Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum Opplev kulturarven og dagleglivet frå dei indre sunnfjordbygdene frå 1500 til i dag. Sunnfjord Museum ligg i Movika like aust for Førde sentrum. Velkomen!

Gå tur på kulturhistoriske stiar, bli med på omvising og ta del i lærerike aktivitetar. Vi har ope heile året og tilbyr omvisingar i friluftsmuseet, der vi syner korleis livet var på ein gard og ein husmannsplass i Sunnfjord kring midten av 1800-talet. På museet kan du sjå utstillingar, besøke urtehagen eller ta deg ein pause på sitjeplassane ved det idylliske Movatnet. På kulturstiane Mostien og dyreløypa blir du kjend med lokal natur- og kulturhistorie.

Sommaren er i gong på Sunnfjord Museum! Følg med her og på heimesida vår for detaljerte opplysningar om komande program.
03/06/2026

Sommaren er i gong på Sunnfjord Museum! Følg med her og på heimesida vår for detaljerte opplysningar om komande program.

I dag er det sesongopning på Sunnfjord Museum! Museet er opent kl. 12–17.Bli med på å:-utforske den nye aktivitetsutstil...
31/05/2026

I dag er det sesongopning på Sunnfjord Museum! Museet er opent kl. 12–17.
Bli med på å:

-utforske den nye aktivitetsutstillinga i Movika landhandel
-få omvising kl. 13 og 15.30 i Løsetloftet med handverkarane Stig og Knut Arve
-møte årets geiter og vere med på namnedåp kl. 14.30
-spikke seljefløyter frå kl. 12–15 i det nye aktivitetsrommet i Skomakarverkstaden
-nyte blomane og lære om nytteplantar i Urtehagen
-fordjupe deg i museumshistorie i jubileumsutstillinga

Det er noko for alle på Sunnfjord Museum i dag! Vi håpar å sjå deg. 😊

Hei, vi er tre kje som endå ikkje har fått noko navn. Kom innom museet og hels på oss då vel. Du kan legge noko friskt i...
27/05/2026

Hei, vi er tre kje som endå ikkje har fått noko navn. Kom innom museet og hels på oss då vel. Du kan legge noko friskt i ete vårt og skrive dine navneforslag i permen som ligg i postkassa på bildet.

Det blir trekning av navn på sesongopninga Søndag 31. mai

Då har årets museumsgeiter komt til Sunnfjord Museum! Dei treng gode namn, og i år som tidlegare håpar vi at du kan komm...
19/05/2026

Då har årets museumsgeiter komt til Sunnfjord Museum! Dei treng gode namn, og i år som tidlegare håpar vi at du kan komme med gode namneforslag.

Vi legg skjema til utfylling i postkassa ved sida av beita til geitene, der du kan komme med dine forslag, og så har vi formell trekning av namn på sesongopninga 31. mai.

Det passa akkurat å få besøk av ei gruppe tekstilinteresserte frå Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah, Iowa, ...
18/05/2026

Det passa akkurat å få besøk av ei gruppe tekstilinteresserte frå Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah, Iowa, i dag – på Verdas museumsdag!

Verdas museumsdag vart etablert av ICOM (International Council of Museums) i 1977 og feirar den viktige rolla museum spelar i mangfaldige samfunn, både lokalt og globalt. Temaet for 2026 er «Museums Uniting a Divided World» og set søkjelys på potensialet museum har som brubyggjarar og som fremjarar av kulturell forståing og inkludering.

Gruppa frå Vesterheim fekk høve til å undersøkje smettåkle som del av temareisa si, som handlar om vevtradisjonar. Dei møtte opp på Tinghuset i Angedalen for å sjå gjenstandar frå samlinga. Etterpå besøkte dei Sunnfjord Museum for å sjå smettåkle og andre tekstilar i historisk kontekst i utstillingshusa. Vi takkar for besøket, og sender ei varm helsing til museumsvenner verda over!

I dag 8. mai markerar vi slutten på okkupasjonen. Men frigjeringa gav ikkje slutt på rasjonering og matauk.   Vi har tid...
08/05/2026

I dag 8. mai markerar vi slutten på okkupasjonen. Men frigjeringa gav ikkje slutt på rasjonering og matauk. Vi har tidlegare skrive om rasjoneringa av sko og klede som varte heilt fram til 1953. Mykje gods var vanskelig å få tak i globalt, men og varer som Noreg eigentleg skulle vore sjølvforsynte med var det for lite av. Matvarer som kjøtt, egg og melk var rasjonert heilt fram til 1949, og sjølv med rasjonering kunne det være manko på desse produkta.

Som vi ser i dette brevet, frå Norske Meieriers Salgssentral til krambua til Hans L. Systad, i Hyllestad, kunne det være vanskeleg å få tak i brunost.

31. mai opnar vi landhandel-utstilling på museet. Her kan du mellom anna få sjå fleire brev og kvitteringar frå krambua i Hyllestad, frå etterkrigstida.

Adresse

Jølstravegen 107
Førde
6819

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00

Telefon

+4757721220

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnfjord Museum legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Museet

Send en melding til Sunnfjord Museum:

Del