjøpt i kafeen. Velkommen opp til oss!
Foto: Kjell Herheim
https://vossfolkemuseum.no/program/

Adresse

Mølstervegen 143
Vossavangen
5705VOSS

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 12:00 - 15:00
Søndag 12:00 - 15:00

Telefon

+4747479794

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Voss Folkemuseum legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Museet

Send en melding til Voss Folkemuseum:

Snarveier

Del

Kategori