12/08/2026
Hjarteleg velkomen til utstillingsopning laurdag 29.august i Voss kulturhus.
kl. 13.00: Opning
Kl. 14.00: Performance med PAB Open Session
Opningstider i perioden:
Torsdagar kl.16 – 18
Fredagar kl. 14 – 16
Laurdag kl. 11 -14
Utstillinga Det stille, tilbakevendande samlar tre kunstnarskap som arbeider i skjæringspunktet mellom performance, skulptur og materialbasert kunst. Med kroppen som reiskap og materiale som medforteljar, vert tid synleg. Materiale vert flytta, omforma, brote ned og sett saman att.
Verka strekkjer seg frå det taktile og sårbare til det åndelige og poetiske, og er ei utforsking av det som fins mellom det som varer og det som forsvinn. Tekstil, blåskjel, papir, lyd og kropp er medspelarar i prosessar der transformasjon er den viktigaste drivkrafta. Utstillinga opnar for ei sansing av materiale som noko meir enn ein ressurs, som noko vi lever med, påverkar og sjølve blir forma av.
Performance er ein sentral del av prosjektet. På opningsdagen vert utstillinga aktivert gjennom eit samarbeid med PAB Open Session, eit initiativ frå Performance Art Bergen. Frå kl. 14.00 vil dei tre kunstnarane, saman med inviterte kunstnarar frå PAB, gjennomføre performancar utanfor Voss Kulturhus, som utvidar samtalen om kropp, materialitet og endring. Les meir om utstillinga og kunstnarane på www.vosskunstlag.no